Annonse
Journalist Vilde Øines Nybakken skriver om likestilling og kjønnsbalanse i mediene. (Foto: Rose Øvretveit)

Får du ordet, ta det

Kven som blir omtala i media, seier noko om kven som har makt.

I kommunestyret er kjønnsfordelinga cirka 50/50. Det gjer det enklare å få fleire kvinner til å uttale seg om politiske saker – og vanskelegare å konkludere med at kvinner er meir interessert i fjas enn politikk.

Som journalist skal du ikkje trylle. Du skal spegle virkelegheita. Lagar du ein intervjuserie der næringslivstoppar svarar på kva dei tror det nye året vil bringe, må du intervjue næringslivstoppar. Lagar du ein intervjuserie om dei ulike ordførerkandidatane til valet, hjelper det ikkje intervjue andre enn ordførarkandidatane. Er berre to av dei ni partitoppane kvinner, kan du ikkje trylle fram nokon for å få betre kvinnerepresentasjon. Det er slik det er: Om den eine halvparten av befolkninga er overrepresentert i samfunnslivet, blir den andre halvparten dårlegare representert i media. Eller?

«Det holder ikke å speile virkeligheten når den stort sett består av gråhårede menn i 50-årene», skreiv sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv i 2018. Som journalist og kvinne, har eg gode føresetnadar for å gjere noko med dette. Forsking viser nemleg at kvinnelege journalistar oftare nyttar kvinnelege kjelder enn menn. Ifølge forskar Elisabeth Eide er det dermed viktig å rekruttere kvinner i mediebransjen for å få meir av den kvinnelege delen av befolkinga representert i media.

Kvart femte år undersøkar Global Media Monitoring Project representasjonen av kvinner og menn i media. I 2010 var berre 31 prosent av dei vi las, såg eller høyrte om i norske medium, kvinner. I 2015 sank talet til 24 prosent. Dette inkluderer også pressa sjølv. Ingvill Kjærstein skriv godt om tematikken i tidsskriftet Fett (1/2020). Her trekk ho inn ringverknadane underrepresentasjonen av kvinner har på lokalpolitikken; «Folk vil ha kandidatar med synlegheit og politisk erfaring – to område mannlege politikarar kjem betre ut av enn kvinner».

At ein må betre kvinnerepresentasjonen, er lett å vere einig i. Men når journalisten sit på desken med deadline, er det ikkje lett å practice what you preach. DN-redaktøren peikar på ei lei erfaring: Det er ofte enklare å få menn i tale enn kvinner – særleg om temaet er kontroversielt. «Da ender vi i pressen ofte opp med en kjent mann som vi vet gjerne snakker seg inn på førstesiden. I en medievirkelighet med deadline hele døgnet, blir det nærmest en konkurranse mellom kilder: Hvem sier noe interessant fort nok?».

Redaktøren peiker på at prisen for å uttale seg offentleg, ofte er høgare for ei kvinne enn for ein mann. Det finst endå menn som finn det provoserande at kvinner uttalar seg om kontroversielle temaer, skriv Djuve. Kvinner får oftare personleg- og kjønnsretta hets i sosiale medium. Ikkje nok med det, påpeiker Kjærstein i Fett to år seinare: «Kvinner blir også oftare enn menn truga til tausheit. Det vil seie at kvinner sluttar i politikken i større grad enn menn, at belastinga blir for stor». Kanskje er det derfor kvinner oftare vil sjå over sitata sine, trekke, legge til og endre dei før avisa går i trykken, enn det menn vil. Då er det meir lettvint for en journalist å velje ein mann, som Djuve konkluderar.

Du kan ta grep som journalist. Ringe fleire, leite nye stader. Det tar meir tid. Kanskje finn du erfarne, kompetente kvinner i næringslivet du gjerne skulle snakka med, men dei sit som regel ikkje med makta på toppen, er ikkje næringslivstopp. Dei politiske partia er som regel flinke til å ha både kvinner og menn representert på listene, men kvinnene blir ikkje valt inn i styret likevel. Og uansett: Kor langt hjelp det, om journalisten veit at det er meir sannsynleg at kjelda ikkje vil uttale seg, dersom ho er kvinne, og dermed meir effektivt å spørje ein mann?

Det ligg ei kommersiell interesse i å ha mangfald i avisa si, ved sidan av oppdraget å spegle samfunnet. Stavanger Aftenblad har skjønt dette når dei i vinter produserte ein film med ein kjent skodespelar som snakka om kvinnerepresentasjon i media. Kvifor betalar avisa for å få laga ein film der ein skodespelar held ein monolog om kvinneleg representasjon i media? For å svare med DN-redaktøren sine ord: «Det er krevende å være attraktiv for både kvinner og unge, hvis vi kun lager journalistikk om menn på 55». Skriv avisa om kvinner, vil fleire kvinner kjøpe avisa. Nyleg vann DN pris for godt lesarengasjement, for ei Facebook-gruppe for kvinner. Media har altså oppdaga denne kommersielle ringverknaden av å rekruttere (unge) kvinner. Kjærstein peiker på ein annan ringverknad, dersom dette ikkje lukkast: «[L]åg representasjon av kvinner i media, fører til lågare representasjon i politikken. I og for seg logisk. Diverre er det lettare å konkludere med at kvinner er meir interessert i fjas enn politikk».

Etter valet i 2019 kom fleire kvinner i maktposisjonar i Narvik. I kommunestyret er kjønnsfordelinga cirka 50/50. Det gjer det enklare å få fleire kvinner til å uttale seg om politiske saker – og i alle fall vanskelegare å konkludere med at kvinner er meir interessert i fjas enn politikk. Verknaden dette gir i media, skal i alle fall bli spennande å sjå når GMMP undersøker kjønnsrepresentasjonen neste gong. Forhåpentlegvis kjem ringverknadene ved at journalisten må svinge med penna, og ikkje med tryllestaven.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse