Vi treng ikkje kreative løysingar for at nokon få skal kunne profitere på pengar som er sett av til velferd, skriver Bjarne Rohde. Foto: Colourbox

Gründerskap vi treng

Vi er avhengig av innovasjon og nyskaping for å finne løysingar for å stoppe klimautsleppa, og for å skape dei arbeidsplassane som skal erstatte oljenæringa. Vi må finne dei nye produkta som skal erstatte dei gamle, eller dei nye måtane å lage dei gamle produkta på. Vi må finne smartare måtar å jobbe, med mindre energiforbruk.

Vi har berre ti år på å kutte klimautsleppa for å unngå katastrofal global oppvarming. Så det hastar.

Som ein ekstra bonus, kan smartare måtar å jobbe på, ny teknologi og innovasjon også gjere arbeidet vi gjer i dag lettare og mindre slitsamt. Om vi gjer det på rett vis.

Kven er det som skal stå for denne utviklinga?

Gründerar og innovatørar finn vi mange plassar. Ikkje alle er sjølvstendig næringsdrivande. Vi finn mange i vitskapsmiljøa i universitet og anna kunnskapsverksemder. I større offentlege og private verksemder og etatar. I små og mellomstore verksemder med lang historie og tradisjon. Og dei nye som skapar ein jobb for seg sjølv og andre.

Men ikkje all nyskaping er bra berre fordi det er ein annan måte å jobbe på.

Vi treng nemleg ikkje nyskaping på korleis ein kan tene meir på arbeidsfolk si bekostning. Eller korleis verksemda kan bli organisert sånn at arbeidstakarane ikkje får den påverkinga av eigen arbeidsdag og arbeidsplass dei har krav på. Vi treng ikkje å leite etter måtar å organisere arbeidsdagen sånn at arbeidsfolk får meir belastning, meir risiko for eiga inntekt, eller mindre lønn på slutten av arbeidsdagen.

Vi treng ikkje kreative løysingar for at nokon få skal kunne profitere på pengar som er sett av til velferd.

Om nyskapinga er ein betre måte å organisere arbeidet i velferden (heimeteneste, sjukeheim mm) bør “produktet” ein skal tene pengar på heller vera å kurse offentlege og ideelle tenesteytarar, enn å halde det hemmeleg for eigen profitt. Og om innovasjonen består i korleis meir av pengane som blir bevilga til velferd kan bli henta ut som profitt, på bekostning av tilsette og kvaliteten på tenestene, så er ikkje det ein type gründerskap vi vil ha i norsk næringsliv.

Ved å stenge nokre områder for uhemma spekulasjon vil vi også gjere det lettare å flytte investeringar dit vi verkeleg treng det. Da kan vi snu frå berre det å skape meir pengar til dei delane av privat næringsliv der det er behov for utvikling og nyskaping. Velferd er eit område som må stengast for profitt, eigedom er eit anna område som bør regulerast betre.

I tillegg må sjølvsagt stat, kommune og fylkeskommune bruke sine økonomiske musklar til å fremme dei nye næringane, både gjennom tilskottsordningar, gjennom korleis det offentlege handlar inn varer og tenester, og også gjennom strategisk eigarskap. Vi må tørre å satse og til og med ta feil nokre gonger. Men tida arbeider mot oss, så noko av det verste vi kan gjere er å ikkje gjere noko.

Vi treng å skape eit betre samfunn for dei mange, ikkje for dei få.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse