Annonse
Vi treng ein konferanse som set spørjeteikn ved dagens forvaltning av ressursane i Finnmark. Som stiller spørsmålet om kva som trugar samisk kultur og språk og korleis desse trugsmåla skal slåast tilbake. Men den konferansen blir ikkje arrangert av FeFo. Det må nokon annan gjøre. Plassen er ledig, skriver Svein Lund. (Foto: Tor Kjetil Kristoffersen)

Med FeFo for eller mot samisk kultur?

Eg har vore på ein selsom konferanse.

INGEN av representantane frå fylkeskommunen tok ordet på konferansen. Ingenting tyder heller på at dei har noko engasjement for å ta vare på samisk kultur og språk, og dei slapp lett unna spørsmålet om kva konsekvensar politikken deira har på dette området.

Arrangør var den ikkje mindre selsomme konstruksjonen ved namn Finnmarkseigendommen / Finnmárkoopmodat, mest kjent som FeFo. Det er ein institusjon som ingen riktig veit om er offentlig eller privat. FeFo er oppretta etter Finnmarkslova av 2005, men har i seinare år utmerka seg ved eit mildt sagt noko anstrengt forhold til formålsparagrafen i denne lova. Bakgrunnen for opprettinga av FeFo er ei erkjenning frå styresmaktene av at Staten ikkje hadde eigedomsrett til Finnmark. Likevel brukar FeFo nettopp Staten sin påståtte eigedomsrett til å avvise alle andre rettskrav i Finnmark. Når ein slik institusjon inviterer til konferanse med uttalt mål å styrke samisk språk og kultur, ja da må resultatet bli – kva skal ein seie – noko forvirrande.

Konferansen hadde fått namnet Nanne/Styrk og det som skulle styrkast var altså samisk språk og kultur. Til det hadde ein fått ei rekke gode foredragshaldarar. Ikkje til forkleining for nokon andre, men i særklasse var det inspirerande foredraget om revitalisering av det umesamiske språket. Parola var: Ikkje gi opp, sjølv om det kan sjå svart ut. Eg lar meg inspirere av det og tenker at vi ikkje skal gi opp, sjølv om FeFo, som skulle sørge for at finnmarkingane fikk råderetten over utmarka tilbake, no står for fornekting av lokale rettar og for naturrasering til beste for gruvespekulantar og vindbaronar.

Foredraga var interessante nok, om den historiske utviklinga av samerørsla, om lokalbasert joik, gjenoppliving av sjøsamisk tradisjonskunnskap, Nessebymodellen for lokal forvaltning, vill mat i barnehagen, urfolk i Amerika og demografisk utvikling i samiske kommunar. Interessante var også sofasamtalane med forskjellige samiske representantar for musikk og matkultur. Men kor var den raude tråden? Kor var dei som skulle trekke dette saman og peike framover? Som skulle vurdere FeFo sin praksis i fortid, notid og framtid i lys av dette? Dei glimra med sitt fråver.

Av alle bestilte foredragshaldarar var det bare sametingspresidenten som våga seg frampå med kritikk av FeFo sin praksis, bl.a. for at direktøren og styrefleirtalet har støtta gruveprosjektet i Repparfjorden stikk i strid med reindrifta, fjordfiskarane og Sametinget. Det skal litt til når ein er invitert til å halde opningstale på ein konferanse å bruke denne til å kritisere arrangøren. Men det torde ho og all ære til henne for det. For andre var det ikkje bare å slippe til. Om vi hadde innbilt oss at konferanse ikkje bare betydde foredragsrekke men også debatt, så tok vi visst feil. Første dagen var det etter 5-6 foredrag plass for 2 – to – korte spørsmål frå salen. Andre dagen var det litt meir, men det blei presisert at det skulle vere spørsmål, ikkje debatt. Fleire deltakararar gjorde sitt beste for å sabotere dette, men likevel sat det igjen at debatten var uønska.

Tvert gjennom FeFo og tvert gjennom Finnmark og Noreg går konflikten om framtida skal byggast på vidareutvikling av naturgitte næringar og tradisjonell kunnskap eller på å slippe internasjonal industri til i fjordane og på viddene. Om nokon hadde fått i oppdrag å analysere denne konflikten, og gjøre det ope, kunne det blitt ein interessant og utviklande debatt. Slik blei det ikkje, for kampanja for industrialisering av naturen blei pakka inn i professoral og «nøytral» forsking, som sa at dei gamaldagse naturbaserte næringane ikkje kan sikre busettinga, det kan bare den moderne utvinningsindustrien gjøre. Det var som å høre eit ekko av styrefleirtalet i FeFo når dei ønsker gruver, vindkraft, oppdrett og olje. Og kva er vel da betre enn å få servert dette partsinnlegget kamuflert som vitskap? Vi kan og spørje, var det heilt tilfeldig at ein for å analysere samepolitikken si utvikling valde eit tidligare styremedlem i Arctic Gold?

Målsettinga var altså styrking av samisk språk og kultur og mange fine styrkingstiltak kom fram, men det var ingen analyse av kva som er dei store utfordringane for samisk kultur og språk i dag. Det er forsåvidt forståelig, ettersom FeFo i dag ikkje er ein del av løysinga, men ein del av problemet. Fleire innlegg viste til striden om Samerettsutvalet og Finnmarkslova. Underteikna nemnde på Samerettsutvalet si innstilling med namnet «Naturgrunnlaget for samisk kultur». I dag er dei største trugsmåla mot dette naturgrunnlaget nettopp vindkraft og gruver, som FeFo i stor grad støttar opp om og vonar å tene pengar på.

Som ein konferanse for samisk språk, måtte ein sjølvsagt ha tolking og høve til å velje språk. Det foregikk på den måten at sametingspresidenten, som sjølv har norsk som sitt førstespråk, heldt talen sin på samisk. Deretter heldt tre innleiarar med samisk som førstespråk innlegga sine på norsk!

Da eg endelig fikk ordet til ein kommentar, måtte eg seie at eg kjente meg forplikta til å halde innlegget på samisk, ettersom eg hadde forstått det slik at her skulle ein ikkje uttrykke seg på morsmål, men på andrespråk. Dagen eller blei det enno verre, da snakka like godt alle norsk.

Dei som kunne uttrykt seg best på samisk om samisk mattradisjon og naturbruk, dei blei for sikkerheits skuld intervjua av ein som ikkje kunne samisk, så blei det på norsk og. Kanskje ikkje heilt gjennomtenkt og tilsikta, men konferansen blei slik sett ei strålande framsyning av den paradoksale situasjonen for samisk språk, der språket ikkje blir brukt når det trengst, men meir til pynt.

Kva var så eigentlig vitsen med konferansen? Eg undra meg meir og meir mens han gikk og eg undrar framleis etterpå. For å vere ærlig, ser eg bare ein viktig funksjon: Konferansen hadde som oppgåve å vere avleiingsmanøvre frå FeFo si side. FeFo har i dei 14 åra han har eksistert møtt meir og meir kritikk. På eine sida frå dei som ikkje likar at FeFo etter lova skal styrke nettopp naturgrunnlaget for samisk kultur, på andre sida frå dei som er misnøgde med at dei gjør det motsette i praksis. Derfor gjeld det å leie kritikarar i vid ring rundt den varme grauten.

FeFo har som kjent eit styre der 3 er vald frå fylkeskommunen, 3 frå Sametinget. Sidan konferansen var knytta til styremøte, så var dei visst der alle saman, men INGEN av representantane frå fylkeskommunen tok ordet på konferansen. Ingenting tyder heller på at dei har noko engasjement for å ta vare på samisk kultur og språk, og dei slapp lett unna spørsmålet om kva konsekvensar politikken deira har på dette området. På eine sida hadde det aldri vore noko FeFo om det ikkje var for kampen for samisk rett til land og vatn, med Altakampen og sultestreikane som utløysande faktor. På andre sida er FeFo dominert av fylkespolitikarar frå dei partia som trumfa gjennom Alta-utbygginga og som i dag står for liknande inngrep, bare i mye støtte omfang. For dei er det samiske bare noko brysomt som står i vegen når dei skal legge vidda og fjordane ope for internasjonal kapital. FeFo har blitt «den sjuande stállu», makta i samisk forkledning.

Jo, vi treng ein konferanse i tilknyting til FeFo. Vi treng ein konferanse som set spørjeteikn ved dagens forvaltning av ressursane i Finnmark. Som stiller spørsmålet om kva som trugar samisk kultur og språk og korleis desse trugsmåla skal slåast tilbake. Men den konferansen blir ikkje arrangert av FeFo. Det må nokon annan gjøre. Plassen er ledig.
 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse