Annonse
UiT-professor Hallvard Tjelmeland. (Foto: NRK)

Forvrenging og feiltolking

Svar til Jens Ivar Nergård og Ivar Bjørklund

I Nordlys 26. november hadde eg eit innlegg på Nordnorsk debatt («Vitskapleg debattform – ei opprydding») som kommenterte ein artikkel Jens-Ivar Nergård skreiv i polemikk mot Einar Niemi. 3. desember svarte Nergård på mitt innlegg på nettsida til Nordnorsk debatt («Tjelmeland som ryddehjelp»). 3. desember hadde eg dessutan ein kommentar («Feil om fornorsking») til ein kritikk Ivar Bjørklund hadde av Organisasjonen for etnisk og demokratisk likeverd (EDL) 29. november. Eg vel her å svara på begge innlegga samstundes, fordi dei begge på svært ulike måtar les meg feil.

Først til innlegget til Nergård, der det ikkje bare er snakk om feillesing men om direkte forvrenging av mine oppfatningar. Heile Nergård sitt innlegg går ut frå at eg i mitt innlegg hevdar at det ikkje finst ein sjøsamisk kultur, at samane i nordnorske fjordar er heilt assimilerte. Han skriv endåtil at det einaste argumentet eg bruker for dette er at «eg meiner det». Det siste finst ikkje i artikkelen min i det heile, altså ein rein konstruksjon, det første er så feil det kan bli. Eg skriv heilt eksplisitt i artikkelen at eg meiner det finst sin sjøsamisk kultur. Eg tar dette opp i ein samanheng der eg skriv at det er legitimt at EDL problematiserer det, men eg er altså usamd med EDL. Dette blir eg nøydd til å dokumentera med eit sitat frå min eigen artikkel som gjeld at representantar for EDL nektar for at det finst noko distinkt sjøsamisk: «Når det gjeld det siste, meiner eg heilt klart EDL-debattantane tar feil, utan at eg skal gå inn på argumentasjonen for det her. Eg meiner likevel at det standpunktet at samane ved kysten er assimilert inn i det norske på ein slik måte at det ikkje er skilnader mellom ei norsk og samisk kystbefolkning, skal kunna hevdast utan at det skal reknast som antisamisk.» Det Nergård elles skriv om det sjøsamiske, kan eg godt slutta meg til.

Det er noko anna med Bjørklund sitt tilsvar, for her er det inga usemje oss imellom når det gjeld hans svarinnlegg. Problemet er bare at han spring bort frå det han hevda i den artikkelen som var utgangspunktet for min kommentar. I sitt første innlegg skriv han at Arbeidarpartiet i lang tid etter andre verdskrig dreiv fornorskingspolitikk, og at dette var knytt til at partiet prioriterte kampen for sosial likskap og at fleirkulturalitet difor måtte vika. Eg påpeikte at det motsette var tilfelle: Oppbrotet frå fornorskingspolitikken kom i den perioden då Arbeidarpartiet var eit fleirtalsparti på Stortinget, med start på 1950-talet. I sitt svar til meg skriv Bjørklund at fornorskinga – som altså er noko anna enn fornorskingspolitikken – heldt fram like fullt. Og det er eg heilt samd i. Det blir mitt siste innlegg i denne debatten, nok får vera nok.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse