Annonse
Klimakrisa kan ikkje handterast med «smarte løysingar» og klimakvotar åleine. På ei rekke områder er lågare forbruk og  omfordeling uunngåeleg, skriver Bente Aasjord. Illustrasjon: Colourbox

Klima og klasse

Det er skilnad på moral og politikk.

På «hyttefeltet» kan vi mellom anna byrja med reell likningsverdi og dobbel eigedomsskatt på alle fritidseigedommar. Alle treng ein bustad. Men det er ikkje ein menneskerett å ha fleire.

I heile etterkrigstida er skilnaden mellom fattig og rik handtert ved å gjere kaka større. Mykje større. Dei siste tiåra er veksten forsterka av ein globalisert masseproduksjon av billege varer og tenester. Klima- og miljøkrisa endrar dette: På ei rekkje områder kan ikkje kaka vekse meir. Ho må verte mindre. Det kan bli den tøffaste klassekampen i moderne tid.   

Eg kjenner folk i mange lag av samfunnet. Også rike folk. Mange av dei er opptekne av miljø og klima. Det er ikkje berre Gunnhild Stordalen som bryr seg. I ein prat eg hadde med ein godt formuane mann her om dagen, snakka han engasjert om klimasaka. Han er på venstresia. Familien har kjøpt elbil: «Noko må skje. Det må store endringar til, om vi skal berge kloden», sa han. «Det er dei rike som forureinar mest», svara eg, med glimt i auge. –«Ja, det veit eg. Men dei rike er heldigvis ikkje så mange», svara han. I fullt alvor. Eg greidde å halde maska…og skifta emne. 

Samtalen fekk meg til å gruble. Det er altså «dei andre» og dei fattige som er problemet; fordi dei er så mange! Han som sa dette er blant dei som er på 5-10 årlege fly-feriar til utlandet, og samstundes har  minst tre bilar, tre båtar og to «hytter», i tillegg til einebustad i byen. Ei hytte er ikkje ei hytte. Det er en raust utstyrt bustad som brukast, om eigaren har tid. Denne familien har altså tre oppvaskmaskinar, tre sett av alle serviser og kasseroller, tre sett med senger og sengetøy, tre sett med møbler, tre komfyrar, tre kjøl- og fryseskap, tre TV-er, tre internettabonnement, tre vedomnar, og minst tre bad. Truleg har dei også tre sett med turkle og anna turutstyr. Det er godt å ha fleksibilitet. 

I andre enden kjenner eg folk som eig lite. Deira handlingsrom er langt mindre. Dei er gjerne einslege, fleire utan fast eller heil jobb. Nokre eig bustad og bil og har sertifikat, andre ikkje. Men dei får det til å gå rundt, på eit vis; dei veit å spore opp brukte billege møblar eller kjøkkeninnreiingar, og å skaffa seg skyss med naboar som skal same veg (utanom skulebuss er det sparsamt med kollektivtrafikk der eg bur). Dei er flinke til å hjelpe kvarandre og låner verktøy og utstyr av vener og slekt. Dei er ofte innom bruktbutikken, men sjeldan på feriar og flyreiser. Og dei reparerer utstyr og ting når det trengst. Ikkje for å vera «grøne», men for at dei må. Kva tenkjer desse folka når det store «vi-et» blir fortald at dei må skjemmast? Og korleis verkar det på deira økonomi, når flate klimaskattar leggjast på forbruk? Tromsø-komikaren Arthur Arntzen, alias «Oluf i Raillkattlia», leika ein gong med ein kjend bibelstad: «Du ser splinten i bjelken, men ikkje bror din i auge». Min far brukte eit nærliggjande ordtak: «Å gå utanpå verda». Begge formuleringane har relevans i klimaspørsmålet. 

Det går no føre seg en livleg debatt om kva «vi» må slutte med, eller skamme «oss» over. Det er sikkert behagelig for overklassen om alle «vi» tar på oss det moralske ansvaret. Og skamma for overforbruket. Med raus taletid i det offentlige rom, har overklassen gode odds til å definere kva som er skammelig. Og ikkje: Den norske hyttedraumen var bygd på  ein nøktern friluftskultur, trongen til det enkle, stillheit og natur.  Det er ikkje lengre slik. Den moderne «hytta» er eit sløsande masseforbruk. Og eit massivt klimautslepp. I bygdene kjøper byfolk også opp bustader til feriehus; resultatet er bustadmangel for unge familiar som ønskjer å bu der. Dette er eit stort problem i det rurale Noreg.   

All politikk byggjer på verdiar. Men det er skilnad på moral og politikk: Moral er eit ord som påkallar ein universell norm, medan politikk handlar om ein anerkjent konflikt mellom interesser. Det er difor vi har et partisystem i demokratiske statar. Det var ikkje ein universell moral som gav skule til alle, 8-timersdag og offentlige helsetenester i Noreg.  Det var politikk nedanfrå, ein klassekamp frå dei mange, og frå venstresida. Ikkje frå dei rike på toppen. Klimakrisa kan ikkje handterast med «smarte løysingar» og klimakvotar åleine. På ei rekke områder er lågare forbruk og  omfordeling uunngåeleg. På «hyttefeltet» kan vi mellom anna byrja med reell likningsverdi og dobbel eigedomsskatt på alle fritidseigedommar. Alle treng ein bustad. Men det er ikkje ein menneskerett å ha fleire.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse