Annonse
SØKE OM Å BLI DELT: eI folkerøysting er unødvendig, vi kan heller berre søke om å bli delt no, meiner Troms og Finnmark SV. Foto: iFinnmark

Folkerøysting er unødvendig

Fleire har tatt til orde for det kan vera aktuelt med ei folkerøysting i samband med stortingsvalet i 2021 om å reversere tvangssamanslåinga av fylka Troms og Finnmark. SV meiner dette er heilt unødvendig.
For det første: det er allereie gjennomført ei folkerøysting i Finnmark som viser at 87% var mot samanslåing med Troms. I tillegg har dei partia som har – meir eller mindre tydeleg – vore mot tvangssamanslåinga (Ap, Sp, SV, Raudt) fått fleirtal i Troms og Finnmark ved fylkestingsvalet. Så lenge befolkninga i Finnmark er så tydeleg mot samanslåinga, vil det jo vera ei tvangssamanslåing uavhengig kva folk i Troms måtte meine.

Så er det sjølvsagt positivt for saka at også befolkninga i Troms i meiningsmålingar er mot samanslåing. For det andre: det er ikkje nødvendig å vente til i 2021 med å starte prosessen. Det nye fylkestinget kan allereie no vedta å søke om å bli delt etter inndelingslova. Denne søknaden skal sendast til Fylkesmannen, og det er departementet som avgjer om dei skal sette i gang ei utgreiing for å dele fylka igjen. Med dagens regjering er det mykje som tyder på eit avslag på ein sånn søknad, men sjå for deg følgande scenario:
Troms og Finnmark fylkeskommune sender søknad om å bli delt.

Departementet avgjer at dei ikkje vil greie ut saka, og avslår søknaden. Så finn eit eller fleire av regjeringspartia av ein eller annan grunn ut at dei er betre tent med å stå utanfor regjeringa. I så fall kan regjeringa måtte gå av, og ei regjering med Ap og/eller Sp kan komme til å overta. Da kan den nye regjeringa i beste fall gjere om på vedtaket i departementet, eller i verste fall kan fylkeskommunen sende ein ny likelydande søknad om å bli delt – som departementet så kan godkjenne.

Utgreiinga kan starte, og eit nytt stortingsfleirtal hausten 2021 kan vedta oppdeling med ein gong. Folkerøysting er i beste fall unødvendig tidsbruk, og i verste fall kan det trenere heile prosessen om å bli delt.

Vi kan heller berre søke om å bli delt no, så kan vi bruke resten av tida og energien på å behalde gode fylkeskommunale tenester fram til vi får ei ny regjering.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse