Annonse
Hallvard Tjelmeland svarer på dette innlegget fra Ivar Bjørklund.

Feil om fornorsking

Ivar Bjørklund har 29. november eit innlegg retta mot organisasjonen etnisk og demokratisk likeverd (EDL). Eg er samd i at EDL byggjer på ein eldre tanketradisjon som er problematisk. Dessverre kjem Bjørklund i skade for å gi feil informasjon om grunnlaget for Arbeidarpartiet sin samepolitikk i dei første tiåra etter krigen.

Det heiter nemleg at Arbeidarpartiet sin likskapspolitikk innebar ein politikk som «ikke ga rom for verken økonomisk eller kulturell forskjellighet». Han må lesast slik at han meiner dette gjaldt langt inn i etterkrigstida. Det stemmer ikkje. Dei første små steg mot den herskande fornorskingspolitikken kom alt med samiske sendingar på slutten av 1940-talet. I 1953 etablerte det Arbeidarparti-dominerte fylkestinget i Finnmark eit Samisk råd for Finnmark. Tre år seinare sette regjeringa Gerhardsen ned Samekomiteen av 1956, med arbeidarpartipolitikaren Per Fokstad frå Finnmark som leiar. Den kom med si innstilling tre år seinare, og leiinga i Arbeidarpartiet ga med ein gong støtte til dei kulturpluralistiske tankane som låg der. Innstillinga representerte eit
klart brot med assimilasjonspolitikken overfor samane.

Samekomiteens innstilling vart følgd opp med ei stortingsmelding i 1963 med Harald Samuelsberg frå Finnmark, den første samen på Stortinget sidan Isak Saba, som saksordførar. Her vart det lagt fram ei rekke forslag i tråd med tenkinga bak innstillinga, rett nok i nedtona utgåve. Både Samekomiteens innstilling, stortingsmeldinga og vedtaka i Stortinget la til grunn at samane hadde rett til å få støtte til å ta vare på sin kultur, og det kom ein lovresta rett til undervisning i samisk i grunnskoleloven i 1967 og kort tid etter eit samisk gymnas og samiske kulturinstitusjonar.

Haldningane i Karasjok Arbeidarparti på 1960-talet, som Bjørklund viser til, er rett og slett ikkje representative – verken for Arbeidarpartiet på landsbasis og heller ikkje heilt for Finnmark Arbeidarparti, sjølv om det var sterk strid om samepolitikken her fram til 1980-talet. I etterkrigstida har det med andre ord ikkje vore ein nødvendig motsetning mellom ein politikk for sosial likskap og for at samane skulle kunna vedlikehalda sin kultur.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse