Medan Per Sandberg skaffar råstoff, stiller næringsminister Monica Mæland opp med økonomiske garantiar slik at DNB kan hjelpe Arne Hjeltnes med pengar til satsinga i Mehamn. Foto: Svein G. Jørstad

Ein vossing og «han staten» i Røkkes ruinar

På nytt går sølvfatet til Mehamn, servert av ei regjering som også vil ha oss til å tru at dei framleis er opptekne at like og rettferdige konkurransevilkår i næringslivet.

I norsk fiskeripolitikk er det lang tradisjon for at dei som får eksklusiv tilgang til fisken i havet, også får billige pengar frå staten med på kjøpet. Den mykje omtalte «Hjeltnes-kvota» ser ikkje ut til å bli eit unntak.

Dette var ein politikk som kritikarane, ikkje minst i Frp., gjerne omtalte som «kommunisme» og politisk kameraderi. Ofte, og ikkje alltid med urette, med klar adresse til Arbeidarpartiet.

Tidlegare i haust  pussa Nærings- og Fiskeridepartementet støvet av distriktskvoteordninga; ein ikkje uviktig del av Helga Pedersen sin raudgrøne fiskeripolitikk frå 2006 som Høgre og Frp vart sterkt usamde i. Men så snudde Per Sandberg  tvert om. Til sterke protestar frå ei nesten samla næring tok han 3.000 tonn frå kystflåten sin gruppekvote og reserverte kvantumet for haustfiske med leveringsplikt av fersk torsk til Gamvik og Lebesby kommunar. Her er det tilsaman 11 fiskekjøparar, fordelt på Mehamn, Gamvik, Skjånes, Nervei, Kjøllefjord, Dyfjord, Lebesby og Veidnesklubben.

Dei fleste av desse vil ikkje sjå snurten av fangst frå den nye kvoten. Departementet vil primært prioritere anlegg i Gamvik, nærare bestemt Mehamn der dei har peika ut ei nyetablering med TV-kjendisen Arne Hjeltnes i spissen for ei gruppe investorar som har kjøpt det 15 år gamle filetanlegget etter Nordic Sea Holding og Kjell Inge Røkke. Ein gong i tida verdens mest moderne, men likevel så ulønsamt at det ikkje kunne takast i bruk til formålet.

På slutten av 1990-talet skulle Mehamn-anlegget bli eit av dei store fiskeri-lokomotiva på kysten. Dei siste trålkonsesjonane med leveringsplikt vart tildelt denne kommunen for å sikre råstoff til fabrikken som også fekk maksimal støtte frå SND. Til tross for tre-fire trålarar i fullt fiske, svikta leveransen av fersk fisk. Gamvik kommune, som sjølv hadde investert 30 millionar i ny infrastruktur, fekk arbeidsløyse og konkursar i avkastning. Ei tapt rettsak om brot på leveringsplikta, retta mot staten og rederia til Røkke og Nergård, gjorde at eit nytt tap på fem millionar måtte bokførast.

Ei viktig årsak til at «Hjeltnes-kvota» får så mykje kritikk er at Per Sandberg ikkje har pålagt trålarflåten å bidra med fisk til ordninga. Etter lova kan inntil 10 prosent av den norske totalkvoten på alle fiskeslag brukast til distriktskvoter. Men i dette spleiselaget for Gamvik og Lebesby har trålarflåten enno ein gong fått fritak for samfunnsansvaret. Dette gjeld særleg dei fire båtane som enno har leveringsplikt til Mehamn. Totalt er det snakk om 3,4 torskekvoter som i 2017  tilsvarar vel 8.000 tonn torsk, hyse og sei – fisk som stort sett har «glidd» forbi Mehamn dei siste ti åra. At det no blir kystflåten som må fiske «Hjeltnes-kvota» endrar det frå før kompliserte samspelet mellom flåte og industri der den som tek samfunnsansvar lett kan bli sitjande att med Svarte-Per. Det er ikkje berre i Mehamn det manglar råstoff, i takt med at kvotegrunnlaget for fylket sin eigen kystflåte blir stadig mindre. Etter at det vart lov å handle med strukturkvoter over fylkesgrensene har Finnmark berre det siste året mista 37 kvoter som tilsvarar cirka 2.000 tonn torskefisk – eit problem som først og fremst råkar fiskeindustrien og dei jobbane den skapar på land.

No er det ikkje Røkke, men turkameraten hans frå «Gutta på tur»-suksessen på TV2; Arne Hjeltnes, som skal berge Mehamn. Vossingen har frå tid til anna vore på tale som fiskeriminister for Høgre. No er det planen hans å investere 150 millionar til årleg produksjon av 6.000 tonn fisk, aukande til 12.000 tonn, 40-50 tilsette og ei årleg omsetning på 700 millionar, i fylgje Dagens Næringsliv.

Etter at den aldrande saltfiskkongen Hermann Pettersen har leigd anlegget i nokre år, er det no Arne Hjeltnes som står djupt, men kanskje ikkje trygt, i ruinane etter Røkke som framleis har ei magisk tiltrekningskraft på statleg velvilje og støtte. Medan Per Sandberg skaffar råstoff, stiller næringsminister Monica Mæland opp med økonomiske garantiar slik at DNB kan hjelpe han med pengar. Hjeltnes-selskapet er det første som får ein heilt ny type statsgaranti for såkalla eksportrelaterte investeringar. Gjennom GIEK har staten sagt seg villige til å dekke inntil 50 prosent av banken sine tap på utlån til Hjeltnes.

«Dette gjør det enklere å gi lån i saker der bankene synes eksponeringen blir for stor», seier næringsminister Monica Mæland til DN. Dermed vekkjer ho mistanken om at Hjeltnes-prosjektet kanskje ikkje er så «robust og bærekraftig» slik dagens regjering krev av alt anna.

Mellom dei som har levd opp til dette kravet er den «gamle» industrien i Mehamn; Nordkyn Seafood og Isanlegget som også har investert for å drive eksport, og lukkast rimeleg bra med å halde liv i fiskeværet gjennom den lange nedturen med trålfiske og storkapital. Dei har neppe like gode statsgarantier som Hjeltnes-selskapet Norwegian Fish Company, og dermed har dei også eit handicap i konkurransen om å få kjøpe fisk frå «Hjeltnes-kvota». Dette er ingen ukjend situasjon i norsk fiskeindustri; Gamle slitarar som kjempar seg gjennom dårlege tider og held kreditorane frå livet, blir utkonkurrert av nykomarar med friske pengar. Eller som i dette tilfellet – ein feit statsgaranti for halve gjelda.

På nytt går sølvfatet til Mehamn, servert av ei regjering som også vil ha oss til å tru at dei framleis er opptekne at like og rettferdige konkurransevilkår i næringslivet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse