"Folk flest på kysten er truleg ikkje så ulike folk flest i Frp"

Våren 2014 gav Frp sitt landsmøte stortingsgruppa ordre om å røyste nei til struktukvoter i den minste kystflåten. Eit sviande nederlag for Elisabeth Aspaker. Ein siger for Per Sandberg.

"Per Sandberg vil også møte sterke krefter som vil han skal fullføre den politikken der Høgre sette fareten opp"

Per Sandberg var mannen som på den tid var i sterk opposisjon til si eiga regjering. Ein fortørna kritikar og ein uredd talsmann for alle dei sakene som Framstegspartiet på den tida såg ut til å tape. Mest av alt handla det om innvandring, men også i fiskeripolitikken var det uro mellom Frp-folk nordover kysten. I Sundvollen-erklæringa fekk Høgre gjennomslag for å innføre handel med strukturkvoter for cirka 1400 av dei minste sjarkane som samstundes utgjer den største gruppa i fiskeflåten.

Men då fiskeriminister Elisabeth Aspaker starta arbeidet med å setje dette ut i livet, var det landsmøtet i Frp som sette foten ned. Eit stort fleirtal på landsmøtet instruerte stortinggruppa å sei nei til eit slikt forslag – om det kom. Noko det aldri gjorde. For også Høgre i Finnmark var i mot. Norges Fiskarlag vakla lenge, men bad til slutt Aspaker om leggje forslaget tilbaka i skuffa. Og slik vart dette så langt ein politisk siger for Norges Kystfiskarlag og Frp. Og ikkje minst Per Sandberg.

For det er all grunn til å tru at den nye fiskeriministeren var svært tilfreds med landsmøtet sitt vedtak. Det vesle grasrotopprøret på Gardermoen viste at fritt fiske med passive reiskaper i båtar under ti meter, og kanskje også litt meir, framleis er god Frp-politikk. At Per Sandberg var tilfreds med dette opprøret er det ingen grunn til å tvile på.

Om han er like tilfreds når han i morgon møter opp i Fiskeridepartementet vil vise seg, for den avtroppande fiskeriministeren har henta strukturforslaget for den minste sjarkflåten oppatt frå skuffa og no vil fiskarlaget ha fart i saka. Men også fiskarbønder både i sør og nord røystar Frp. og forventar no at Sandberg framleis viser respekt for eit landsmøtevedtak.

På bordet etter Aspaker ligg også eit forslag å vidareføre leveringsplikta til trålarane etter Svein Ludvigsen sin omstridde modell; Frå 2003 var det nok at fiskeindustrien fekk tilbod om å kjøpe fangstane. Men fordi denne flåten, då som no, leverer fryst råstoff til mykje høgare pris, må industrien som vil ha fersk fisk takke nei. Difor vert fangstane ikkje landa slik dei opprinneleg skulle, og slik vil det bli også i framtida om Aspaker frå det slik ho vil. I verdi handlar dette om eit privilegium og ei gåve til Røkke-flåten verdt mellom 500 millionar og tre milliardar, alt etter korleis ein reknar. For Nergård-konsernet litt mindre enn det halve.

Folk flest på kysten er truleg ikkje så ulike folk flest i Framstegspartiet. Og i Nord-Noreg har Frp i det siste vore overtydelege på at dei har lite sans for Fiskeridepartementet si utdeling av privilegium til ei lita gruppe av kvotebaronar. Særleg når dette skjer utan krav om vederlag til fiskerisamfunn som på denne vert tappa for råstoff og arbeidsplassar; heile det historiske livsgrunnlaget. Her vil nye runder med strukturkvoter gje same resultat. Med ein kraftig nedgang i talet på båtar og fiskarar blir fiskeindustrien tilslutt utblødd. Ti år med strukturering i kystflåten har allereie sett sine spor.

Det kjem ikkje til å gå mange dagar før Per Sandberg får slike tilbakemeldingar frå ulike kantar av kysten. Men han vil også møte sterke krefter som vil han skal fullføre den politikken der Høgre sette farten opp, og som Arbeiderpartiet før der igjen også slo til lyd for. Frp sine partilag i Austevoll, i Måløy og Herøy vil kome med heilt andre innspel enn det han har fått frå Gamvik og andre kommunar i Finnmark. Partiet er åpent både for superliberalistar og fiskarbønder. Dei første vil fjerne alle lover og reguleringar i sjømatnæringa. Dei siste tviheld på alt som er att av den gamle råfisklova.

Slik sett møter Per Sandberg dei same konfliktene som forgjengarane sine. Men fiskeridebatten i Frp på neste årsmøte kan bli meir avgjerande enn grasrotopprøret for å berge småsjarkane i 2014. Før valget i 2013 antyda Siv Jensen at fiskeripolitikken var den saka der Høgre og Frp kanskje var mest usamde. I dag ser ho truleg også faren for at det kan splitte regjeringa, og har nok allereie lagt ei strategi for det.

Om Per Sandberg mislukkast som fiskeriminister vil resultatet kunne bli fatalt for partiet. Eit anna parti som veit mykje om slikt er Kristeleg Folkeparti som måtte betale dyrt for at dei ikkje sette foten ned for mykje av det Svein Ludvigsen pressa gjennom under Bondevik 2-regjeringa i 2001-2005, medan stortingsgruppa vrei seg som makk i salt. Oppgjeret kom på landsmøtet etterpå, og Krf veit mykje om kor farleg det er å gje etter for Høgre.

Her har Framstegspartiet mykje å lære, og her kan norsk fiskeripolitikk få ein ny dimensjon i åra som kjem. Etter at innvandringspolitikken skapte ein isfront, kan vi for første gong få oppleve ei vennleg og tillitsfull samtale mellom Per Sandberg og Knut Arild Hardeide der dei kan bli nøydde til å finne ein heilt annan tone.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse