KRITIKK AV NORDLYS: Informasjonssjef Øyvind Andre Haram (bildet) i Sjømat Norge spør hvorfor Nordlys ikke skriver mer om fisk og norske fiskerier. Foto: Sjømat Norge

Kva skal Nordlys leve av da?

Eg har ein sterk kjærleik for Nord-Noreg. Folk, samhald, lidenskap og ikkje minst det eg brenn for; sjømaten. Men må det ein søring til for å gjere landsdelens største avis merksam på kva de er tufta på?

Som pur ung journalist fekk eg rundt tusenårsskifte masa til meg ein tur nordover. Fiskerikonferanse i Tromsø, eg må. 15 år etter er kjærleiken så sterk at eg er den første som rettar opp handa når arbeid skal gjerast på Senja, Honningsvåg eller Skjervøy. Det er noko magisk med de som bur og byggjer her i nord. Hadde det ikkje vore for ein standhaftig trønder, hadde eg busett meg her for lenge sidan.

Eg reiser mykje land og strand rundt i nord, dei siste fem åra har eg og hatt gleda av ei spesiell veke i Tromsø. For oss som arbeider med kvitfisk er dette noko ein byrjar å glede seg til allereie i det ein pakkar saman solsenga sommartid. Alle kjem. Alle er her. Alle vil. Frå der ein knapt kunne tru nokon driv med kvitfisk er dette møtestaden. Men ein aktør har alltid mangla. Landsdelens største avis.

Torskefiskveka. Midt i oktober kvart einaste år. Det byrjar gjerne med møter internt i bedriftene. Forhandlingar. Kjøp og sal. Alt opp mot den store konferansen torsdag. Dei seinaste åra har den berre blitt større og større. Rundt 500 deltakarar. Ein prat, det å møtast, faglege oppdateringar, nyheiter, statsråder og ikkje minst offisiell innleiing av årets lutefisksesong på kveldstid. Torskefiskkonferansen med Norges sjømatråd, Norges Råfisklag og min arbeidsplass som arrangør.

Sjømatrådet, bedrifter, konsulentar, underteikna og politikarar. Alle har vi prøvd. Vi har ringt, skreve, sendt e-post, banka på døra og nemnd det der me møter dykk standhaftige, meritterte eller for den nykomarar frå sjølvaste storavisa i Tromsø. Resultat? På mine fem år har ingen dukka opp. Ingen har respondert. Er ikkje torsk lenger viktig for Nordlys?

I så fall kan eg opplysa om ein ting: Fiskeribladet, NRK Troms, iTromsø, Norsk Fiskerinæring, Dagens Næringsliv, kyst.no, Kyst og Fjord og TV2 er av ei anna meining. Dei dukkar som regel opp kvart år for å snakka med fiskeriministaren, politikarar og folk i næringa. I år fekk dei mellom anna høyre om Vesteraalens som no satsar på å selje fiskebollar til Kina. Saka verka til å vere så god at Nordlys val å sitera TV2 og fekk den publisert i fleire søsteravisar i Nord-Noreg.

Som tidlegare journalist forstår eg særs godt at det er eit heilt hav av konferansar i Tromsø by. Det er og eit heilt hav av områder å skrive om. Alle vil ha merksemd. Alle vil at det skrivast noko om det ein sjølv gjer. Ofte passar det ikkje. Ofte har ein ikkje nok folk på jobb. Likevel, kjære gode vene Nordlys. Det er 700 meter, 8 minutt å gå frå redaksjonslokala i Rådhusgata og bort til Clarion Hotel The Edge. Det handlar om å stikke hovudet innom, lytte, slå av ein prat, kanskje seiast det ting frå talarstolen, eller kanskje får ein gode tips?

Journalistikk handlar om å møte folk. Om å lytte og ikkje minst, dekke det som skjer i samfunnet på godt og vondt. I desse dagar er sjømat kanskje viktigare enn nokon gong. I den stadig meir viktigare diskusjonen om framtidas velferd, peiker stadig fleire på havet. Blå næring er i vinden som aldri før. 1000 studentar frå heile Noreg kjempa i år om 60 blå utdanningsplassar på UiT – Norges arktiske universitet i dykkar by. Kjære Nordlys. Fisk er Nord-Norge. Nord-Norge er fisk. I staden for nybrent kaffebar lukt på presseblokka, kom dykk ut og søl litt slo på beina.

PS! Som EKS-journalist forventar eg ei skyllebøtte av dei enorme og sjølvsagt i god journalistisk ånd ikkje noko i nærleiken av det å innrømme at eg har litt rett.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse