Annonse
Pasienter med spanskesyken ved et midlertidig sykehus i Kansas i USA i 1918. (Foto: Otis Historical Archives Nat'l Museum of Health & Medicine)

Korona, dugnad og tru   

Også i tider med koronavirus treng vi tru og signing – elles blir vi fattige.

I desse koronatider er det aktuelt å stille spørsmålet: Har vi som folk tatt dei gode dagane med  fråvær av store epidemiar som sjølvsagt og noe som  berre hørte fortida til?

Historieboka fortel at mellom 1349 og 1654 døde rundt 60 prosent av befolkninga i Europa og halvparten i Noreg av pesten svartedauden. I åra 1917-18 smitta influensaepidemien «spanskesyken» rundt ein tredel av verdas befolkning og tok livet av ca. 50 millionar - dei fleste i løpet av noen haustmånader i 1918. I Noreg døydde 15.000 slik. Mangel på effektive legemidla og ettervirkninger frå 1. verdskrig er nemnt som viktigaste årsak til dei høge dødstala under «spanskesyken». I alt glømmer vi ikkje tuberkulosen - den største folkesjukdomen i Noreg som på 60 år (1895-1955) berre i vårt land kosta om lag 250 000 liv.

I året 2020 opplever vi koronaviruset både nasjonalt og internasjonalt. I motsetning til tidlegare tider har dei fleste landa no eit godt utbygd helsevesen. Sentralt og lokalt i Noreg praktiseres  ein dugnad i fleire led for å hindre smittespreiing og tap av liv. Samtidig må  samfunnet fungere. Internasjonalt blir arbeidet koordinert for snarast å få til ein vaksine. «Det er von i hangande snøre.» (Kjell Bondevik)

Koronaviruset opptar mange  fordi det kan ramme hardt på kort tid og med store, negative ringvirkninger for samfunnet. Kanskje dette kan minne og  lære oss menneske å samarbeide betre både lokalt, nasjonalt og internasjonalt? Vi er alle astronautar, seiler på same jord rundt ei sol. Er vi berre oss sjølve nok, blir det forlis for alle. Det er noe som heiter «hjelp til selvhjelp» og «Del ditt brød med sulten bror og søster!». Arne Paasche Aasen minner oss også om å ta vare på «de nære ting». I tider med krig, uår, svolt og smitte har mange lært seg å synge denne salmestrofa på ein ny måte: «Folket frå gamalt har stridt seg fram, Kristus var med oss i verket.»

«Gudstru med nøysemd» var og er  ei vinning i livsstriden. Forfedrane snakka ikkje høgt om trua, men bad kanskje spesielt slik når det røyna på: «Eg trur, Herre. Hjelp mi vantru!»  (Markus 9) Tidlegare biskop Monrad Nordervald fortel frå sine ishavturar at mannskapet banna mykje når veret var godt, men nesten ikkje når det var storm og isgang. Vi hadde berre ei skutesida på to tommar mellom oss og døden, skreiv Norderval.

I «Nordnorsk julesalme» fortel visekunstnar Trygve Hoff  om tru slik: «Du ser oss i mørketids-landet du signe med evige ord. Husan og fjellet og vannet og folket som leve her nord.»

Også i tider med koronavirus treng vi tru og signing – elles blir vi fattige. Vi må saman tru på og arbeide for normale tider. Då må vi forvalte rikdomane på vår jord på ein meir rettvis måte. «I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til - då veks det fram.» (Arne Garborg)

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse