Annonse
– At samene har en særskilt rett som urfolk er bare en høytflygende floskel, skriver Oddvar Støme. Foto: Vibeke Lund Pettersen

Kampen mot vindmøller

Under denne overskrifta går sametingspresidenten ut med eit mektig forsvar for reindriftas rett til å vere einebrukar av naturen og areala i Finnmark.

I røynda har ikkje dei av samisk opphav større rettar i Finnmark enn alle andre finnmarkingar.

Her vert det slått fast med reine ord at det er reindrifta og  samisk bruk av naturen som er den einaste rette måten for all arealbruk i fylket. I tillegg til dette hevdar ho rett på vern for samiske rettigheiter, for samane har ein særskild rett til beskyttelse og vern som urfolk i henhold til norsk og internasjonal folkerett! Ho seier og at : «Vi har derfor rett til å bli konsultert  i spørsmål som særlig angår den samiske befolknigen».

Som den oppegåande lesar vil sjå, så vert det her lagt fram utsegner og påstander som berre er lause slag i lufta, for ingen ting av dette held vatn etter vanlege folks omdømme. I røynda har ikkje dei av samisk opphav større rettar i Finnmark enn alle andre finnmarkingar. Dessutan står størsteparten av dei samiskætta utanføre sametinget, og kan derfor ikkje stille seg bakom alle desse krava som her vert lagt fram. Det er berre ein særrett for samiskætta som her stikk seg fram: Retten til å drive reindrift  som næring, og denne retten har den norske stat gjeve dei kostnadsfritt, og kan gjerast om når neste høve byr seg. Elles stiller dei samiskætta likt med dei finskætta og dei norskætta. Og slik må det og vere i eit demokratisk samfunn . At samane har ein særskild rett som urfolk er berre ein høgtflygande floskel. Det står ingenstad nedfelt korkje i lov eller offentlege dokument at så er tilfelle. Og i 2014, då sametinget ville ha denne passusen inn i grunnlova, då vart heile lovframlegget forkasta av Stortinget. Men så markant har denne hjernevaskinga frå sametingets side vore, at mange av dei samiskætta trur på alt dette sjølv.

Så litt meir om reindrifta og framdriving av reinkjøt som menneskeføde. Hittil har ikkje Finnmarks befolkning vore overkasta med tilbod på denne matrett. Og ser vi på dette i historiens klåre lys, så er det kan hende likegodt. Helseminister Torbjørn Mork åtvara befolkninga mot å ete for mykje reinkjøt etter Tjernobylutblåsinga. Han kunne nemleg fortelle det norske folk at meir enn 2,5 kilo reinkjøtt pr. person årleg ikkje var å anbefale. I dette perspektivet må det vere rett å vurdere heile reindrifta i Noreg, når vi veit at nedbrytinga kan gå over mange hundre år. Men kraftbehovet vil vere der alltid. Når så sametingspresidenten tek til å bruke kuleramma i sine kostnadsvurderingar, så har det lett for at det heile går i surr. Vi skulle vel klare å drive mykje kraftutbyggjing på den summen som sametinget og reindrifta stryk av med årleg? Men eg skjønner godt sametingspresidentens  tankegang. Det er den gamle danskevitsen sett i system. Etter eit krobesøk på Jylland stod det eit tillegg på rekninga: GSG: Går det så går det!

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse