Vi ser tydeleg kursendring der Noreg i større grad er blitt ein vasallstat både i EU og NATO. Finnmark er i endå større grad enn før blitt ein koloni for eksport av naturressursar, og stadig meir marginalisert når det gjeld politisk makt., skriver Gunnar Grytås.

Fallen lakseagent med smak for honning

Under Per Sandberg har Janusansiktet og dobbelmoralen erstatta den trauste fiskaren med snadda i sjømat-Norge sitt varemerke.

Då Per Sandberg vart fiskeriminister hausten 2015 sette han seg som mål å femdoble norsk lakseproduksjon. Han har også reist jorda rundt for å opne nye marked for fiskerinæringa. Så vart det bråstopp etter ein privat tur til Iran, med usikra tenestetelefon og ein iransk asylantkjærast som viser seg å vere mistenkjeleg godt integrert i Noreg. Det vart for mykje, ikkje berre for opposisjonen, men også for deler av grasrota i Frp.  

Norsk lakseeksport er ikkje ukjend med langvarige og harde sanksjonar, med påstandar om dumping og subsidiar, både frå EU og USA. På Sandberg si vakt vart Russland problemet etter at naboen i aust sommaren 2014 stoppa all import av sjømat frå Noreg, EU, USA og Canada. Dette var svaret på dei samordna sanksjonane etter anneksjonen av Krim og russisk støtta til utbrytarregionane i den ukrainske borgarkrigen. Det var ein reaksjon den norske regjeringa visste ville kome då dei valde å la EU overta norsk utanrikspolitikk. Vi ser tydeleg kursendring der Noreg i større grad er blitt ein vasallstat både i EU og NATO. Finnmark er i endå større grad enn før blitt ein koloni for eksport av naturressursar, og stadig meir marginalisert når det gjeld politisk makt.

Kanskje ikkje så rart at dette også fører til reaksjonar i Frp der EU-motstanden framleis er sterk. Her braut Bengt Rune Strifeldt som sit på Stortinget for Finnmarklydmuren då han på eit Klassekampen-treff i Tromsø i sommar tok til orde for å oppheve sanksjonane mot Russland. Han meiner dialogen med Russland bør få ein ny start ved å invitere Putin til Finnmark i 2019 på 75-årsdagen for frigjeringa i 1944.

Sidan midten på 1950-talet har Noreg ført ein sjølvstendig dialog i høve til Sovjet og Russland. I dag kan ikkje isen som legg seg brytast slik som før. Vi kunne også i 2014 ha kritisert utviklinga i dei gamle sovjetrepublikkane i den bilaterale politiske kontakten med Moskva. Det åleine ville neppe endra situasjonen på Krim, men det har heller ikkje sanksjonane. Men at tilhøvet til Russland aldri kunne bli som før, slik forsvarsminister Søreide formulerte det i 2014, står i dag stadig sterkare som eit sjøloppfyllande profeti.

I 2013 var Russland det største markedet for norsk sjømat med ein eksport på knappe sju milliardar, i hovudsak basert på oppdrettslaks og –aure, sild og makrell. Russland var det landet heile sjømatnæringa ville satse på, og det nære naboskapet gav også fiskerinæringa i Finnmark ein unik sjanse til å gjenoppta den gamle pomorhandelen i moderne form. Sanksjonane og boikotten sette ein stoppar for alle slike planar, utan at det vart problematisert i det nasjonale ordskiftet. Årsakene til dette er fleire. Mellom anna ein gunstig kronekurs, og at angrepa frå lakselusa har ført til redusert produksjon i merdene.

Bortsett frå at Finnmark mista ein historisk sjanse til eksportretta næringsutvikling, tapte ikkje resten av landet pengar på at Russland vart stengt. På børsen levde dei godt på lakseprofitt, og regjeringa kunne utan større risiko slå seg på brystet og forklare kor viktig det var med eit nødvendig offer for folkeretten.

I mellomtida vart det ført hemmelege samtalar med Kina som hadde boikotta norsk laks sidan 2011. Offisielt nekta kinesarane å snakke med Noreg om noko som helst, fornærma som dei var over at den regimekritiske og fengsla aktivisten Liu Xiaobo hadde fått fredsprisen for 2010. Men like før jul i 2016 vart det kjent at dei to landa var samde om å normalisere forholdet, og det som vart ei ekstra fjør i hatten for Per Sandberg: eksporten av laks til Kina skulla starte opp igjen og det skulle bli gullkanta tider for norsk sjømatnæring.

Men handelsfreden med Kina fekk ein høg pris i form av ein detaljert avtale der Noreg i framtida forpliktar seg til å ikkje kritisere den nye stormakta i alle saker som er viktige for kinesiske interesser. Etter dette har det offisielle Noreg knapt sagt eit kritisk ord om Kina.

Etter Kina vart også Indonesia peika ut som eit nytt marked for norsk sjømat. Men landet med 240 millionar er samstundes ein av verstingane på Amnesty sine lister for Asia med dårleg score på dei fleste demokratiske og humane verdiar utan at det hindrar framstøyt for norsk laks. Dei siste vekene har det vore mykje snakk om Iran. Her starta sjømatrådet og næringa sine vurderingar i 2016. Mange har hevda at «diktaturet» er årsaka til at næringa trekte seg frå prosjektet, men slik er det ikkje. Iran vart lagt vekk i mai 2018 på grunn av forventa betalingsproblem, og det som seinare skjedde ser ut til å være eit Sandberg-prosjekt av meir privat karakter.

Etter Sandberg overtek Harald Tom Nesvik som fiskeriminister. Også han må førebu seg på reiser til fleire arabiske land. I fylgje ei pressemelding frå 6. august skal det satsast både i Saudi-Arabia og Dei forente arabiske emiratene til hausten. Ingen av desse er utprega demokrati, for å sei det mildt. Men dette har ikkje hindra ein betydeleg eksport av våpen frå Noreg, og då er det vel ikkje så farleg med litt laks på same lasset.

Slik blir den folkerettslege fana som Noreg heldt så høgt over Krim og Ukraina, lagt vekk for å kome inn i varmen med Kina eller dei landa i Midt-Austen der krigar der vi sjølv har delteke ikkje har øydelagt all kjøpekraft. Under Per Sandberg  har Janusansiktet og dobbelmoralen erstatta den trauste fiskaren med snadda i sjømat-Norge sitt varemerke. Det einaste som er politisk korrekt her, er at fru Janus ikkje røykjer.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse