Nordlys har på lederplass og kommentarplass i over to år, ca. ein gong i veka, fortalt finnmarkingane at dei må ta til vettet. Regjeringa og Stortinget har gitt klare formaningar om å bøye seg for eit vedtak som faktisk er gjort. Men det var eit vedtak fatta utan utgreiing, og utan gode argument, for dei store oppgåvene som skulle tilseie større enheter, uteblei rett og slett, skriver Nils Aarsæther.

Men forstår Nordlys Finnmark?

Nordlys har forklart at "Erna forstår ikke Nord-Norge". Kan det vere at Nordlys ikkje forstår Finnmark?

Når eg har peikamoglege følger av at ein stat provoserer befolkninga i ein grenseregion (eksempelvis Finnmark) har det vekt sterke reaksjonar frå Tone Angell Jensen i Nordlys og Børre St. Børresen. Det er lett å forstå at dette er eit vanskeleg tema, for Finnmark si befolkning har jo historisk vore mistenkeleggjort gjennom (statlege) oppfattingar om “den finske fare” og  om partisanane sin lojalitet under siste verdskrigen. Så er det eit faktum at store delar av Finnmark si befolkning faktisk føler seg provosert av Stortinget og regjeringa når det gjeld regionreformen. Og det er eit faktum at forholdet mellom  Russland og Norge no er på frysepunktet. Vi får endeleg håpe at denne tilstanden betrar seg (men lite tyder på det, med det noverande Stortingsfleirtalet).  Det får vere Nordlys sitt ansvar å føre ord som “spioner” og “landssvikere” inn i dette resonnementet.

Så meiner Angell Jensen og Børresen at regionreformen er klok, i den forstand at Finnmark vil  vere  tent med samanslåing. Motstanden  må då, ut frå deira resonnment, skuldast at nokon (særleg folk i Senterpartiet)  hissar opp folk på feil grunnlag, ettersom samanslåinga berre dreier seg om å slå saman “to administrative enheter”, noko som reint praktisk betyr “ingen ting”. Med all respekt for Senterpartiets evner tenker eg at Angell Jensen og Børresen her tar feil. Å miste sitt demokratiske valgte fylkesting og på sikt risikere å vere utan representasjon på Stortinget KAN ha betydning for folk. Og dersom det berre var Sp sin partitaktikk som ligg bak, korfor deltok så mange i folkeavstemminga og korleis kunne 87% av dei som deltok, stemme for fortsatt Finnmark?

Nordlys har forklart at “Erna forstår ikke Nord-Norge”. Kan det vere at Nordlys ikkje forstår Finnmark?

Nordlys har på lederplass og kommentarplass i over to år, ca. ein gong i veka, fortalt finnmarkingane at dei må ta til vettet. Regjeringa og Stortinget har gitt klare formaningar om å bøye seg for eit vedtak som faktisk er gjort. Men det var eit vedtak fatta utan utgreiing, og utan gode argument, for dei store oppgåvene som skulle tilseie større enheter, uteblei rett og slett. Og det å bruke dårleg tannhelse i Finnmark som argument for samanslåing, frå Stortingets talarstol, seier litt om stortingsfleirtalet sin oppfinnsomheit når det gjeld å underbygge eit dårleg grunna standpunkt.

Forklaringa på motstanden kvilar altså ifølge Nordlys og Børresen på premissen om at folk i Finnmark er blit forført av eit fåtals aktivistar, som brukar utskjelling i offenltigheten og på nettet som metode. Dette har blitt gjentatt hundrevis av gangar no, redaksjonelt. Slik eg ser det,  understrekar dette berre at tilhengarane av samanslåing innser at dei har tapt den saksretta debatten. Då kan det vere greit å ha noko å skulde på, for eksempel overtramp på nettet - eller å så tvil om motdebattantane er riktig vel bevart.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse