Tradisjonsrike program for voksne vert bytt ut med tanketomme platapratarar som ikkje har anna å formidla enn sine eigne juvenile opplevingar, mellom Kygo og resten av den sokalla A-lista, som skurrar omatt og omatt i alle dei programma dei sender...!

God morgon og eg held på å sei, kondolerar!

I går fekk eg vita at laurdag og sundagsmorgonane mine vil bli heilt annaleis frå slutten av oktober enn dei har vore i heile i mitt voksne liv.
Friluftsmagasinet på laurdagar og Naturens verden på sundagar skal leggjast ned.

Eg har ant det lenge, men det drog so ut i tid at eg hadde von om at dei hadde gått attende på avgjerda, men med den leiinga som det er i NRK no for tida var nok det for mykje å vona på.

Det verkar på meg som det er ei styrt avvikling på gang i NRK. For medan lyarane stikk til alle kantar sit dei der og sler seg på brøstet og tykkjer dei er mykje til karar.

Tradisjonsrike program for voksne vert bytt ut med tanketomme platapratarar som ikkje har anna å formidla enn sine eigne juvenile opplevingar, mellom Kygo og resten av den sokalla A-lista, som skurrar omatt og omatt i alle dei programma dei sender…!

Slik skal dei lokke til seg ungdommen.

Og ungdommen, dei flokkar seg nok heilt sikkert rundt radioen kvart på seks om morgonen for å høyre Bjørn Ivar Bjørnerud lesa opp vindstyrken og bølgevarsel for samtlige fyr langs kysten, i håp om løn for strevet med hiphopmusikk, medan dei ventar på andakten halv ni.

Fy fa… eg er djupt såra, vonbroten og retteleg forbanna..!

RIP NRK.

God tysdag..!

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse