Med forslaget til ny postlov møter regjeringa den digitale endringa i samfunnet, og støttar samstundes opp for at vi i Noreg framleis kan ha eit breitt spekter av aviser, skriver samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Samferdselsdepartementet

Eit betre posttilbod for framtidas behov

Med postomdeling annankvar dag i vekedagane over heile landet går regjeringa inn for sikre eit likeverdig tilbod som er betre tilpassa etterspurnaden etter posttenester i åra framover. I tillegg bidrar regjeringa med økonomisk støtte for å oppretthalde mediemangfaldet.

Historia er full av eksempel på at nye teknologiske løysingar gir store endringar. Behovet for hestesko og -vogner blei sterkt redusert etter kvart som jernbane og – ikkje minst – vegtransport overtok for hestetransport i førre århundre.

Vi lever i ei tid der stadig fleire tenester blir digitaliserte. Vi sender e-post, brukar nettbank og konsumerer nyhende på digitale plattformer. Desse endringane er ikkje politikarstyrte, men eit resultat av at forbrukarane tykkjer at dei nye løysingane er betre. Brevvolumet har falle med 65 prosent de siste 20 åra, og det er venta ein ny reduksjon på nær 60 prosent fram til 2025.

Staten brukar i år nær 620 millionar skattekroner på kjøp av post- og banktenester over heile landet. Ved å halde fram med fem dagars postomdeling må Ola og Kari truleg ut med minst ein milliard kroner for dei same tenestene i 2025. Å svare på spørsmålet om det er føremålstenleg å bruke meir pengar på at postbilar skal køyre rundt med stadig mindre post er for meg enkelt. Difor går regjeringa inn for eit likeverdig tilbod i heile landet med postomdeling annankvar dag i vekedagane frå 1. juli neste år. Då får Ola og Kari eit tilbod som er tilpassa etterspurnaden. Skattepengane vi sparar, kan vi bruke på andre formål, som for eksempel betre infrastruktur for breiband.

Regjeringa er òg oppteken av mediemangfald, og vi ser at overgangen frå 5 til 2,5 omdelingsdagar kan gi utfordringar for delar av avisbransjen. For sjølv om avisbransjen deler ut om lag 85 prosent av aviseksemplara i abonnement, har nokre lokalaviser ein stor del av abonnentane sine i område der avisbransjen sine eigne bod ikkje leverer aviser.

I desse områda vil staten kjøpe levering tre faste dagar i veka – tysdag, torsdag og laurdag – i tre år frå den nye postlova trer i kraft, som etter planen er 1. juli 2020. Dette er anslått til å koste om lag 750 millionar kroner til saman. Det betyr at bransjen har over fire år til å omstille seg. I tillegg tek vi sikte på å auke mediestøtta med 10 millionar kroner dei neste åra for å støtte opp under arbeidet i lokalaviser med digitalisering og omstilling.

Leiarartikkelen i Nordlys (10. april) kan gir inntrykk av at regjeringa ikkje skal kjøpe levering av lokalaviser når omdelingsfrekvensen for posten blir redusert. Dette er altså ikkje riktig, for staten skal kjøpe levering tre dagar i veka samstundes som vi legg opp til å auke mediestøtta i distrikta. Regjeringa har lytta til innspel frå avisbransjen, og eg har merka meg positive reaksjonar frå Landslaget for lokalaviser.

Fersk statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening viser ein nedgang i lesartala for papiravisene og ein reduksjon i talet på reine papiravisavisabonnement. Talet på digitale abonnement aukar, medan mange òg har avisa både på papir og nett. Utviklinga viser at reine digitale abonnement går fram, medan papirabonnement går tilbake.

Med forslaget til ny postlov møter regjeringa den digitale endringa i samfunnet, og støttar samstundes opp for at vi i Noreg framleis kan ha eit breitt spekter av aviser.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse