Annonse
VIL VÆRE ALENE: Storfjord i Troms, her fra bygda Skibotn, er en av mange kommuner i Nord-Norge som har sagt nei til kommunesammenslåing.

Det farlege demokratiet?

Nordlys burde ikke slå seg sammen med NHO for å snakke ned distriktskommunene.

Å hevde at Norge i framtida ikkje har råd til å halde oppe eit kommunesystem som sikrar lokal råderett over areal og velferdsbudsjett, er å ta for gitt at den nyliberale orden skal vinne.

Nordlys har på lederplass 5.8.16 berømma Tranøy og Lenvik kommunar for at dei ser bort frå både tidsfrist og folkemeining, og utviser det Sanner kallar «lederskap». Her gjeld det å fusjonere og og sentralisere, uansett kva folk lokalt måtte meine. Den velutdanna eliten veit best. Det er akkurat denne haldninga som har utløyst store protestar over heile den vestlege verda siste året. Folkegrupper som føler at dei er trakka på, ved å bli fråtatt jobbar og velferdsgoder, og som ser samfunnstoppane velte seg i økonomisk luksus, grip gjerne til sine demokratiske rettar og prøver å stemme ut dei som står for, og som vil føre vidare for den nyliberale orden. Men då er demokratiet ikkje så viktig lenger for eliten, folkeavstemningar er som kjent rådgivande og folk flest har jo ikkje peiling på dei store samanhengane. I den grad Nordlys gir uttrykk for slike haldningar, er avisa i selskap med Høgre, NHO, Oslo-redaksjonane og kultureliten – altså i godt selskap. Men det gjer ikkje saka betre.

Opprøret i Nord-Norge og i store delar av Norge mot ein overfrå-og-ned-prega kommunereform har ført til mobilisering, båre fram av motekspertise og grasrotaktivisme. Politisk sett er det ein venstre-populistisk allianse som avteiknar seg, mykje likt EU-motstanden i 72 og 94.  For mange i distrikts-Norge er kommunestatus det siste maktmiddelet ein har for å oppretthalde og utvikle eit eksportretta næringsliv og livskraftige  lokalsamfunn (med skole, eldreomsorg og tekniske tenester). Elitens frykt for at det ikkje er nok psykologar i distrikts-Norge er sikkert velmeint, men det er faktisk ikkje dette som er problemet i dag. Det dreier seg om å få finansiert vegar, skolar, kultur, helsetilbod og politi også på stader som er mindre enn Tromsø. På desse stadene er enhetskostnadene naturleg nok større, og det er derfor  behov for robuste, nasjonale ordningar som kan sikre geografisk utjamning. Slik har det inntil nyleg vore semje om i Norge. Vi har fortsatt gode overføringar frå sentrum til periferi, utan at byane på noko vist kan seiast å ha tapt på det (jfr. den stadig aukande tilstrømminga til storbyane).

Å hevde at Norge i framtida ikkje har råd til å halde oppe eit kommunesystem som sikrar lokal råderett over areal og velferdsbudsjett, er å ta for gitt at den nyliberale orden skal vinne over sosialdemokratisk fordelingspolitikk.   Joda, mykje tyder på at vi må leve med eit globalt hegemoni av denne typen, men skal vi berre la det fortsette?

Gjennom reportasjar, frittståande kommentarar, kronikkar og lesarinnlegg i hopetal har Nordlys vore eksemplarisk i å formidle maktkritisk kunnskap, bringe fram folkelege erfaringar og politisk kritikk. Det er lite ved kommuneopprøret som handlar om det Nordlys oppfattar som blind konservatisme og søk etter konsensus. Einkver som i sommar har reist rundt i landsdelen må ha lagd merke til det nye som er på gang i form av kreativ nærings- og samfunnsutvikling. Eldrebølga er der, men er under langt betre «kontroll» i småkommunar enn i dei større byane. Nordlys burde la NHO få fortsette med å snakke ned distrikts-Norge, aleine.   

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse