Annonse

Ja, kva med truverda, Nordlys?

Kommentator i Nordlys, Tone Angell Jensen, raljerer i ein kommentar om det nye fleirtalet i Troms og Finnmark som har gått til val – og vunne – på ein politikk for å oppløyse tvangssamanslåinga av fylka. Korvidt ein er einig i om fylka skal delast opp er no så sin sak, men eit klart fleirtal av veljarane i Troms og Finnmark har stemt på eit parti som vil dele fylka. Det burde ikkje overraske at partia som har fleirtal vil jobbe for å få sin politikk gjennomført.

Men når så lagar ho eit falskt bilete av at det einaste som vil skje dei neste åra er at ein vil sitte på hendene og vente på eit nytt stortingsfleirtal. For å begrunne dette viser ho til eit sitat frå SVs Kirsti Bergstø i Dagsrevyen der Bergstø mellom anna seier kor viktig det vil vere for det nye fleirtalet å få oppheva tvangssamanslåinga. Dette tolker Jensen til at det vil vere det einaste som fleirtalet vil gjere.

Problemet for Jensen er at Bergstø i det vidare opphavlege sitatet også seier følgande: «[…] samtidig [skal vi ] sikre gode tjenester, nærhet til tjenestene, og ta kampen mot sentraliseringa.» (mi utheving). Vi skal jobbe for gode tenester for befolkninga både på skole, samferdsel, arbeidslivspolitikk, kultur og helse, for å nemne noko.

Tone Angell Jensens påstand om at fleirtalet ikkje har fleire tankar i hovudet på same tid blir altså tilbakevist i same sitat som ho selektivt siterer frå.

Kor truverdig er eigentleg det, Nordlys?

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse