Skal det lagast handlingsplan mot islamofobi, må det vera ein sjølvsagt del av planen å opplyse om kva islam er - som religion og politisk system - og kva dette fører med seg i retning jihad og plikter i den verdsomspennande ummahen, skriver Hallgrim Berg. Foto: Colourbox

Handlingsplan mot islamofobi?

Ser at enkelte ytrar seg med krav om “handlingsplan” mot islamofobi her i Noreg. Bakgrunnen er ein villfaren ungdom som trampar inn i ein moskè med våpen i hand, etter at han har teke livet av eit yngre familiemedlem.

Straks er ivrige debattantar på venstre fløy ute etter å skulde store delar av det norske folket for “muslimhets”. Dei vil ha ein plan mot islamofobi. Støre er positiv, Erna er heldigvis i tvil om nytten av dette. Berglund Steen vil - for å vera sikker - legge ned alle nettstader og info-kanalar som i det heile vågar å stille spørsmål ved innvandring, multikulturalisme, islam og mogleg islamisering.

Motto: Ned med ytringsfridomen! Opp med politistaten! Ja til statsstøtte til seg sjølv, og nei til andre med avvikande syn og meiningar!

Islamofobi er ikkje identisk med muslimhat. Politiske spekulantar prøver å sause saman desse to begrepa.

Hugs: Det er mange nordmenn som var mot den sovjetiske kommunismen, utan at dei av den grunn hata det russiske folket.

I frie og opplyste samfunn må ein setja episodar i perspektiv. Sidan 22. juli har “høyre-ekstremismen” gitt seg få utslag i Noreg.

Om islamistisk inspirert terror skal reknast som høgre-ekstremisme eller venstre-ekstremisme, kan andre få drøfte.

Men i same veke som tullingen i Bærum slo seg laus, skjedde følgjande: “In the name of Allah” vart det utført 28 dødbringande åtak i tolv land, som førte med seg 118 drepne og 331 såra menneske. I juli var det 769 drepne. Hittil i år er det fleire tusen.

Skal det lagast handlingsplan mot islamofobi, må det vera ein sjølvsagt del av planen å opplyse om kva islam er - som religion og politisk system - og kva dette fører med seg i retning jihad og plikter i den verdsomspennande ummahen.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse