Alle havbrukarar har ei plikt til å overvake korleis utslepp frå anlegga påverker områda under og rundt anlegga. Fiskeridirektoratet si oversikt syner at over 95 prosent av anlegga er i tilstandsklasse meget god eller god. I 2016 var faktisk ingen i tilstandsklasse svært dårleg, men berre to (!) var dårleg, opplyser informasjonssjefen i Sjømat Norge. Foto: Sjømat Norge

Her er det usynlege

Dersom havbruk hadde vore gjennomført på den måten Gustavsen skriv om, hadde vi aldri klart å få seld vår laks.

Utan reint hav kan vi gløyme det heile. Utan friske fjordar er det umogeleg. For norsk havbruk er det vesentleg med frisk vatn, god gjennomstrøyming og ikkje minst oksygen. Den norske kysten er kanskje den i verda som er mest eigna til å drive havbruk. Difor er det og viktig at vi som havbrukarar forvaltar den på rett måte.

Forfattar og journalist John Gustav Gustavsen omtalar i Nordlys ei verd vi i havbruksnæringa ikkje kjenner oss igjen i. Tek han ringerunden til norske ekspertar på næringssalter vil han og få det same svaret. (Eutrofirapporten, frå 2012, der nokre av verdas fremste forskarar på området, har gått i gjennom utslepp, viser og liten påverknad).

Sidan havbruksnæringa starta sine fyrste utsett for nær 50 år sidan, har ein prøvd og lært seg fram til kva som er det beste. Mykje næringssalter og på godt norsk, fiskeskit, har vore ei utfordring i fjordar med dårleg gjennomstrøyming. Det har ein i løpet av desse åra og lært mykje om. I dag er det eit strengt overvakningsorgan for utslepp frå anlegga. Alle havbrukarar har sidan akvakulturlova kom i 2005 hatt ei plikt til å overvake korleis utslepp frå anlegga påverker områda under og rundt anlegga. Dette blir gjort gjennom såkalla MOM B og MOM C (enno strengare) undersøkingar. Fiskeridirektoratet si oversikt syner at over 95 prosent av anlegga er i tilstandsklasse meget god eller god. I 2016 var faktisk ingen i tilstandsklasse svært dårleg, men berre to (!) var dårleg.

For havbruksnæringa er det svært viktig å vere ærleg, open og sannferdig. Det er nett difor vi vil ha ei streng overvaking. Vi sel i dag laks til nærmare 150 land i verda, blant anna nokre av dei land som har strengast kontroll på kva dei tek inn. Dersom havbruk hadde vore gjennomført på den måten Gustavsen skriv om, hadde vi aldri klart å få seld vår laks. Delegasjonar som kjem på besøk, skryt og av kor dyktige Noreg er til å forvalte sine fjordar med å produsere sunn mat på denne måten. Tek ein turen ut på eit anlegg, kan ein og sjølv sjå med kamera korleis det er under anlegga. Både Gustavsen og andre er hjarteleg velkomne.

Øyvind A. Haram, informasjonssjef og langt i frå taus, Sjømat Norge

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse