Foto fra Wikipedia: Brage Aronsen

Fagrørsla seier nei til EØS

No ser det ut til at EØS-demninga er i ferd med å breste og den norske Grunnlova skal få den rettmessige respekt ho fortener.

Nok er nok , og nok har det vore lenge for vanlege folk når det gjeld å takle dei uheldige verknadene av EØS-avtalen. Men no er det og slik for den største industrifagforeininga i «Fellesforbundet Avdeling 5» , som organiserer mange tunge industriarbeidsplassar på Vestlandet.

Leiaren av «Avdeling 5, Fellesforbundet» Roar Abrahamsen har tidlegare sagt JA til EØS – avtalen.

Men ettersom EU lovgivinga grip meir og meir inn i den norske regulerte arbeidslivspolitikken, har no styret for avdelinga vedtatt å gå inn for å sei opp EØS-avtalen.

Dråpen som fekk begeret til å flyta over for Avdeling 5 av Fellesforbundet, var eit nei frå den offentleg oppnemde tariffnemda om å vidareføra ordninga med fri reise, kost og losji for utanlandske arbeidstakarar på same vilkår som dei norske.

Årsaka til dette avslaget kjem frå EU-EØS lovgivinga.

Då den norske Tariffnemnda skulle forlenga ordninga med fri reise, kost og losji i oktober 2018, kom ESA, overvakingsorganet for EFTA, på banen og fastslo at dette var i strid med EU-reglane.  

Tariffnemnda godkjende innvendingane frå overvakingsorganet ESA og gjekk bort frå kravet om at arbeidsgivarane skulle betala for reise, kost og losji for dei utanlandske arbeidstakarane.

På denne måten vert dei utanlandske arbeidstakarane «billegare» for arbeidsgivarane og dermed meir attraktive enn dei norske. Arbeidsgivarane får dermed meir profitt,forteneste og dei «dyre» norske arbeidstakarane går meir utrygge tider i møte.

EØS-avtalen sin fri flyt politikk har og  ført til sosial dumping (mindre løn og dårlegare arbeidsvilkår) for utanlandske arbeidstakarar  innan transportnæring og byggebransje.

Dette er døme på korleis EØS-avtalen er skreddarsydd for næringslivet, små som store verksemder.

Store delar av fagrørsla saman med 120 Ap-ordførarar sa nei til å gi bort Noreg sitt arvesølv til EU. Likevel gjekk Ap, med Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide, saman med regjeringa og eit fleirtal på Stortinget med på å gi bort kontroll og reguleringsretten av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå.

Dei folkevalde ga bort folket og fellesskapet sin eigedom til EU.

Med Nei til EØS vedtaket i styret for «Avdeling 5 av Fellesforbundet» er det skapt sjokkbylgjer i Ap og blant resten av EØS tilhengjarane. Det er difor grunn til å tru at dei snart vil koma på banen for å forsvara den etter deira meining «fantastiske» EØS-avtalen.

Alle er samde om at økonomisk, politisk og kulturell samarbeid mellom land gagnar dei fleste. Føresetnaden er at det ikkje er nokon som dikterer dei andre, slik det er med EØS-avtalen.

11.000 EØS direktiv frå Brüssel  er til no tatt inn i det norske lovverket. Desse direktiva regulerer og bestemmer over distriktspolitikk , samfunnspolitikk og offentleg styre og stell i Noreg.

EØS-avtalen er ikkje så fantastisk for det norske folk som Jonas Gahr Støre, Gro Harlem Brundtland og Erna Solberg hevdar.

Ved å melda Noreg ut av EØS-avtalen, vil norske politikarar få attende sjølvråderetten og dermed hundre prosent handlingsrom  til på demokratisk vis å vidareutvikle landet i samsvar med norsk kultur, tradisjon og væremåte. Stortinget vil dermed igjen bli den institusjonen som lagar dei norske lovene og ikkje EU-kommisjonen i Brüssel.

Noreg er ikkje EU-medlem, så ein Noxit vil ikkje få dei same konsekvensane som Brexit for Storbritannia.

Det er laga ei klår oppskrift for kva som skal skje dersom eit land bestemmer seg for å sei opp EØS-avtalen. Dette er lista opp i artikkel 127 i EØS-avtalen:

“Kvar avtalepart (medlemsland) kan trekkja seg frå denne avtalen (EØS-avtalen) ved å gi eit skriftleg varsel til dei andre avtalepartnerane om dette tolv månader i førevegen”.

Vidare heiter det at når eit EØS-medlem ynskjer å sei opp avtalen, skal dei andre partane (medlemslanda) kalla saman til det som vert kalla ein diplomatisk konferanse for å finna praktiske løysingar.

No ser det ut til at EØS-demninga er i ferd med å breste og den norske Grunnlova skal få den rettmessige respekt ho fortener.

Noreg treng folkevalde, som kjem frå folket, er valde av folket og som arbeider for folket.

Det er lov å håpa.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse