Annonse
Debatten om fornorskningspolitikken overfor samene fortsetter. Ketil Zachariassen svarer Jens Ivar Nergård i dette innlegget.

Fornorskingspolitikkens historie

Det blir gale når Nergård antydar at historisk kunnskap om fornorskingspolitikkens utforming er «akademisk pynting» av historia.

Fornorskingspolitikkens historie handlar også om makt; om kven som har makt, om korleis makta blei utøvd og korleis det blei kjempa i mot denne makta.
Jens-Ivar Nergård skriv i sitt tilsvar til meg i Nordlys den 19. mars at det er uklart om min kritikk av hans framstilling av fornorskingspolitikken har «historiefagets eller fornorskingens historie i tankene». Samtidig antydar han at kritikken framstår som ei form for «akademisk pynting» av historia som nærast står i vegen for kritisk forsking om verknadane av fornorskinga. Dette er både urimeleg og feil.

Kva han meiner med at det er uklart om eg har historiefagets eller fornorskingas historie i tankane er ikkje lett å forstå. Det kan sjå ut til at han prøver å etablere eit skilje mellom ulike typar forsking på fornorskingspolitikkens historie ut frå kva for kjeldemateriale som blir nytta: på den eine sida skriftleg kjeldemateriale og på den andre sida munnleg kjeldemateriale. 

Skriftleg kjeldemateriale vil i følgje Nergård ha fokus på korleis fornorskingspolitikken blei utforma og implementert og vil primært få fram styresmaktene sitt perspektiv. Slik eg forstår Nergård bidrar det til å «glatte over feiltrinn». 

Det munnlege materialet, som tar utgangspunktet i folks erfaringar med fornorskingspolitikken, vil i følgje Nergård ha fokus på verknadane av fornorskingspolitikken på individ- og familienivå. Det er dette siste han kallar «erfaringsnær og kritisk forsking», og som han vil ha meir av.  

Sjølvsagt er kjeldetilfanget viktig, det er det i all samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking, men  spørsmålet om kjeldetilfang handlar ikkje om anten/eller, det handlar ofte om både/og; om kva for spørsmål som blir reist til kjeldematerialet, korleis det blir tolka og kva for samanheng det blir sett inn i.

Det er lett i å vere samd med Nergård i at det er viktig å få fram verknadshistoria av fornorskingspolitikken på samfunns-, familie- og individnivå. På dette feltet er ein heil del gjort allereie. Under redaktør Svein Lund si leiing har det til no kome ut seks band med «Samisk skolehistorie». Bøkene dokumenterer både kva samiske elevar, foreldre og lærarar har opplevd i skulen og kva som har vore skrive i historiske dokument og i eldre artiklar om samiske skuletilhøve.

Det blir derimot gale når Nergård antydar at historisk kunnskap om fornorskingspolitikkens utforming og implementering bidrar til å glatte over feiltrinn og er «akademisk pynting» av historia. Tidfesting og kronologi er viktig, på same vis som sambandet mellom årsak og verknad er det. Skal vi undersøkje verknadane av fornorskingspolitikken, må vi kjenne til kva som var årsaken til den, kva den innebar, korleis den blei implementert og når denne politikken var verksam. 

I 1904 voks det fram ein samepolitisk opposisjon i Finnmark. Da etablerte den samiske læraren Anders Larsen avisa «Sagai Muittalægje». Avisa forsvarte samisk språk og kultur og gjekk til kamp mot fornorskingspolitikken. To år seinare blei Isak Saba, også han samisk lærar, valt inn på Stortinget på bakgrunn av eit samepolitisk program som var gjort kjent i «Sagai Muittalægje». Oppkomsten av ein samepolitisk opposisjon, avisetableringa og valsigeren var eit resultat av at fornorskingspolitikken var intensivert i dei føregåande åra. 

I boka «Samiske nasjonale strategar. Samepolitikk og nasjonsbygging 1900–1940» har eg skrive om Isak Saba, Anders Larsen og Per Fokstad og den samiske opposisjonens kamp for samisk språk og kultur og mot fornorskingspolitikken. 

Fokstad var i 1923 klar på at det samiske folket ikkje var i ein posisjon der dei sjølve kunne realisere sitt strev for eige språk og kultur, dei var avhengigeav den norske majoriteten for å sette krava sine ut i livet.

Fornorskingspolitikkens historie handlar også om makt; om kven som har makt, om korleis makta blei utøvd og korleis det blei kjempa i mot denne makta. Den historia er også viktig.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse