Annonse
Aps partileder Jonas Gahr Støre. «Det kan sjå ut som Ap har gløymd kor dei ein gong kom frå. Og den som gløymer opphavet sitt, vil slita i åra som kjem», skriv historiker og skribent Asgeir Ueland. Foto: Torgrim Rath Olsen

Framtidas valmodell

Kommunevalet signaliserer store endringar i norsk politikk. Dei statsbærande partia maktar ikkje lengre å sjå folk i auga.

Tida er moden for å sjå Noreg med nye auge. Det er ikkje lengre nasjonen som vart temt etter krigen. Det er eit virvar med for mykje pengar, og ei kjensle av at alt går no uansett.

Gårsdagens val var eit av dei mest interessante på mange år. Det er tektoniske skifte mange stadar, og dei statsberande partia taper til parti på ytterkantane. I sentrum har Sp stått fram som eit ekko frå det gamle Venstre, ei samlande kraft frå utkantane mot det urbane, og det luktar ikkje naudsynt fjøs av dei lengre.

Når Ap mistar Nord-Norge er det ei enorm symbolkraft i det. Her vann partiet sine første mandat til Stortinget i 1903, to år før den mislykka revolusjonen i Russland.

Det kan sjå ut som Ap har gløymd kor dei ein gong kom frå. Og den som gløymer opphavet sitt, vil slita i åra som kjem. Kor tid giganten som styrde Noreg i store delar av det siste hundreåret gløymde å tala rett fram til folk er eg usikker på, men dei som røysta på Ap grunna minnet om Gerhardsen er i ferd med å døy ut.

No er det den tapte ungdomsgenerasjonen frå 60-talet som er i ferd med å verte dei eldste i det norske hus, som er tett som TEK 10 og har dårleg inneluft.

Rasering av sentrum

Av eit eingong sterk sentrum er det berre fragment att av KrF og Venstre. Dei siste har lagt seg på hipster og heimebrygglinja, medan dei andre lir i takt med nedgangen av inntektene til misjonen. Grunnfjellet i lekmannsrørsla har vorte ein moldhaug.

FrP får tyn av gamle veljarar i Bergen og på Nord-Jæren. Då eg sjekka lista for Sandnes var det ei ufør, ei ung, ei bonisk sjukepleiar og ein som eig ein bensinstasjon, pluss ein til, som kom inn i bystyret.

Det er ikkje dei leiande i bygda, det er ikkje folk med lang og skulert erfaring, men folk på golvet som for ein generasjon og to sidan røysta Ap, og som dei siste åra vart hivne under bussen av FrP. Eit parti dei til nyleg trudde ville hjelpe dei opp og fram, og verne dei mot ekstra utgifter i ein kvardag som akkurat går rundt.

Ein kan kimse av dei, men dette er eit skikkeleg opprør nedanfrå, som folk som held til på venstresida ein gong rosa og drøymde om. Det er folk som jobba på fabrikkar og såg «tullingane» som sjølvproletariserte seg i jakt på noko dei ikkje var, arbeidarar.

Urban røyndom
I byane trekk ein òg ut i periferien mot MDG og RV. SV spelar andrefiolin i ytre venstre no. Og venstrepopulismen har kome med full og ny kraft. Tala til RV har ein knapt sett på dei kantar sidan rekordoppslutninga til NKP under valet i 1945.

At dei grøne gjer det godt, vitnar om ei uro for framtida hos mange. Men igjen: dei veljarane er stort sett urbane, fjernt frå alle dieselmotorar.

Regjeringa vil no i dei komande åra hive ut pengar for å kjøpe heim veljarar. Bompengepartiet kan ein demme opp for med å fjerne bommar. Distrikta kan ein overføre meir til, og tiltaka vil kome som hagl i dei neste statsbudsjetta.

Det er, etter kva eg kan sjå, ingen plan lengre. Det einaste som politikken ser ut til å handla om er å halde makta i fire nye år.

Samstundes ser ein kimen av fragmentering i ei tid kor dei store ideologiane mest er døde. Det handlar om eg og mitt, og ikkje vårt. Eg trur kommunevalet i går var det fyrste valet som varsla skiljet mellom det 20. hundreåret og det 21. hundreåret. Det går alltid litt tid før ein ser at ein ny æra er i emning.

Framåt ser eg meir fragmentering, fleire rare resultat (kva er det med Kristiansand forresten, kor Demokratane vart tredje største parti?).

Høg velferd, høgaste utdanning nokon gong, ser ikkje ut som det speler så stor rolle i rasjonale val. Folk talar ikkje saman lengre, dei sit med auga i en skjerm og leitar desperat etter eit kollektiv som kan leide dei gjennom den nye og kompliserte verda.

Tida er moden for å sjå Noreg med nye auge. Det er ikkje lengre nasjonen som vart temt etter krigen. Det er eit virvar med for mykje pengar, og ei kjensle av at alt går no uansett. Det er eit val som har gjort meg pessimistisk med take på kva som kjem etter kommunevalet. Og eg ser knapt nokre leiarar som er viljuge til å seie sanninga om kva som ventar dei neste tjue åra.

Mellombels betalar dei beskyttelsespengar til massane, slik at ein kan sitje trygt fire nye år. Men, som me veit - dei som får litt vil alltid har meir. Det er på høg tid at dei statsberande partia byrjar tenke attende på korleis dei vant folket i fryste omgang.

I så måte er Sp sin framgang i nord kanskje byrjinga på eit nytt kaptittel kor Nord-Noreg syner resten av landet korleis den politiske framtida vert. Og gløymer ein kor ein kjem frå vil ein alltid tapa.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse