Annonse
KAUTOKEINO: Verken Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet eller Fylkesmannen ville stille til debatt om naturforvaltning i Kautokeino, opplyser artikkelforfatter Svein Lund - og legger til: "Inntrykket vi sat igjen med var at dei IKKJE ønska å løyse konfliktane, dei ville fortsatt barrikadere seg i kontora sine i Oslo, Trondheim, Tromsø og Vadsø og fjernstyre med minst mogleg direkte kontakt".

Krig om naturforvaltning

... måten desse sakene blir behandla på og det stadige presset mot naturen, reindrifta, sauedrifta og utmarkshaustinga gjør at det blir forståelig, om enn tragisk, at organisasjonar og institusjonar seier nei til alt vern.

Dei siste vekene har media fortalt om ei rekke saker der regjeringa si forvaltning av natur i Finnmark har ført til motstand. Slike motsetningar er det òg i andre delar av landet, men det er i Finnmark det for tida står skarpast. Mye av dette vil likevel vere relevant også i andre delar av landet. 

Den største saka for tida er driftskonsesjonen til gruve ved Repparfjorden, som på eine sida er omtalt som norgeshistorias største planlagte forureining og på andre sida betyr alvorlige inngrep i reinbeiteområde. Andre saker er planen om ei rekke nye naturreservat i våtmarksområde, planen om marine verneområde, som møter motstand i Hasvik kommune, vindkraftanlegg på Laksefjordvidda, utviding av gruve og mudring av fjorden i Tana, gruve i Biedjovággi, nedskjæring av reintal, ved sida av kronisk strid om oppdrettsanlegg, rovdyr og om andejakt i Guovdageaidnu.

Frontane er langt i frå dei same i alle desse sakene, nokre gongar har regjeringa støtte av fylkeskommune og kommunar, andre gongar står desse steilt mot kvarandre. Nokre gongar står regjeringa for vern, andre gongar for inngrep. Det sprikar tilsynelatande i alle retningar, men likevel er ein fellesnemnar for alle sakene. Det er at regjeringa går inn for tiltak som fører til innsnevringar og hinder for lokalbefolkninga sin bruk av naturen, anten det gjeld reindrift, jakt eller fiske i sjø og ferskvatn, som næring eller matauk. Dei som tener på tiltaka er norsk og internasjonal gruve-, vindkraft- og oppdrettskapital, samt delar av turistnæringa og Noreg sitt internasjonale rykte som land med mye formelt vern.

Eg bur i ein av kommunane som har hatt mye av desse konfrontasjonane. Kommunen har vore hardt ramma av inngrep i eigne område som Bidjovagge Gruber og utbygging av Guovdageaidnu-Alta-vassdraget og indirekte gjennom inngrep i sommarbeiteland, gjennom vass- og vindkraft, kraftleidningar, hyttefelt, osv.

Motstanden kjem til uttrykk på forskjellig vis, som kommunestyrevedtak mot ny gullgruve i Biedjovággi, underskriftsliste mot ny nasjonalpark, og nylig demonstrasjon mot Nussir-gruva, som vil ramme reindrifta i vår kommune. Dette er bare toppane på kroniske motsetningar som slår ut på ei rekke område frå motorferdsel i utmark til reglar for garn- og notfiske.

I denne gjenstridige kommunen jobbar vi no med å bygge opp eit natursenter.

Senteret skal i første rekke dokumentere og vise naturen i området og bruken av denne, på godt og på vondt. Senteret skal ikkje vere ein part i stridane, men vise begge sider. Det ønska vi å gjøre gjennom eit ope seminar der vi ville stille spørsmålet om det alltid må vere strid om naturforvaltninga, særlig i samiske bruksområde, eller om det er mogleg å finne fram til kompromiss og løysingar som alle kan leve med. Dit inviterte vi frå den sentrale forvaltninga Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Fylkesmannen. Ingen av dei ville møte til debatt. Inntrykket vi sat igjen med var at dei IKKJE ønska å løyse konfliktane, dei ville fortsatt barrikadere seg i kontora sine i Oslo, Trondheim, Tromsø og Vadsø og fjernstyre med minst mogleg direkte kontakt.

Ikkje før hadde vi avlyst seminaret av mangel på den eine parten, så kom meldinga om at planen om ei rekke gigantiske naturreservat på vidda blir tatt opp igjen. Nesten uendra blei planen tina opp igjen eit tiår etter at han blei lagt på is. Også metodane er resirkulerte: Lokale brukarar, og kommuneleiinga veit ingenting før dei les om planen i avisa. Planen var ikkje grunngitt med at desse områda måtte vernast for at dei var truga, eller at dei var viktige for lokal næring og kultur. Nei dei var vald ut frå „hvor det finnes områder som kan bidra til å nå Stortingets målsetning om representativt vern av norsk natur”. Ein har ikkje eingong som mål å komme fram til semje om kva som skal vernast og korleis. Regjeringa har nettopp vist at ho ikkje bryr seg om kva 87 % av finnmarkingane har sagt i folkerøysting om fylkessamanslåing. Ei regjering som klarer det, kan også overkjøre motstand mot både gruver, vindkraft, oppdrett og naturreservat. 

Dei nemnde sakene er ikkje alle like enkle. Naturen vår er meir enn truga, han er i rask tilbakegang, både lokalt og i verdsmålestokk, gjennom arealtap, forureining, klimaendring og kjemisk krigføring mot plante- og dyrelivet. For min del ønsker eg meir vern og eg ønsker å sikre levedyktige bestandar av alle rovdyrartane. Men måten desse sakene blir behandla på og det stadige presset mot naturen, reindrifta, sauedrifta og utmarkshaustinga gjør at det blir forståelig, om enn tragisk, at organisasjonar og institusjonar seier nei til alt vern.

I fjor oppretta Stortinget, ein sannings- og forsoningskommisjon om fornorskinga av samar og kvenar. Dei daverande regjeringspartia røysta imot opprettinga, da dei ikkje ønsker verken sanning eller forsoning. Samtidig held dei fram ei naturforvaltning som mange oppfattar som ei fortsetting av fornorskingspolitikken. Noko forsoning er ikkje i sikte. I første omgang får vi finne fram lenkene og vere klar for å slå ring om Repparfjorden og reindrifta der.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse