Annonse
TILSLØRER: Olav Flaate mener Torbjørn Røe Isaksen tilslører virkeligheten i sitt innlegg «Et abonnement på velferd». Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Det er fleire gode grunnar for kritikken mot EØS-avtalen

trategien frå både regjeringa og Ap er å koma med skræmepropaganda og føra folk bak ljoset  samstundes som dei  arbeider for at Noreg skal bli EU-medlem.

« EØS betyr mye, også for Troms»

Dette var titelen på eit debattinnlegg i aviser i Troms i forkant av kommunevalet 9. september 2019. Det var skreve av utanriksminister Ine Eriksen Søreide og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. I innlegget sitt kallar dei EØS-avtalen «Et abonnement på velferd»

Dette sitatet er ein påstand som er direkte løgn. Å lyga eller å tilsløra verkelegheita er blitt, slik eg ser det, eit kjenneteikn på mange politikarar, særleg i regjeringa og store delar av Ap, som i mange saker er som eit tvillingparti til Høgre.

Ministrane trekk fram datagrunnlag frå SSB (statistisk sentralbyrå), som viser at «78  prosent av verdiene som bedrifter i Troms eksporterer går til EU/EØS-området. 80 prosent av all norsk eksport går nemlig til EU/EØS-området.»

Ministrane poengterer noko som er barnelærdom for mange i dag, nemleg at Noreg har hatt ein stor eksport til dei europeiske landa sidan lenge før EØS-avtalen formelt vart underteikna. Noreg hadde allereie  ein Handelsavtale med EF den gongen EØS-avtalen vart underskriven.

Denne Handelsavtalen var tosidig. Det tyder at Noreg og EF( som EU vart kalla då) var likestilte partar. EF(EU) kunne ikkje den gongen koma med mange lover og direktiv, som Noreg måtte innlemma i det norske lovverket. Noreg måtte heller ikkje betala fleire milliardar kroner  får å inngå ein avtale med EF(EU), slik det er når det gjeld EØS-avtalen.

EF(EU) kunne heller ikkje gjera bruk av Handelsavtalen frå 1973 til å gripa inn i Noreg sin suverene rett til å forvalta norske naturressursar eller gripa inn i norsk finanspolitikk.

Gjennom EØS-avtalen har no EU kontroll og styringsmydigheita til norsk vasskraft og energiproduksjon gjenneom  ACER, EU sitt energibyrå. Regjering og storting har, gjennom EØS-avtalen,  overført finanstilsynet av norske bankar og finansieringsinstitusjonar til den europeiske sentralbanken i Frankfurt.

EØS-avtalen grip og inn i norsk arbeidsliv der EU – lover gjeld framfor norske lover. Og med fri flyt av arbeidskraft frå heile EU/EØS området med langt dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn i Noreg, har dette ført til mykje utryggare arbeidplassar for ei rekkje norske arbeidstakarar.

Difor ynskjer og store delar av fagrørsla å sei opp EØS- avtalen.

Dei to ministrane skriv derimot: « Det er derfor et behov for å minne om at hvor mye den (EØS-avtalen) betyr.For avtalen virker i det stille, selv om kritikken mot den fra motstanderne  er høylytt. «

Det er fleire  gode grunnar for kritikken mot EØS-avtalen, den avtalen som den politiske og økonomiske eliten i Noreg så krampaktig forsvarer. Han har ein djuptgripande verknad for samfunnsutviklinga her i landet . Han virkar dagleg « i det stille» på den måten at han kneblar det politiske Noreg på alle nivå. Gjennom EØS-avtalen dikterer EU  offentleg sektor til å lysa ut på anbod offentlege prosjektarbeid og ofentlege innkjøp over ein viss kostnad i heile EU-EØS – området. I tillegg vil EU innføra tilsyn med forslag til lovvedtak i offentleg sektor for å til dømes hindra lovvedtak som går ut på å stoppa bygging av kjøpesentra for å verna om småforretningar og kommunesentra.

Grunnen til dette er at slike vedtak kan vera i konflikt med EU sitt tenestedirektiv, som er blitt ein del av norsk lov gjennom EØS-avtalen.

Ministrane sin påstand om at EØS-avtalen er « et abonnement» på velferd, må dei gå lenger ut på landet med, for å sei det på eit folkeleg språk.

Velferd omfattar så mykje, frå det daglege tenestetilbodet som barnehage,skule, pleie og omsorg , ulike trygdeordningar og andre  tilbod, som offentleg sektor yter ibuarane sine.

I den samanhangen høver det godt å trekkje fram det regjeringsoppnemnde Hjelmengutvalet, som Røe Isaksen står bak.

Mandatet for dette utvalet er å tilretteleggja for  EU sitt ynskje om å privatisera og konkurranseutsetja så mykje som mogeleg av tenestene frå offentleg sektor.

Det er nok å gå til den storstila privatiseringa og oppsplittinga av  NSB, den norske statsjarnbanen.

Hjelmengutvalet legg vidare opp til at all økonomisk aktivitet i kommunal regi skal drivast som om det var ei privat verksemd.

Forslaget kjem frå ESAEU sitt overvakingsorgan. ESA grunngir dette med at offentlege verksemder har skattefritak og ikkje kan gå konkurs og får  dermed fordelar framfor private verksemder som driv med det same.

Konsekvensen av denne EØS – relaterte privatiseringa kan bli at kommunal kino, symjehall, fotball og treningshall, skulefritidsordning, kulturskule, kantinedrift og gravstell kan bli mykje dyrare for brukarane, det norske folk.

Når ministrane karakteriserer EØS-avtalen som « et abonnement på velferd», kan dei ikkje vera orienterte om kva deira eiga regjering har innført.

Dei har redusert velferdsytingar til dei som treng det mest, frå AAP ordningar til pensjonar for uføretrygda.

Samstundes har det vore fleire store reformar,  samanslåingar og til og med nedleggjing av offentlege institusjonar, som alle spelar ei viktig rolle for folk si velferd.

Ministrane legg for dagen eit krampaktig forsvar for EØS-avtalen når dei samanliknar Brexit med ei eventuell oppseiing av EØS-avtalen for å erstatta han med ein «normal» tosidig handelsavtale mellom Noreg og EU. Det er stor ulikskap mellom det å sei opp eit EU-medlemsskap og det å sei opp ein EØS-avtale. Det står i EØS-avtalen at ein avtalepart når som helst kan sei opp denne avtalen med eitt års varsel.

Strategien frå både regjeringa og Ap er å koma med skræmepropaganda og føra folk bak ljoset  samstundes som dei  arbeider for at Noreg skal bli EU-medlem.

 Den dynamiske EØS-avtalen dreg Noreg tettare og tettare inn i EU-systemet.

To gonger har det norske folk røysta nei til EU-medlemsskap. Kvar gong kom det mykje skræmepropaganda både frå Høgre og Ap om dei katastrofale konsekvensane eit nei til EU medlemsskap ville få for Noreg. Blant anna ville det føra til eit tap av 100 000 arbeidsplassar.

Mange veit at det var det motsette som skjedde.

Det er fleire gode grunnar til å erstatta EØS-avtalen med ei modernisert utgåva av den gamle Handelsavtalen mellom EU og Noreg, slik at det norske folk nok eingong vert herrar i eige hus.

Då har me sjølve handa på rattet når det gjeld å leggja til rette for den velferda me ynskjer for kvarandre.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse