Annonse
Opplegg for trening og kanskje krigføring i Midt-Austen, det har Forsvaret midlar til. Helikopterstøtte for forsvaret av Nord-Norge kom kanskje i vegen for denne planen?skriver Nils Aarsæter. (Foto: Forsvaret / Ole-Sverre Haugli)

Helikopter-flyttinga: Fra Bardufoss til Amman?

... har det vore ein offentleg debatt om korleis Norge skal forhalde seg til Midt-Austen-konfliktane?

Mange i Nord har stilt seg totalt uforståande til Forsvaret sine prioriteringar i nord dei seinare åra. Både nedlegginga av den vel fungerande Andøya flystasjon og flytting av hærens helikopter fra Bardufoss har virka svært dårleg underbygd. Men no ser vi som står på utsida av dette, kva som kan ligge bak: NRK melder at Norge skal bygge opp ein permanent base for  trening og krigføring i Midt-Austen, nærare bestemt utanfor Jordan sin hovudstad, Amman. Så mens militære ekspertar og politikarar debatterer strategien i Nordområda, har sjefane bestemt seg på bakrommet: Opplegg for trening og kanskje krigføring i Midt-Austen, det har Forsvaret midlar til. Helikopterstøtte for forsvaret av Nord-Norge kom kanskje i vegen for denne planen?

Er det FN som har bedt Norge styrke seg militært i Jordan? Ingen ting tyder på det. Er det NATO som krev denne satsinga? Eller er det Stortinget som har funne det nødvendig å mruke forsvarsmidlar til  å bygge opp ein permanent militærbase i Jordan? Og har det vore ein offentleg debatt om korleis Norge skal forhalde seg til Midt-Austen-konfliktane, og kva eit militært hysj-hysj-engasjement kan føre til? Her er mange spørsmål som ein tydelegvis har hopppa elegant over.

Det har lenge vore einigheit om norsk forsvarspolitikk. Forsvaret av Nord-Norge og overvaking av Nordområda burde vore ein sjølsagt første prioritet. Men gradvis har vi sett kampflybasen (Bodø) blitt flytta sørover, brorparten av pengane brukt på flykjøp I USA, Andøya nedlagt og hæren i nord tappa for helikopterstøtte. Om det brer seg meir misnøye med Forsvaret sine prioriteringar etter dette, har ein seg sjøl å takke. Og det skulle ikkje forundre oss om det blir hyra inn fleire ekspertar for å undersøke forsvarsmoralen i nord.

I NRK-meldinga blir det nemnd at det er viktig å trene på å operere  Forsvaret sine helikopter i 40 varmegrader. Trist då at Bardufoss berre  kunne by på 40… kuldegrader.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse