Mineralnæringa i Noreg ønsker ikkje eit grønt skifte. Dei tener pengar på å forureine og tener meir jo mindre miljøkrav staten stiller. Det einaste grøne med dei er ei frase som kan brukast når dei ikkje har andre argument, skriver Svein Lund.    

Gruver for grønt skifte?

Brødtekstbilder: 
Svein Lund er forfatter av bokserien "Gull, gråstein og grums"
Den siste på banen for det grøne skiftet er Øystein Rushfeldt, direktør for Nussir ASA, som no ventar på konsesjon for ei av dei største planlagte forureiningane i norsk historie.

“Gruveindustrien er den viktigste aktøren for gjennomføringen av det grønne skiftet”

Denne setninga sto i haust å lese i innbyding til mineralseminar i Bodø. Med dette har gruveindustrien og forkjemparane deira set ein ny, og nesten uslåelig rekord i å snu verda på hovudet.

Uttrykket “det grøne skiftet” har dei siste åra oversvøyma norsk miljø- og energidebatt og uttrykket er tatt opp av så godt som alle parti og organisasjonar, frå Høgre til SV, frå Norsk Bergindustri til miljøorganisasjonane. Ein får inntrykk av at det er noko som alle ser og alle er samde om og alle veit kva som ligg i. Men er det sånn?

Det er ikkje noko internasjonalt uttrykk, men heimeavla norsk, oppfunne i 2012 av journalisten Anders Bjartnes, som tre år seinare ga ut ei bok med same namnet. Da blei “det grøne skiftet” utnemnd av Norsk Språkråd til “årets nyord”.

Blant dei som omfamna uttrykket var vindkraft- og gruveindustrien. Våren 2016 gikk Geonor-konferansen av stabelen i Mo i Rana. Der var Zero invitert til å snakke om “Mineralenes betydning i det grønne skiftet”. Det gjorde dei til oppdragsgivar sin fulle tilfredsheit, med å fortelje om alle minerala som trengst for å produsere meir vindkraft, solkraft og batteri til elektriske kjøretøy. Og utan eit einaste negativt ord verken om gruvedrift på desse eller andre mineral og kva denne drifta bidrar med av klimaendringar gjennom utslepp og avskoging. Dette slo så godt an at sidan har bergindustrien tatt det til seg og utnyttar det for alt det er verdt og vel så det.

Norsk Bergindustri og deira støttespelarar blant sentrale og lokale politikarar ønsker seg meir mineralutvinning. Punktum. Dette gjør dei uansett kva behov det er for minerala, om dei går til konstruksjon av bruer, til bilar, fly, tanks, bomber, elektriske apparat, mobiltelefonar, vindturbinar, smykker eller lagra i bankkvelv for spekulasjon. Dei har ingen motforestillingar mot noko bruk og for dei er behov det same som etterspurnad.

Problemet deira er ikkje sjølve naturinngrepa og forureininga, problemet er at dette blir kjent og at det fører til motstand. Verda rundt protesterer folk mot inngrep og forureining frå gruver. I Noreg har ei rekke gruver og gruveplanar blitt møtt med protestar, frå Titania i sør til Sydvaranger i nord, med kampen mot sjødeponi i Førdefjorden og Repparfjorden som høgdepunkt. Dette har gitt gruveindustrien eit dårlig rykte, og dei har fått behov for å forsvare verksemda si.

Trinn 1 var eit allment forsvar for at vi treng mineral: Kvar nordmann forbrukar 15 tonn mineral for året, det er mineral i så godt som alt vi brukar osv. Trinn 2 var å prøve å ta miljørørsla på heimebane, med miljøargument. Her kjem det grøne skiftet som manna frå himmelen, og med god hjelp av miljøstiftingane Zero og Bellona laga ein seg følgande logikk:

1. Hovudproblemet i verda i dag er klimaendringane

2. Vi treng meir fornybar kraft

3. Vi treng da fleire vindturbinar, solcellepanel og elektriske bilar

4. Til dette trengst det auka utvinning av ei rekke mineral, bl.a. kvarts, grafitt, litium, koppar, jern, kalkstein, sjeldne jordmetall.

5. Desse minerala er dermed pr. definisjon grønne, ettersom dei bidrar til produksjon av grønn energi.

6. Mineralutvinning er derfor pr. definisjon ei grøn næring (også resten av minerala som brukast til andre formål.)

Mineraltidsskriftet Geo har ein redaktør som samarbeider nært med bergindustrien. Han er konsekvent på gruveselskapa og oljeselskapa si side og mot alle miljøkrav som kan skape hinder for lønsemda. På eine sida nektar han både for at CO2-utslepp fører til varmare klima og for at varmare klima er noko problem.4 Han omtalar klimaforskarane som “dommedagsprofeter”. På andre sida lanserer han mineralforekomstar som viktige for det grønne skiftet, eit skifte som han elles hevdar at ikkje er nødvendig.

Den siste på banen for det grøne skiftet er Øystein Rushfeldt, direktør for Nussir ASA, som no ventar på konsesjon for ei av dei største planlagte forureiningane i norsk historie. Selskapet hans har arbeida med å få starte koppargruve i Kvalsund sidan 2005, sju år før uttrykket “det grønne skiftet” var oppfunne. Først når motstanden blir så stor at det trugar planen hans, blir han plutselig grønn og Nussir må få løyve fordi koppar bidrar til det grøne skiftet.

Mineralnæringa i Noreg ønsker ikkje eit grønt skifte. Dei tener pengar på å forureine og tener meir jo mindre miljøkrav staten stiller. Det einaste grøne med dei er ei frase som kan brukast når dei ikkje har andre argument.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse