Annonse
MULEGHEITER: Folk har ulike liv, ulik økonomi og ulike mulegheiter. Nokon ungar kjem seg til syden og det som betre er kvart år, mens andre blir pakka i bilen og dratt med på ferie til hytta eller bestemor, skriver Inger Johanne Sæterbakk. Foto: Frank May / NTB scanpix

Eit godt barndomsminne kan ikkje kjøpast for pengar

Kva er prisen på eit godt barndomsminne?

Lista for kva ungar skal få oppleve, er lagt høgt.

I barndommen drøymde eg om to ting: Slalåmski til jul. Og Syden om sommaren.

Den gongen var Syden eit land som vennane mine reiste til. Dei bada, bygde sandslott og kom heim med fletter i håret. Eg kunne ikkje svømme, eg hadde kort hår og var ikkje spesielt glad i vatn og varme. Men eg ville til Syden.

Det låg aldri slalåmski under juletreet. Kvar sommar pakka foreldra mine bilen. Reisemålet var slekt og vennar andre stader i Noreg. Og då familien endeleg skulle ta sin første sydentur, måtte eg vere heime for å ta dei siste eksamenane på vidaregåande. Livet, altså.

Folk har ulike liv, ulik økonomi og ulike mulegheiter. Nokon ungar kjem seg til syden og det som betre er kvart år, mens andre blir pakka i bilen og dratt med på ferie til hytta eller bestemor. For enkelte ungar er skoleferien den tida av året der det ikkje skjer nokon ting, fordi foreldra ikkje har økonomi til å gjere noko spesielt.

Lista for kva ungar skal få oppleve, er lagt høgt. Dyre feriar til stader langt borte er ein ting. Grandiose, temabaserte bursdagsfeiringar ein annan. Klede og utstyr skal halde eit visst nivå, og organiserte fritidsaktivitetar er ein viktig del av kvardagen. Ting som kostar pengar, altså. Eg har ikkje ungar, men eg har vore unge. Og eg trur det er på tide å roe ned.

Ein dyr ferie er ikkje fasiten på ein god barndom. Den dagen ein skal gjere opp rekneskapen over barndommen sin, handlar det ikkje om pengar, men opplevingar. Ofte var dei gratis. Som regel ikkje planlagt. Og nokon gong heilt utafor programmet.

Barndomsminna mine handlar ikkje om det eg ikkje fekk. Postkorta frå barndommens sommarferiar handlar om ting som skilde seg frå kvardagen. Om å pakke bilen, ete matpakke på ein rasteplass, sove i køyeseng med søskenbarna eg beundra. Bading i altfor kalde vatn, å ro ein båt aleine, jordbær frå nokon sin hage. Om ein brus i ny og ne, å kjøpe ræl for 100-lappen frå bestemor, ete middag utandørs. Om vasskrig med hageslangen, ny rekord i myggstikk, om kven som spydde i bilen på tur heim.

Det er ein første gong for alt. Eg kom meg til Syden til slutt, sommaren då eg var 27. Her om dagen møtte eg ei jente på hyttetur med bestemor. Ho viste fram ein raud prikk på leggen. Sommaren og livets første kleggbitt. Ei dramatisk historie, fortalt med stor innleving og dårleg skjult stoltheit. Heilt klart noko å skrive heim om. Og kanskje eit minne for livet.

Eit godt barndomsminne kan ikkje kjøpast for pengar. Du må oppleve det.   

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse