Annonse
Foto: Colourbox

Karbonavgifter fungerer. Kvotehandel fungerer ikkje.

I innlegget «En rettferdig og effektiv klimaløsning» tok Jartrud Sofie Frafjord den 16. juni til orde for å få innførd Karbonavgifter til Fordeling, «KAF», eller «Klimabelønning» i Noreg. Men matematikkprofessor Kristoffer Rypedal ved UiT er slett ikkje einig, og skreiv nokre dagar seinare at «Tiden er ikke inne for å skrote det europeiske kvotesystemet».

For å byrje med overskrifta, så er ikkje eigentleg målet med KAF å «skrote» kvotehandelssystemet, men å danke det ut med noko som er betre. Forutsigbart stigande avgifter kan være høgre enn kvoteprisar fordi dei er stabile og dermed lettare å leve med. Det som skjer dersom ein innfører høge karbonavgifter på tvers av Europa er at behovet for eit kvotehandelssystem gradvis vil forsvinne. 

Eit vesentleg problem når ein skal innføre karbonprising viser seg også å vere kva ein skal bruke pengane på. Med kvotehandel har ein ikkje ein gong forsøkt å karbonprise varer som bensin og diesel der prisaukar treff folk midt i fleisen og dermed vert ei kjelde til misnøye. Tanken med KAF er at ein ved å betale alle inntektene rett ut igjen kan få avgiftene høge fordi ein gjer det tydeleg at målet er å få utsleppa ned og ikkje berre melke folk for peng.

Grunnen til at me bør leite etter eit alternativ til kvotehandel er at femten års erfaring viser at EU-ETS ikkje leverer den politisk ønska karbonprisinga. Dr. Rypedal skriv at «prisen [har] skutt i været og forventes å ligge på omkring 30 Euro per tonn CO2 fram mot 2030». Det er gammalt nytt – kvoteprisen har alltid vorte ‘forventa’ å ligge på om lag 30€. I praksis viser det seg at kvoteprisen kollapsar kvar gong det kjem ei krise forbi. Me ser også at ein alltid endar opp med å setje kvotetaket alt for høgt. Slik er det også i dag.

Professor Rypedal skriv og at «en karbonpris på et nivå som vi snakker om i dag (30 Euro per tonn CO2) vil føre til at små bensinbiler forblir billigere enn små elbiler og at folk med dårlig råd vil velge fossilbilen».

Kven snakkar om ein karbonpris på 30€/tCO2? Ikkje MDG i alle fall – dei tek til orde for å legge på bensinprisen med 5 kroner. Det er om lag 200€/tCO2. Poenget med KAF er å skape eit politisk verktøy som kan få avgiftene opp på eit nivå der dei vil ha ein praktisk effekt på utsleppa. Fem kroner liter’n vil ha ein viss effekt på kor ivrig du er til å køyre langt. Kunnskapen om at avgiftene vil fortsetje å auke inntil utsleppa er under kontroll bør påverke val av bil neste gong du skal kjøpe ny. 

Dr. Rypedal likar heller ikkje at KAF’en deler pengane ut igjen i staden for å generere friske midlar til ulike subsidietiltak. Men erfaringa så langt er jo at ein ikkje klarer å auke bensinavgiftene utan omfordelingsmekanisme, noko Venstre har demonstrert fleire gonger dei siste åra. 

I tillegg er folk flest flinkare enn politikarane i å kutte eigne utslepp, så avgifter vil løyse ut billegare utsleppskutt enn subsidiar. Ved i staden å dele KAF’en rett ut igjen oppnår ein at folk får meir pengar mellom hendene. Betalingsevna for enda høgre KAF går dermed opp. Skal derimot pengane ut igjen som subsidiar vert avgiftene lågare samtidig som me får ei solid papirmølle der alle må søke ulike organ om støtte til ditt og datt.

 «Argumentene om at ETS er et mer komplisert system enn karbonavgift har lite med realitetene i økonomisk politikk å gjøre.» Mon det. Det er i alle fall slik at EU-ETS er så komplisert at sjølv godt skolerte folk ikkje ser ut til å forstå korleis det fungerer. Professor Rypedal hamnar slik sett i godt selskap når han fortset «Det som har vært vanskelig er å […] innføre mekanismer for å hindre prisen å bli for lav. Det har man nå funnet ved å etablere et kvotegulv, som gjør at hvis prisen synker under dette gulvet så fungerer systemet i praksis som en karbonskatt.»

Det er dessverre feil at EU har etablert noko golv for kvoteprisen. Hadde det enda vore så vel. EU-ETS ville då fort ha fungert som ein karbonavgift, med alle føremonane det gjev. Dessverre har ein i staden innførd en «stabilitetsreserve» der ein fjernar kvoter dersom det er «overskot». Reglane er komplekse og effekten over tid vanskeleg å estimere, men slik ståa er akkurat no så verkar det sannsynleg at det er eit overskot av kvoter og at ytterlegare kvotefjernande tiltak må til dersom ein skal unngå at kvoteprisen kollapsar igjen

 «Teslamodeller vil derimot fortsatt være attraktive for mange rike. Småfolk vil derfor lett bli henvist til karbonintensivt forbruk, mens storfolk uten store økonomiske anstrengelser kan velge såkalt klimavennlig.» 

Nei. Billege Tesla’er til rikfolk er ein effekt av norske bilavgifter og av at elbilsubsidiane dermed gjev størst rabatt på dei dyraste bilane. Karbonavgifter av kaliberet fem kroner liter’n vil gjere slik subsidiering unødvendig. Tilsvarande karbonprising i resten av Europa vil også gjere straumen dyr og dermed gjere det kostbart å køyre store elbilar. Det vert i tillegg stadig fleire rimeleg prisa elbilar på marknaden, både nye og brukte.

«Klimabelønning … er en essensielt uprøvd ide …. Tidspunktet er ikke inne for å skrote ETS i Europa til fordel for et slikt system. Det vil sende et signal til Europas næringsliv om vingling og ustabilitet i klimapolitikken.»

Det er nettopp fordi KAF er uprøvd at ein bra demonstrasjonsmodell i Noreg kan ha stor internasjonal betydning. Høge karbonavgifter er praktisk sett det perfekte verkemiddelet for å handtere klimagassutsleppa. Det er ingenting uprøvd i ideen om at utsleppa vil gå ned dersom ein gjer det dyrt å forureine. Og for næringslivet vil avgifter være ei gåvepakke av stabilitet og forutsigbarhet samanlikna med ein kvotepris som kan være alt mellom himmel og helvete om eit år eller to. Det einaste problemet er at avgiftene er svært synlege og dermed vert politisk kontroversielle – dette kan KAF ordne. 

  • Håvard Saksvikrønning er maskiningeniør og siviløkonom, og har tidlegare skrivi rapporten Karbonavgifter som nullsumsskatt for tenketanken Civita. 
  • Hallvard Birkeland sit i styret til Naturvernforbundet i Hordaland.
  • Anders Ekeland er samfunnsøkonom og leder i fylkesstyret i Akershus SV.
  • Asbjørn Stoveland er sivilingeniør og jobber med fornybar energi.
  • Erlend Kristensen er økonom og 1. kandidat Sandnes MDG.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse