Annonse
Kvifor set regjeringa saman ein kommisjon med heile 16 medlemmer, når denne kommisjonen opplagt ikkje speglar ulike interesser og argument? spør lagdommer Per J. Jordal i dette innlegget. (Foto fra Wikipedia / Andres Haldorsen)

Ein kommisjon av likesinna?

Var det viktigare å sikra 16 «reformorienterte» medlemmer enn å syta for at ulike argument vart brynt mot kvarandre i kommisjonen?

Domstolkommisjonen har hausta massiv kritikk for sitt forslag om å nedleggja 38 av 60 tingrettar. Ingen i kommisjonen var imot det radikale forslaget. Korleis kan ein kommisjonen med heile 16 medlemmer vera utan motstemmer i eit slikt spørsmål? I Noreg?

Avvika mellom Domstolkommisjonen og ein tradisjonell kommisjon er mange. Regjeringa stod sjølv for det første avviket. Først gav regjeringa eit mandat i 2017 der kommisjonen på vanlege måte skulle sjå struktur og oppgåver i samanheng. Året etter, i 2018, gav regjeringa kontraordre. No skulle kommisjonen først gje ei delutgreiing om struktur – og berre struktur. Denne delutgreiinga kom no i oktober. Til neste haust skal kommisjonen meina noko om oppgåver. Eg trur ingen, heller ikkje i kommisjonen, finn logikk i denne rekkefølgja. 

Regjeringa stod òg for det neste avviket, sjølve samansetjinga av kommisjonen. 15 personar vart utnemnde. Det vart av fleire påpeikt manglande representasjon frå dei små- og mellomstore domstolane. For å imøtekoma dette vart sorenskrivaren i Sunnmøre tingrett supplert inn som medlem. Ingen frå dei små tingrettane oppfatta ho som deira representant. Dei små tingrettane hadde føreslege 39 andre kandidatar til kommisjonen (Klassekampen 1.11). Ingen av desse vart utnemnde. Kanskje kandidatane ikkje hadde «demonstrert evne og vilje til å tenke nytt og være reformorientert»? For det var slike kandidatar styreleiar Bård Tønder i Domstoladministrasjonen (DA) i brev til departementet meinte burde utnemnast. (Klassekampen 2.11). Styreleiar Tønder seier i same avisa at det eigentleg var helt unødvendig å skriva dette, då det etter hans syn gjev seg sjølv. Nei, dette gjev seg ikkje sjølv. Det som burde gje seg sjølv, er at medlemmene av ein breit samansett kommisjonen skal vera sjølvstendig, tenkande menneske som representer ulike syn og interesser. Dei skal ha integritet. Å stilla krav om at dei i tillegg skal vera «reformorienterte», synest paradoksalt. Viss Tønder fann skiljet mellom «reformorienterte» og andre kandidatar relevant, burde han understreka at båe kategoriar trengs i ein kommisjon, ikkje berre den eine. 

Det burde òg seia seg sjølv at ein slik kommisjon ikkje skal ha øvste administrative leiar for fagdirektoratet i kommisjonen. Men han vart det funne plass til. At direktøren for DA, Sven Marius Urke, har site i kommisjonen, svekkar kommisjonen. Ikkje fordi Urke ikkje veit kva han driv med, men nettopp av di han gjer det. Mange av oss har trudd at eit av poenga med ein kommisjon er at denne skal ha kritisk avstand til fagdirektoratet, i dette tilfelle DA, og deira premissar og agenda. Her har det motsette skjedd. At Urke i tillegg fekk med seg medlemmer som var like «reformorientert» som han sjølv, er det ikkje tvil om. Eit samla utval, inkludert sorenskrivaren i Sunnmøre tingrett, gjekk inn for massenedleggjing av tingrettar. Urke og fleirtalet ville leggja ned 38 av 60. Carl I. Hagen og ein professor i statsvitskap frå Oslo tok dissens. Dei ville nedleggja 90 % av tingrettane. Standpunktet om nedleggjing tok kommisjonen utan å bruka nemnande tid på å snakka med dei det galdt. Berre 2 av dei 38 nemnde tingrettane fekk besøk. Den massive motstanden i ettertid mot kommisjonen si tilråding syner omfanget av motstemmer. Men desse stemmene var på utsida av kommisjonen, ikkje innsida. 

Og då er vi framme ved det store spørsmålet. Kvifor set regjeringa saman ein kommisjon med heile 16 medlemmer, når denne kommisjonen opplagt ikkje speglar ulike interesser og argument? Var det viktigare å sikra 16 «reformorienterte» medlemmer enn å syta for at ulike argument vart brynt mot kvarandre i kommisjonen? Var det viktig å unngå forstyrrande stemmer? Og kva kvalitet kjem det ut av slikt? Den djupe ironien er at dette skjer i ein kommisjonen som skal fortelja oss noko om domstolane. Kjernen i domstolane si verksemd er trua på kontradiksjon – at interesser og argument vert stilt opp mot kvarandre – og at kontradiksjon opplyser saka best. Skal offentlege utgreiingar i framtida følgja standarden til  Domstolkommisjonen, så vert både avgjerdsgrunnlaga til politikarane og tilliten til prosessane svekka. 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse