Annonse
«Dersom den private aktiviteten skulle gå ned, noko vi no ser antydningar til no, må kommunen vere klar til å gå inn i marknaden», skriv SVs ordførerkandidat Pål Julius Skogholt. Foto: Bengt Nielsen

Ein bustadpolitikk for dei mange – ikkje for dei få

Tromsø er i dag ein av dei kommunane i landet der flest leiger bustad. Eg meiner at kommunen skal legge til rette for at så mange som mogleg skal kunne eige sin eigen bustad.

Det kan godt tenkast at det kan vere fornuftig å finne ein annan plass for friidrettsarenaen på Valhall, men då må formålet vere å skape eit betre tilbod for friidretten, og å bygge for dei mange – ikkje for dei få. Målet kan ikkje vere å tette hol i kommunekassa.

I onsdagens Nordlys er Tone Angell Jensen inne på eit svært viktig tema: Korleis sørger vi for at folk har råd til å bu i byen vår?

Les Angell Jensens kommentar: Tromsø - negativ folkevekst og skyhøye boligpriser

Situasjonen er ganske ille. Den nasjonale sjukepleierindeksen, som måler kor stor andel av leilegheiter og hus i ein kommune som ein nyutdanna sjukepleier har råd til, viser at berre det sentrale austlandsområdet er vanskelegare enn Tromsø. Det må vi få gjort noko med.

Dei siste åra har det vore bygd enormt med leilegheiter i Tromsø. I snitt har det blitt bygd 769 hus og leilegheiter i året dei siste fire åra. Den store aktiviteten har vore heilt naudsynt fordi det vart bygd svært lite dei fire åra før det. Men denne store aktiviteten har ført til at kostnadane med å bygge har auka. Og mykje av det som er blitt bygd har vore dyrt å kjøpe.

Den same aktiviteten har gjort til at entreprenørane har hatt fulle bøker og det har ikkje vore enkelt for kommunen å gå inn å bygge alternativt. Dersom den private aktiviteten skulle gå ned, noko vi no ser antydningar til no, må kommunen vere klar til å gå inn i marknaden. Då meiner eg framleis at det vil vere ein god ide for kommunen å låne opp og bygge rimelege leilegheiter. Nokre kan seljast direkte i marknaden, men ein stor del bør bli tilgjengeleg under konseptet leige-til-eige. Det vil opne opp marknaden for unge og nyetablerte i Tromsø som i dag slit med å komme seg inn i bustadmarknaden.

Tromsø er i dag ein av dei kommunane i landet der flest leiger bustad. Eg meiner at kommunen skal legge til rette for at så mange som mogleg skal kunne eige sin eigen bustad. Det ville gjort jobben vår i kommunen om husbanken sine rammer til startlån og generelt hadde blitt romslegare. Det er eit ansvar regjering og storting må ta.

Arnestedet vil vere kommunen sitt viktigaste reiskap for å utføre denne politikken. Det er eit heileigd kommunalt aksjeselskap som utviklar kommunen sine tomter. Kommune si bestilling til dette selskapet må bli enno tydelegare. Dei skal bygge gode, men rimelege bustader som passar for nyetablerarar og unge familiar. Kanskje treng ikkje alt å vere av aller høgaste standard, men slikt som kan oppgraderast i takt med familieøkonomien. Kommunen må på si side sørge for at Arnestedet får tilgang på tomter å bygge på.

Med dette målet om rimelege bustader i mente er eg skeptisk til dei høgtflygande planane for Valhall som har blitt lagt fram av fleire. Kommunen kan ikkje ha ein rolle med å bygge dyre og eksklusive bustader for å sikre inntektar til kommunekassa. Det kan godt tenkast at det kan vere fornuftig å finne ein annan plass for friidrettsarenaen på Valhall, men då må formålet vere å skape eit betre tilbod for friidretten, og å bygge for dei mange – ikkje for dei få. Målet kan ikkje vere å tette hol i kommunekassa.

Noko av utfordringa i dag er at bustad er eit spekulasjonsobjekt. Folk kjøper leilegheiter og hus, ikkje for å bu i dei, men for å tene pengar. Anten gjennom normal utleige eller AirBnB. Det er med på å presse prisane for dei som treng tak over hovudet. Men det bind og opp kapital som kunne vore brukt til meir produktive investeringar i næringsliv og arbeidsplassar.

Kommunen må vere klar til å handle når marknaden sviktar folk.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse