Annonse
Oppfattinga er slik, sørpå, at stortingsfleirtalet må fortelle og bestemme kva som er godt for oss. Med andre ord: Klassisk kolonialisme. Det er tid for protest! skriver Nils Aarsæther. Foto: Tom Benjaminsen

Det er tid for protest mot ei regjering som svekker Nord-Norge!

I denne situasjonen, med ein landsdel som gjennom ei vellykka omstilling har snudd befolkningsnedgang til vekst, går den blåblå regjeringa i gang med å snu alt på hovudet: Nord-Norge er, etter regjeringa sitt syn, feil skrudd saman.

Valget i september gav tydelig beskjed: Folk i Nord-Norge var misfornøyde (for å seie det mildt) med regjeringa sin politikk. Opposisjonspartia (SP; SV; AP; R og MDG) oppnådde eit klart fleirtal blant velgarane: 59% i Finnmark, 57% i Nordland og 54 % i Troms. Forsvarspolitikk, politireform, fiskeripolitikk, kommune- og regionreform var dei sakene som mobiliserte folk i nord.

Det har gått bra i Nord-Norge, særleg dei siste ti åra. Befolkningsstatistikken taler sitt tydelege språk: Ein langvarig nedgangsperiode, særleg i Nordland og Finnmark, tok slutt i 2009. Og det er ikkje berre dei største byane i landsdelen som har hatt vekst: Dei siste ti åra har ei rekkje småkommunar (som Hasvik og Gamvik) enten snudd nedgangstrenden, eller stabilisert befolkningsutviklinga, gjennom vellykka næringsutvikling og rekruttering og integrering av innflyttarar frå utlandet. Nedgangen i både Finnmark og Nordland er snudd til (varsam) vekst. Slikt skaper optimisme.

Snuoperasjonen som starta i 2009 har skjedd i ein landsdel delt i tre fylker, med både bykommunar g kommunar som strevar med å overleve. Omstillinga har vore sterkast i dei små og mellomstore kommunane, med store investeringar i fiske, oppdrett, petroleum og reiseliv. Samtidig har offentleg sektor blitt bygd ut, med betre infrastruktur og nett-tilgang, satsing på helse og omsorg, kunnskap og kultur over heile linja. Tenk berre på kva det har å seie for bosettinga at alle kommunar i løpet av dei siste tiåra har fått på plass kulturskoletilbod og idrettshallar!

I denne situasjonen, med ein landsdel som gjennom ei vellykka omstilling har snudd befolkningsnedgang til vekst, går den blåblå regjeringa i gang med å snu alt på hovudet: Nord-Norge er, etter regjeringa sitt syn, feil skrudd saman. Tiltaka frå regjeringa si side (støtta av V og KrF) kan muligens vere velmeinte, men vil med stor sannsynlighet bidra til å svekke Nord-Norge.

I suveren forakt for kunnskap (for eksempel det vi veit om små kommunar sine ytingar, og ved tilsidesetting av elementær forsvarstenking) pressar regjeringa på landsdelen ein kommunestruktur som ikkje er tilpassa terrenget, ein fiskeripolitikk til gagn for kvotebaronar, ei de facto nedlegging av Finnmark som politisk region, høgskolefusjonar som gjer UiT til landets mest tungdrevne universitet, flytting av statlege arbeidsplassar (NAV) frå sårbare småkommunar, svekking av landforsvaret (helikopter)  og ei fullstendig meiningslaus flytting av overvakingsfly frå Andøya til Evenes.

Alle desse tiltaka har skjedd ut fra den forutsetninga at folk i nord, som er nær på problema, likevel ikkje har skjønt verken situasjonen eller vårt eige beste. Oppfattinga er slik, sørpå, at stortingsfleirtalet må fortelle og bestemme kva som er godt for oss. Med andre ord: Klassisk kolonialisme.

Det er tid for protest. Derfor er det mange av oss som opplever fylkesordførar Ragnhild Vassvik sin stille protest mot nedlegginga av Finnmark sitt regionale sjølstyre som eit viktig signal om motstand – både mot Oslo-makta og Oslo-makta sine regionale medløparar. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse