Lásságámmi: Nils Aslak Valkeapàà fikk ei tomt ved sjøen i Skibotn som 50-årsgave fra Storfjord kommune og bygde et hus etter egne tegninger - Lásságámmi. På bildet av huset sitter Willy Ørnebakk, tidligere leder av stiftelsen som som eier huset og forvalter rettighetene til Valkeapààs verker. Stiftelsen ble etablert i 2004 og eies av Sametinget i Norge, Storfjord kommune, Troms fylkeskommune og Universitetet i Tromsø. Foto: NRK og Nordlys/Bjørn H. Larssen

Ein ukjent Valkeapää

Fredag 23. mars er det 75 år sidan Nils-Aslak Valkeapää blei fødd. Heimen han fekk bygd mellom land og vatn ber spor av ein arkitekt.

Forskar Harald Gaski har med rette hevda at Valkeapää tenkte som øko-filosof av di han strengt kobla saman menneske og natur.

I Almanakk for Norge 2018 er Nils-Aslak Valkeapää minna. Mykje er skrive om multikunstnaren, og meir kjem nok fram. Før han døydde i 2001, fekk han reist sin eigen heim, Lásságámmi, på svaberget nær bylgjene frå Storfjorden. Om du stopper utafor huset, kan du kanskje høyre blåstrupen syngja. Bygget er ein heim, eit atelier og spor av ein arkitekt. Kanskje var han inspirert av kjende finske arkitektar, ikkje minst meisteren Alvar Aalto (1898-1976). Blant dei bygningane som Aalto hadde teikna, ruva Biblioteket i Rovaniemi høgt. Det gjorde også Nordens Hus i Reykjavik, også ferdigstilt i 1968. Det lesande mennesket og artisten kjente bygningane.

Lásságámmi er eit uttrykk for sanseleg arkitektur, og ber preg av såvel lavvoen som gammen. Den enkle lavvoen står stødig i mot vind og vær, med eit strengt interiør. Ei bygning forma som ein A står sterkere enn ein H. Ein gamme forma som ein ellipse bygd av jord, torv og gras, går i eitt med menneske som bur der. Huset ved den vakre Storfjorden er som eit møte med mennesket. Arkitekturen i Valkeapää-huset kan lesas som menneskelege situasjonar. Arkitekturen er eksistensiell, og den skal skape ramme og rom for livet. Juhani Pallasmaa (f. 1936), sterkt påverka av Aalto, ville at arkitekturen skulle bane veg for “empati og indlevelse i hvad det vil si at bo” (frå boka Arkitekturen og sanserne, Arkitektens forlag 2014). I Pallasmaa sin filosofi er grimme bygg og store kjøpesentra ikkje berre øydeleggjande for landskapet, men også for noko i mennesket. Verda er full av døme på golde glass- og betongkolossar som medverkar til å drepe gleda. Den franske filosofen Merleau-Ponty hevda at å sjå er å røra. Kjenslene vert påverka av synet. Utsikta frå bygget ved Storfjorden fortel om det storslagne og vakre. Samstundes er det ein heim for kvile og ro, leik og arbeid. Dørhandtaket er handtrykket til bygget, og det kan vera innbydande og høfleg, men også avvisande og aggresivt. Eit hus talar til oss, og fortel noko om hun/han som bur der. Om du ein soldag sit nedanfor huset til Valkeapää, kan du frå muren kjenne sola sin varme. “Solen, min far” (DAT 1990) lød tittelen på ein av dei fotopoetiske bøkene. Det mørke innvendig i gammen er ikkje berre mystikk, men også mytologi. I mørket kjem vi nærmare “Jorda, mi mor” (DAT 2001), og solidaritet framfor konkurranse kan bli skapt om til kunst.

Nordens Hus i Tórshavn blei opna i 1983, teikna av den norske arkitekten Ola Steen og islandske Kollbrún Ragnarsdóttir. Bygget er tilpassa den karrige naturen på Færøyene. Det var kanskje byarktitekt Gunnar Hoydal (f. 1941) som kalte det “ein UFO”. Hoydal og Valkeapää visste om kvarandre. Hoydal koblar som forfattar i hop arkitektur og litteratur. Det nordiske huset skal både fortelja om landet det kvilar på og vera rom for den frie tanken og opne samtalen.

Nils-Aslak Valkeapää såg for seg Davvi Latnja, eit nordisk rom på samisk jord. På 1970-talet hadde han reist mykje rundt i dei nordiske landa, både som joikar og forfattar. Forskar Harald Gaski har med rette hevda at Valkeapää tenkte som øko-filosof av di han strengt kobla saman menneske og natur. Han rakk å skriva eit skodespel, Ritnoaivi ja niguid oaidni, (“Den rimhårate og draumesjåaren”). Lærdomen til dei unge er å hugsa at vi er en del av naturen, og difor ikkje må såra eller skada den. Tek vi ikkje vare på Mor Jord, kjem vi alle i fare. Det verste som kan inntreffa er krig. Davvi Latnja kunne bli eit  senter for samtale.

Den kalde krigen satte sterkt preg på den kjenslevare kunstnaren. Same året som det nordiske huset blei opna i Tórshavn, nærma den kalde krigen seg ein katastrofe. Hadde det ikkje vore for den vakne og modige oberstløytnanten Stanislav Petrov (1939-2017), kunne ein totalt øydeleggjande atomkrig ha starta 26. september 1983. Petrov kjente veikskapen ved det militære varslingsystemet. Han var fullt medviten om at mangelen på dialog mellom supermaktene, måtte gå galt. To år seinare kollapsa Sovjetunionen. Men fekk verda fred? 

I den nordiske utgreiinga Samisk kulturliv (NU 1981:6) skulle Davvi Latnja omfatte eit teater, eit utstillingslokale, verkstad for kunstnarar frå ulike land, eit samisk internasjonalt kunstakademi, bustader og kontor. I det nordiske rommet på Treriksrøysa skulle folk frå aust og vest, nord og syd kunne kome saman, langt frå dei store, stygge og støyande byane. I tidsskriftet Café Existens 24/1984 skriv Áillohas slik vener kjente ham, om “Ett sätt att lugna renar”. Les: “Harmoni råder i naturen och erkänner alla dess irrgångar. Skarpa kantar vittnar i naturen. Naturens skepnader är luften, ägget och vågen.” Teksten er ein hyllest til det mjuke og feminine som er sterkare enn det harde og maskuline. Eit menneske som er i stand til å reise seg, vil kunne sjå både ut og inn. Motstand og oppstand må stundom til.

Året før Nils-Aslak Valkeapää opna OL på Lillehammer, ga han ut ei bok, Nu guhkkin mii lahka (“Så fjernt det nære”, DAT 1993). Igjen tenkjaren:

 “Du bygger din egen verden / du lever din egen skjebne / lever din vår, din mørketid / din glede, ditt liv (…) og som du tror /…rør i ilden. / Skriv glørne / ditt liv”.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse