Annonse
Foto: Colourbox

Feil i Koranen

Så alle faktafeila, etc. i Koranen provar 100% at det ikkje er sant at boka er diktert av ein gud, og dermed at Islam og muslimsk terror bygg på ei bok som ikkje kjem frå nokon gud.

Underskrivne er ein søring som snubla over kommentarartikkelen i Nordlys med påstanden om at ingen ting vi gjer med muslimsk terrorisme, har særleg verknad, dersom ikkje muslimane tek eit indre oppgjerd. Dette er feil. Det finnest minst ein veg til å gå:

Islam og islamisme bygg båe på boka Koranen - og dei radikale islamistane ligg nærast opp til Koranen sine ord (så eit indre oppgjerd kan lett føra til berre tap eller i alle fall polarisering). I motsetnad til td. Bibelen, påstår både Koranen sjølv og Islam at boka er dei eksakte orda til ein allvetande gud, Allah. For å vera nøyaktig er påstanden at Koranen er eksakt sitat frå ein original frå før verda vart til - “Moderboka” - som ligg i Himmelen og er høgt respektert av Allah og av englane.

Men Koranen er full av faktafeil, etc. Td. listar “www.1000mistakes.com” opp utrulege 1750+ faktafeil, 350+ andre ikkje-religiøse feil og 300+ sjølvmotseiingar i Koranen = 2400+ feil. “Regeringskontoeret for Religion” i Malaysia prøvde å få  boka utvist frå nettet, men fann ingen feil i den alvårleg nok til å nytta som argument for utvising = listene og kommentarane i www.1000mistakes.com er kort og greidt rette.

I tillegg har ein eit faktum til: Koranen har svært mange “bibelske” punkt. Men på heile 1500+ punkt avvik det Koranen fortel Bibelen seier, frå kva Bibelen verkeleg seier (det er berre ei einaste kort setning “bibelsk” stoff som er identisk i dei to bøkene). Muhammed påsto utan vidare at grunnen var at Bibelen var forfalska, og at hans versjonar var dei rette.

Men moderne vetskap har for lengst og sterkt prova at Bibelen ikkje er forfalska. Det kan vera eit mindre tal feil i den, men ingen forfalskingar. Det beste provet for dette er at hadde ein funne ei einaste prova forfalsking i Bibelen, hadde Islam BRØLT ut om den. Ingen har høyrt slike brøl. Her kan altså ligga 1500+ feil til.

Muhammed og Islam si godkjenning av bruk av al-Taqiyya (lovleg løgn), Kitman (lovleg halvsanning), Hilah (lovleg late som), lovleg luring og bedrag (basert på Muhammed sitt føredøme og ord), lovleg misbruk/brot av ord og sjølv eidar (koranvers som 2/225, 5/89, 16/91, 66/2), etc. - og også den vesle boka “Muhammad Lying in the Quran”, Amazon, som listar opp 100 punkt der Muhammed klart eller beviseleg lyg i Koranen - kan ha relevans her.

Men ingen allvetande gud gjer feil eller treng å lyga i si heilage bok. Pluss ingen allvetande gud kjenner Bibelen så dårleg, at han feilsiterar den hundrevis av gongar. Og ikkje minst: Ingen gud høgrespekterar ei bok full av feil i sin Himmel.

Så alle faktafeila, etc. i Koranen provar 100% at det ikkje er sant at boka er diktert av ein gud, og dermed at Islam og muslimsk terror bygg på ei bok som ikkje kjem frå nokon gud.

Jau, Islam har “forklaringar” på alle feila. Men kven er i stand til å tru ein gud treng bortforklaringar - ofte naive - på kan henda 4ooo punkt i ei bok på vel 500 sider? Og kven er i stand til å tru at menneske er flinkare til å forklara enn ein allvetande gud, som attpåtil seier han har forklara alt enkelt og tydeleg i Koranen, eller at menneske veit betre enn guden sjølv kva guden “eigentleg” meinar?

Grundig spreiing av denne kunnskapen og dokumentasjonen vil ha verknad, kva antan muslimane tek eit indre oppgjerd eller ikkje. Slik kunnskap og dokumentasjon kan vi alle spreia. Og vi bør gjera det, for i ein tidlegare periode der vald, terror og drap var hovedargument for Islam - under assassinane - tok det 180 år og dei mektige og omsynslause mongolske armeane å gjera slutt på terrorisma. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse