Annonse
Slik det ser ut no, slepp kanskje lakseoppdrettarane å røme landet enno ein gong. Uansett kan dei ikkje ta med seg fjordane, straumane, konsesjonane og det dei tross alt har att av politisk godvilje, skriver Gunnar Grytås. Foto: Ola Solvang

Etter lakseskatten: - Kor ska vi reis?

​​​​​​​Eit lite pust i sivet om ein ny lakseskatt var alt som skulle til. Regjeringa rygga då laksenæringa bles seg opp og truga med flagge ut. Men for å sei det med det med Viggo Valle i NRK: Kor ska vi reis..?

Eit  nytt strandhogg på ein framand kyst blir neppe enklare enn dei lange ørkenvandringane mot fjerne land med mjølk og honning i det gamle testamentet.

Det er i påska denne folkekjære konkurransemannen i statskanalen engasjerer eit reisande folk med vanskelege vegvalg verda rundt. Neste påske bør vi samle oss for å få slutt på lidingane for Marine Harvest og alle dei andre.

Langfredag høver best. Dette er dagen for straff, pinsler og dei som er spikra fast, i dette tilfelle for å betale skatt. Svaret bør kome som ei åpenbaring første påskedag; Ein framand kyst dei kan flytte til for å bli kvitt åket heime. Vanskeleg blir det, for dette er ein kravstor gjeng. Dei har vore overalt. Prøvd det meste, lidd mykje. Vunne noko, men truleg tapt meir. Å hjelpe dei til makt over areal, miljø og til nesten skattefri rikdom blir ikkje lett.

I laksenæringa si korte soge er utvandringa av norsk laksekapital til Chile den største. Etter eit norsk nei til EU starta ein langvarig laksekrig med overvaking, minsteprisar og straffetoll. Med det statlege Cermaq i spissen flytta mange norske selskap deler av produksjonen til Sør-Amerika. Slik fekk dei fri adgang til EU-marknaden. Men også mykje meir: ei kystlinje på 1700 kilometer, gratis tilgang til sjøareal med gode og stabile temperaturar heile året, billig arbeidskraft og ei forvaltning med ingen eller få inngrep mot den laksemakta frå nord

Chiles økonomiske arv kom frå diktatoren Augusto Pinochet som myrda den lovleg valde statsministeren, den moderate sosialisten Salvador Allende i 1973. Med full støtte frå USA, som alltid våre vestlege demokratis fremste forsvarar, gjorde Pinochet chilensk økonomi til ein av dei mest reindyrka marknadsøkonomiane i verda etter at han myrda fleire tusen av sine politiske motstandarar. På arven frå dette terrorregimet utvikla Chile ein næringspolitikk som vart lovprisa på norske laksekonferansar rundt tusenårsskiftet.

Det gjekk bra dei første åra. Produksjonen av laks og aure eksploderte. Noreg hadde framleis den største lakseproduksjonen i verda, men Chile auka mest. Med to smoltutsett i året og ein utruleg vekst var det berre spørsmål om tid før «det norske» Chile var størst. Veksten skapte cirka 50.000 nye jobbar i regionar som knapt nok hadde industri, men heller ikkje nokon tradisjon for fagforeningar, lønskamp og sosiale rettar. Dette vart grovt utnytta.

I  Norges Fiskeri-og Kysthistorie skriv professor Bjørn Hersoug frå Tromsø at Chile-satsinga er mirakelet som vart ei skrekkhistorie. Den var eit faktum då ILA-epidemiane melde seg med full tyngde. Sjølv om det vart brukt 300 gonger meir antibiotika i Chile enn her heime nytta det ikkje å stå imot. I 2008/2009 krasjlanda industrien, og året etter var produksjonen av atlantisk laks berre fjerdeparten av det en var før ILA-krisa. Det vart mange milliardar i tap, og så starta heimturen. Lakonisk åtvarar Hersoug mot å tru at der det finst eit liberalt økonomisk regime, finst det også eit liberalt økosystem.

Også vestkysten av USA og Canada har lokka til seg norske lakseselskap. Ikkje i same omfang som i Chile, men nok til at det vart overskrifter som «Norske selskaper mestrer ikke Canada». På kanadisk side var det mange som hadde problem med å meistre nordmennene. Særleg i høve til lokale fiskarar og urbefolkninga vart det mange og harde konflikter.

På Færøyane kunne norske selskap satse altfor optimistisk før det kom eit ILA-utbrot som førte til at fleire fjordar måtte leggjast brakk i lang tid. På seks år fall produksjonen frå 50.000 til 6.000 tonn. Eit færøyisk selskap fekk overta ruinane, og bygde mykje opp att – før norske eigarar melde seg på nytt. Sidan har det gått betre, og ei mykje strengare regulering viste seg å vere nødvendig. Også i Skottland og på Island har norske lakseselskap prøvd å bite seg fast, men eit nytt norsk havnåm vil få merke at begge desse landa har eit sterkt forsvar for laksefisket i elvane og eige villaksstammar.

Nyleg kom forslaga frå lakseskatteutvalget som har vurdert kor mykje oppdrettsselskapa bør betale for løyve til å setje ut merder i den blå åkeren. Svaret er ein grunnrenteskatt på 40 prosent av overskotet. Basert på siste års resultat blir dette rundt 7 milliardar, og av dette skal også kommunane få ei produksjonsavgift som blir årviss, men med varierande summar. Den avgifta kan oppdrettsselskapa trekkje frå på sin eigen skatt.  

Medan utvalget la siste hand på verket, mobiliserte oppdrettarane mot det dei visste ville kome. Mykje tyder på at forslaga blir lagt vekk av finansminister Siv Jensen, og at dei heller ikkje blir henta fram av ei raud/grøn regjering. Også LO er imot ein grunnrenteskatt, og har sagt frå til Arbeiderpartiet om det.

Slik det ser ut no, slepp kanskje lakseoppdrettarane å røme landet enno ein gong. Uansett kan dei ikkje ta med seg fjordane, straumane, konsesjonane og det dei tross alt har att av politisk godvilje. Og var det ikkje ein laksesjukdom eller to som vart med til Chile? Kanskje vil lakselusa bite seg fast i lasset på neste utvandring? Eit  nytt strandhogg på ein framand kyst blir neppe enklare enn dei lange ørkenvandringane mot fjerne land med mjølk og honning i det gamle testamentet.

Spranget frå bibelsoga til fiskerihistoria er ikkje langt. At det kjem sju vonde år etter sju gode, er viktig lærdom begge stader. Og at ei god heimehamn har varig verdi, særleg om kystfiskarane også har ein plass der. Verre er det med den litt ekle lignelsen om keisaren og skatten. Mange som slit med å forstå den. Særleg dei aller rikaste.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse