Annonse

Fiskeriministeren er ingen politisk påfugl

Geir- Inge Sivertsen overtar det politiske ansvaret for ei næring som 2019 eksporterte for 110 milliardar kroner.

Godt forankra i Troms Høgre kom Svein Ludvigsen med fiskeripolitiske stormvarsel frå yttersida. Per Sandberg hadde unekteleg tillagt seg ein dæsj av Senja før det vart Iran. Korleis vil den nye fiskeriministeren Geir-Inge Sivertsen, ta opp arven?

Han kjem til eit departement der det ligg haugar med uferdig arbeid etter Harald-Tom Nesvik (FrP). Mellom anna ei kvotemelding som ingen jublar for, og der alle fann forslag som dei absolutt ikkje vil vite av. Den nye regjeringa må innrette seg etter at dei ikkje lenger har fleirtal på Stortinget. På fleire saksfelt har FrP allereie no skapt uvisse om dei framleis vil støtte forslag som dei stod bak i regjeringa.

Dagens regjering er tilbake med ein noko meir normal departementsstruktur etter at Erna Solberg sette opp mange politiske påfuglbur, først og fremst for at FrP skulle få flagre med nypåklistra fjør. Statsrådar som også måtte ha eit byråkrati bak seg. Rådgjevarar og kommunikasjonsfolk til å profilere og overtyde om samfunnsnytta, fleire svarte, skotsikre bilar, sjåførar og spesialtrena politifolk – mørkkledde dei også for lose dei nye makthavarane gjennom folkemassane i Oslo. For bak  hushjørna i gater der trafikklysa berre viser grønt kan det likevel kanskje vere ein terrorist. Svartkledd, ho også.

Det var slett ikkje gratis då Sølvi Listhaug jaga ut Kjell Børge Freiberg ut av Olje- og Energidepartementet for å overta plassen hans i fire veker, sjølv om begge visste at FrP skulle ut av regjeringa om kort tid. Kanskje dempar retrettstillingar på Stortinget noko av kostnadane, men det er ingen tvil om at Solbergs  politiske påfugloppdrett har kosta millionar av kroner. Vi kunne henta heim mange IS-kvinner for denne prisen. Men det går an å forstå at det visstnok er ingen som vil.

Med den nye mindretalsregjeringa går det mot meir normale tide med færre «tulledepartement» som NRKs Magnus Takvam kalla det på Dagsnytt18 her ein kveld. Heilt fritt blir det likevel ikkje med Linda Hofstad Helleland i den nye kombinasjonen «distrikt og digitalisering». Ho starta distriktsreisa med å dra til Tromsø for å snakke med pressefolk, kanskje også forskarar, på Arctic Frontiers. I den dagsaktuelle situasjonen burde ho kanskje møtt problema i distrikts-Noreg med ein ferjetur oppover Nordlandskysten. Møtt dei som betalar ferjeprisane. Men gjerne også eit stopp i Sandnessjøen for å lære meir om at helsepolitikk og lokalisering av sjukehus også er viktige for balansert regional vekst. Eller på Nesna for å få eit inntrykk av kva som vil skje når dei som har ansvaret for utdanningspolitikken nektar, eller blir nekta, å ta dette ansvaret. Kanskje burde ho også ha stoppa i eit par fiskerikommunar som ligg i skuggen av dei mest ekspansive fiskeværa som har sikra seg ein lokal kvotebaron eller to. Kanskje fått eit inntrykk av at den sterke veksten i sjømatnæringa er ulikt fordelt. Og fått vite litt om årsakene til dette. Om ulik makt over råstoff og sjøareal. Om balansen mellom sjø- og landsida. Om sosial dumping og fiskerikriminalitet der den etablerte næringa eig mykje verre historier enn dei sjølve fortel om turistfiskarane.

No blir dette først og fremst ei sak for den nye fiskeriministeren, men det er også ein viktig del av Fiskeridepartementet sin tradisjon for distriktspolitikk. Ikkje alle likar dette, men vi har framleis paragrafar i havressurslova som bind fiskeriministeren til masta. Her skal Geir- Inge Sivertsen overta det politiske ansvaret for å forvalte ei næring som 2019 eksporterte for 110 milliardar kroner. Sjølv om verdiskapinga er mykje mindre, er dette uansett fantastisk mykje pengar. Oppdrett står for nesten cirka 70 prosent av dette, og utviklinga i lakseproduksjonen set stadig nye krav både til politikken og forvaltninga i regjering og departement.

Saker er det nok av. Forslaget om ein «lakseskatt» er nok først og fremst ei sak for Finansdepartementet, men som eit alternativ til dette har næringa og fleire kystkommunar på nytt snakka saman om ei arealavgift. Det viktige spørsmålet her er kor mykje næringa toler å betale, og korleis dette skal fordelast mellom stat og kommunar. Blir trykket for hardt er utflagging både eit alternativ og trugsmål. Om dei blir i landet kan flytting av oppdrett «til havs» bli aktuelt. Men ikkje lenger enn utanfor grunnlinja pluss ei nautisk mil. Då kan dei framleis sjå heim i fjæresteinane, men grunnlaget  krevje inn arealavgifter vil endre seg.

Med kvotemeldinga frå Nesvik får Sivertsen minst ei sak eksplosiv sak i fanget. Kanskje meir brennbar enn nokon gong etter å ha lagt til tørk i snart eit år. Med Venstre i regjering greidde FrP-statsråden å få gjennom at «det er således ikke endringene i kvotesystemet som skal bidra til å nå regjeringens klimamål».

Dette er sterk kost i hardkøyret for å redusere utslepp av klimagassar i alle næringar. Og ingen må tru at dei skal sleppe billigare enn andre. Korleis Ola Elvestuen som klimaminister kunne vedta denne meldinga i statsråd er ei gåte. Endå rarare er det at denne saka ikkje eksploderte i den aggressive klimadebatten som Venstre og FrP hadde i fjor haust.

Saka er brennbar fordi fiskeflåten er ein av verstingane når det gjeld fossile utslepp. Subsidiane går ikkje ned, og internt i flåten brukar dei minste sjarkane berre ein tredjedel av det drivstoffet trålarane gjer per kilo landa fangst. Dermed blir også dette eit spørsmål om fordelinga av fiskeressursane mellom ulike flåtegrupper er den optimale. No vil det vise seg om Venstre føler seg sterke og modige nok til å ta ein omkamp på dette. Viss ikkje er dei som Listhaug seier; grå og kjedelege.  Eller til og med feige?

 

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse