Annonse
Artikkelforfatter Olav Flaate deltar i demonstrasjon ved Stortinget i januar 2018. Foto: Privat

EØS-avtalen eit springbrett til EU-medlemsskap

Statsminister Gro Harlem Brundtland ville at Noreg ved folkerøystinga i 1994 skulle bli medlem av EF. Det kom  mange skrekkscenarier frå statsministeren sitt kontor ,der noverande Ap leiar Jonas Gahr Støre var statssekretær. Noreg ville miste 100 000 arbeidsplassar dersom det vart Nei til EF. Trass i skrekkpropagandaen var ho ikkje sikker på kva det norske folk ville. Men  for å knyta Noreg tettast mogeleg til EF utan å vera medlem, fekk ho  Stortinget  til å røysta for eller mot tilslutning til det me kjenner som EØS-avtalen. Eit stort fleirtal av stortingsrepresentantane røysta ja til dette, sjølv om Noreg på det tidspunktet allereie hadde ein velfungerande Handelsavtale med EF.

Som kjendt for mange røysta fleirtalet av det norske folk Nei til EF medlemsskap  ved folkerøystinga i 1994 , slik det hadde gjort ved folkerøystinga i 1972.

EU vil privatisera mest mogeleg av offentleg sektor. Konkurranse , sparing og eit  arbeidsliv utan for «dyre» arbeidsmiljølover skal sikra arbeidsgivarane mest mogeleg profitt.

I dag er Jonas Gahr Støre leiar av Ap og han er framleis tilhengjar av EU- medlemsskap. Difor tenkjer han  meir på  å leggja til rette for EU-EØS enn for den norske arbeidarrørsla og det norske folk.

Dette kom og klårt til uttrykk på Fellesforbundet sitt landsmøte i oktober 2019. Der kunngjorde  Støre, stikk i strid med tidlegare fråsegner, at han kunne gå med på ei utgreiing om alternativ til EØS – avtalen , men ikkje sei opp EØS-avtalen.

Fleire Ap utsendingar til landsmøtet kritiserte Jonas Gahr Støre for tåkeprat og kompromissar med Høgre om Andøya, helikopterbasen på Bardufoss, forsvarspolitikk og fleire av sentraliseringsreformane frå regjeringa.

Ampre utsendingar til Fellesforbundet  ytra tilogmed at Støre måtte kvitta seg med rådgivarkorpset sitt, for dei ville ha partiet og partiideologien sin attende.

Høflegheit hindra  dei frå å sei klårt frå at Støre sjølv er med på å øydeleggja partiet og  burde trekkja seg som Ap leiar og statsministerkandidat.

Jonas Gahr Støre sitt engasjement  for EØS-avtalen gjenspeglar seg  tydeleg i arbeidet hans med å organisera helsetenesta i Noreg etter Foretaksmodellen – heilt i samsvar med  EU-EØS sin filosofi om bedriftsøkonomisk styring av offentlege etatar.

Støre lovprisar EØS avtalen kvar gong han har høve til det og nemner aldri 13000 direktiv frå Brüssel som er tatt inn i det norske lovverket. Han nemner heller ikkje Handelsavtalen frå 1973 mellom EF og Noreg.

Det er oppsiktsvekkjande at leiaren for Ap vil overlata styringa av landet til marknadskreftene. Han tar ikkje inn over seg at det såkalla demokratiske styresettet vårt krev at det er folkevalde politikarar som skal styra.

Støre har heller ikkje kommentert problema med ambulanseflya i Nord-Noreg, eit problem direkte skapt av EØS-avtalen.

Noreg , eitt av dei rikaste landa i verda, er i ein underleg situasjon. Mykje av dette skuldast EØS-avtalen med fri flyt av varer, tenester, kapital og folk.

Gjennom denne avtalen har regjeringa og stortingsfleirtalet (deriblant Ap, Høgre,Krf, Venstre og Frp) systematisk bygd ned det velferdssystemet og den tryggheita som politikarane før Gro Harlem Brundtland ville at det norske folk skulle ha.

Dei forvalta dei norske statsinntektene til det beste for folket. Då var det ingen bedriftsøkonom som var meir interessert i botnlina enn i folket.

Solbergregjeringa formar politikken sin ved å oppretta såkalla ekspertgrupper, konsulterer PR- firma, lyttar til lobbyistar – deriblant NHO- istadenfor å lytta til vanlege folk.

Når me veit at mange av dei som er i regjeringa eller på stortinget , er akademikarar, burde dei bruka sitt eige hovude og sitt eige hjarta i utforminga av god politikk for folket og for landet. Det ville og ha spart landet for millionar av kroner.

Den respektlause haldninga til folket frå Solbergregjeringa og stortingsfleirtalet med Støre og Ap, kjem  tydeleg fram gjennom overføringa av det norske finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt og kontrollen med den norske vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå.

Respekten for Grunnlova er heller ikkje så viktig når det gjeld å knyta Noreg tettare opp til EU. Nei til EU i to folkerøystingar gir dei blaffen i.

Når me veit at mange av dei som er i regjeringa eller på stortinget , er akademikarar, burde dei bruka sitt eige hovude og sitt eige hjarta i utforminga av god politikk for folket og for landet. Det ville og ha spart landet for millionar av kroner.

Men sidan dei har «outsourca» den tenkjinga  dei skulle ha gjort sjølve utan å ta til motmæle mot ekspertveldet, har regjeringspartia( for det meste med stillteiande velsigning av Ap) sett i gang med;

  • Kommune og regionreform
  • Nærepolitireform
  • Høgskulereform
  • Postreform
  • Forslag om nedleggjing av:
  • Tingrettar
  • Skattekontor
  • NAV kontor
  • Innlemming av Noreg i EU sitt Tryggjingsprosjekt
  • Stasjonering av US marines både på Værnes og i Målselv i Troms.
  • Nedbyggjing av Andøya som militærflyplass
  • Flytting av helikopter frå Bardufoss til Rygge

I tillegg til alle sparereformane har regjeringa og starta ei storstila sparing på velferdsgoder til dei av oss som treng det mest.

NHO lobbyen har og klage seg over si «sjuke mor». Dei må bli skattlagd mindre, slik at dei kan investera i arbeidsplassar. For å dekkja opp mindre i skatteinntekter foreslår NHO  å redusera pensjonsutbetalingar til ulike pensjonsmottakarar.

Våre tillitsvalde politikarar i regjering og eit fleirtal på stortinget må ta inn over seg at dei representerer Folket og ikkje EU og NHO  sjølvom dei tykkjer det er stas å bli inviterte til den årlege NHO festen.

Framføre stortingsvalet i 2021kan det vera eit vist trekk å erstatta Jonas Gahr Støre som leiar og statsministerkandidat for Ap. Verken landet eller folket treng ein leiar som snakkar om handlingsrommet i EØS-avtalen og samstundes er med på å knyta Noreg tettare til eit EU medlemsskap.

Noreg skal ha hundre prosent handlingsrom både i innanriks og i utanrikssaker.

No er det på tide å starta  byggjinga av landet att og skapa tillit mellom folkevalde og folket.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse