Annonse
Eg håper at vi snart kan få ein konferanse som går rett på dei vanskelige, men heilt nødvendige spørsmåla om utmarksforvaltninga i Finnmark, skriver Svein Lund. (Foto: iFinnmark)

FeFo fortsatt rundt grauten

Det er gledelig å sjå at det har kome så mange reaksjonar på det lille skriveriet mitt om FeFo sin konferanse i Alta nylig. Forbausande mange positive reaksjonar, både frå folk som var og ikkje var på konferansen tyder på at eg må ha truffe på noko som også mange andre har tenkt. Eg vågar meg på å sitere frå ein av dei mange reaksjonane eg har fått:

«Ditt innlegg Svein setter fingeren på det ømme punktet: Hva var egentlig målet med konferansen? Den sprikte til alle kanter, hvor programmets fellestrekk var berøringsangsten på det som er kjernen i FeFos virke - å operere i et konfliktfyllt landskap og hvor 'samisk kultur' i formålsparagrafen er konkretisert til arbeidsplasser og bosetting (jf nussirvedtaket).»

At ikkje FeFo sin informasjonssjef er samd i kritikken er vel ikkje anna å vente, men treng han enno ein gong å gjøre det som eg kritiserte, nemlig å gå som katta rundt den varme grauten og snakke om noko anna når hovudproblemet blir for pinlig?

Det dreier seg ikkje om foredraga og samtalane var gode eller om eg har fått utbytte av dei. Dei aller fleste var gode, og eg hadde også utbytte av å delta, sjølv om det kanskje blei på ein annan måte enn det eg hadde håpa. Det må visst gjentakast med teskjeier: Det dreier seg om FeFo sin praksis i forholdet til grunnlaget for sin eigen eksistens: Samerettsutvalet si innstilling «Naturgrunnlaget for samisk kultur» og Finnmarkslova sin §1: «Lovens formål er å legge til rette for at grunn og naturressurser i Finnmark forvaltes på en balansert og økologisk bærekraftig måte til beste for innbyggerne i Finnmark og særlig som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv.»

FeFo inviterer til konferanse om å styrke samisk kultur og språk og unngår fullstendig å ta opp sine eigne brot på dette formålet. Det grellaste eksempelet er Nussir, som kanskje kunne vore stoppa om ikkje fylkeskommunen sine representantar i FeFo hadde pressa gjennom eit ja. Det dreier seg om engasjementet i Finnmark Kraft, som har lansert ei rekke vindkraftprosjekt i strid med både reindrifts- og friluftsinteresser, og det dreier seg om at FeFo ser eigen eigedomsrett overalt som eit mål og slik motarbeidar Finnmarkskommisjonen.

Det dreier seg og om ei rekke konfliktar rundt jakt- og fiskeforvaltninga som eg ikkje skal gå i detalj på. Det er praksisen i desse sakene som avgjør om FeFo styrkar eller svekker samisk språk og kultur. Og dette var ikkje tema.

Så får eg håpe at vi alle har lært av dette og at vi snart kan få ein konferanse som går rett på dei vanskelige, men heilt nødvendige spørsmåla om utmarksforvaltninga i Finnmark. Så vil eg ønske det nye FeFo-styret lukke til og god betring.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse