Skal vi tru kulturredaktør Lasse Jangås i Nordlys har IOC fått både kredittkortet og pinkoden til den norske statskassa i samband med søknaden om OL i Oslo 2022.

Etterolympisk sorgarbeid

Det Jangås ikkje drøftar er om Widvey sin tale med to tunger ville vore like forkasteleg om det hadde vore ein søknad frå Tromsø som låg på bordet i IOC?

Tromsø 2018 og Oslo 2022 er som OL-prosjekt to alen av same stykkje, det vil sei om lag like dårlege

Skal vi tru kulturredaktør Lasse Jangås i Nordlys har IOC fått både kredittkortet og pinkoden til den norske statskassa i samband med søknaden om OL i Oslo 2022. Det er eit journalistisk godt og forståeleg bilete på at regjeringa skriftleg har godteke IOC sitt charter på ein måte som også avgjer kva OL-festen – om det blir nokon – til slutt skal koste. Eit eventuelt vinter-OL i Oslo blir dermed ikkje noko norsk prosjekt der regjeringa skal avgjere ramma og kostnadane, slik Widvey slo fast tidlegare i år. No fortel underskrifta hennar på eit brev til IOC om eit knefall for OL-pampane, men som kanskje var nødvendig for at Oslo skulle få status som søkjarby.

Tromsø 2018 og Oslo 2022 er som OL-prosjekt to alen av same stykkje, det vil sei om lag like dårlege.

Kommentariatat i landsdelen, som Jangås er ein del av, mislikte sterkt at idrettsforbundet trekte søknaden om vinter-OL i Tromsø i 2018. Dette skjedde i 2008. Då forbundet tre år seinare søkte for Oslo 2022 i staden, vart dette oppfatta som grovt tjuveri av den store nordnorske ideen som ikkje minst Nordlys-redaktør Hans Kristian Amundsen var talsmann for. Amundsen var open og ærleg på at Nordlys skulle drive kampanjejournalistikk i OL-saka. Prosjektet vart skjerma for kritisk journalistikk. Naturleg nok er journalistar forsiktige med å grave i møkk når dei risikerer å setje greipet i sin eigen redaktør.

Sjølv om NRK tok opp arven etter Amundsen i dekninga av Oslo-OL, var det mange andre som gjorde jobben. Slik fekk det nordnorske kommentariatet rikeleg med ammunisjon. Fulle av raseri og forakt har dei i tre år sendt brottsjøar med kritikk mot alle trekk som aktørane i Oslo har gjort for å klare det som Tromsø ikkje greidde. 

Det Jangås ikkje drøftar er om Widvey sin tale med to tunger ville vore like forkasteleg om det hadde vore ein søknad frå Tromsø som låg på bordet i IOC? Eller ville vi fått ei historie med heilt anna dramaturgi og vinkling? Kanskje om ein modig kulturminister som i tolvte time viste handlekraft og sytte for at Tromsø framleis var med i kampen om OL? Men no får Widvey rollen som heksa i OL-striden. Med omvendt forteikn vart Siv Jensen tidlegare i år den store heltinna då ho vende tommelen ned for Oslo-søknaden. Om ho hadde sagt «ja» på ein like overtydande måte ville dommen frå kommentariatet blitt nådelaus.

Tromsø 2018 og Oslo 2022 er som OL-prosjekt to alen av same stykkje, det vil sei om lag like dårlege. Usikre budsjett og prognoser for økonomisk sluttresultat. Manglande nasjonal, og haltande lokal støtte. Lite truverdige argument rundt effekten for breddeidrett og folkehelse. Og ikkje minst; det som skjedde i Tromsø og som no skjer i Oslo handlar om uryddige prosessar og risiko for sosial korrupsjon i nettverk med uklare agendaer. Særleg dette siste står sentralt i kritikken kommentariatet av politikarar, journalistar og PR/kommunikasjonsfolk har retta mot Oslo sine OL-planar. Men ville dommen over rolla til First House og det norske OL-huset i Sochji blitt like knusande om det hadde stått «Tromsø» og ikkje «Oslo» på millionkontraktene?

Var den norske OL-pampen Gerhard Heiberg så mykje meir truverdig før 2008 enn 2014-modellen?

Så er det uråd å fornekte at Tromsø på grunn av geografi, storleik, infrastruktur og manglande erfaring med slike arrangement hadde nokre handicap som Oslo med Lillehammer i bakhanda ikkje har. Då noko av dette vart påpeikt i Finansdepartementet si vurdering av søknaden var løpet kjørt for Tromsø sin del.

Raseriet i tekstane til Jangås og mange andre skildrar på ein tragikomisk måte vonbrotet over eit mislukka nordnorsk frieri til IOC med svik og sjalusidrama som resultat. Den kritiske haldninga Jangås si avis mangla i kampen om Tromsø-OL, er i fullt monn til stades når det gjeld Oslo. Slik prosjektet og aktørane bak blir sabla ned, får alle som også var kritiske til Tromsø-prosjektet stadfesta at det var best at det gjekk som det gjekk i 2008. Sjølv om prosessen var stygg, var vedtaket ikkje til å unngå.

Tromsø som pressområde har nok av utfordringar likevel. Seks år etter OL-havariet er skytebanesaka, den nye innfartsvegen, tomtevalget til IKEA og alpinanlegget i Håkøybotn framleis langt unna løysing. Tromsø har i tillegg forsømt seg grovt når det gjeld å løyse bustadproblema for dei stadig fleire studentane som kjem til byen. Utan eit vinter-OL har byen nok av uløyste oppgåver å ta fatt på. Og utan drahjelp frå eit OL-prosjekt har Tromsø bustadprisar som ligg på nivå med Oslo, kanskje til og med litt over. Går det som mange trur; At Stortinget seier nei til Oslo-søknaden, er det gode utsikter for at Tromsø blir på denne toppen i lang tid framover – om det kan vere til hjelp og trøyst i det etterolympiske sorgarbeidet? 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse