Annonse
To frå Norsk Målungdom smiler og held samiske flagg
Norsk Målungdom ropar høgt hurra for at Frozen 2 kjem på nordsamisk. Foto: Norsk Målungdom.

Jikŋon 2 viser veg til den fleirspråklege framtida

Landsstyret i Norsk Målungdom ropar høgt hurra for at Disneyfilmen Frozen 2 kjem på nordsamisk, og får premiere same dag som den norske versjonen. No håpar vi at fleire følger etter, slik at samiske barn også får sjå morsmålet sitt på kino.

Å sjå språket sitt i bruk er eit viktig tiltak for å lage sterke språkbrukarar. Samstundes er det viktig at vi her i Noreg minner folk på det flotte språkmangfaldet vi har.

Andre juledag har Jikŋon 2 premiere. Dette er første gong ein Disneyfilm kjem på nordsamisk til same tid, og med det gjer Disney eit viktig bidrag for å gjere samisk enda meir synleg. 

Noreg er, og har alltid vore, eit fleirspråkleg land. Det er lett å sjå, til dømes når ein køyrer inn til Tromsø og blir ønskt velkommen til både Tromsø, Romsa og Tromssa. Dessverre er dette ikkje like lett å sjå på kinoskjermen. Derfor er det så gledeleg at ein kan bruke jula på å benke seg framfor ein samisk film på kino. Attpåtil har samiske styresmakter fått vere med i produksjonen til filmen for å gi ei riktig framstilling av samisk kultur. Det er sånn det skal gjerast. 

Å sjå språket sitt i bruk er eit viktig tiltak for å lage sterke språkbrukarar. Samstundes er det viktig at vi her i Noreg minner folk på det flotte språkmangfaldet vi har. Populærkultur som Disney-filmar når ut til veldig mange. Gjennom at filmar som Frozen 2 blir gitt ut på urfolkspråk, viser ein fram språket til eit endå større publikum som treng å bli mint på at det finst. Norsk Målungdom vil oppmode kinoar over heile landet om å setje Jikŋon 2 på programmet, slik at samiskspråklege får sjå språket sitt på kino, uavhengig av kor dei bur. Dette vil og vise filmbransjen at det er ein etterspurnad etter meir samisk film.

2019 er FNs urfolksspråkår. Heile året har det vore arrangement for å løfte fram og synleggjere urfolksspråk, til dømes som når Sametinget inviterte til markeringa av ei samisk språkveke 21. til 27. oktober. Det er viktig at dette arbeidet ikkje sluttar når 2019 er over. Da kan ein til dømes ta  Jikŋon 2 i bruk i undervisning, for å gjere elevane kjent med samisk gjennom eit medium og ein film dei allereie kjenner.

Vi gleder oss til å sjå  Jikŋon 2 i jula, og håpar vi ser mange andre på kino!

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse