Annonse
I eit demokrati skal etterretninga vera underlagt offerntleg kontroll, ikkje “ein stat i staten”. Avtalen mellom USA og Norge om Vardø-radaren bør offentleggjerast, og Stortinget må bli betre informert, spesielt kontrollutvalet, skriver Ingegerd Austbø. Foto: Scanpix

Kvifor vil ikkje styresmaktene informera om Vardø-radaren?

Sidan 195o-talet har Norge og USA hatt hemmeleg samarbeid om denne radaren, utanfor NATO. Opphavleg var radaren bygd for å overvaka sovjetiske rakettar, men den er oppgradert fleire gonger. Radaren er underlagt USA og sender informasjon til US Strategic Command, som har ansvar for bruk av atomvåpen og militære operasjonar i verdsrommet.  Den er svært viktig for amerikansk etterretning. Donald Trump har i brev til den norske regjeringa skrive at radaren er  “USAs auge og øyre” på den nordlege halvkula. Radaren dekkjer heile Nord-Afrika og Vest-Asia. Det er 150 tilsette ved anlegget, og radaren er godt synleg i byen, men styresmaktene er tause om han. 

Under Obama vart det sett av 10 milliardar kroner til oppgradering av radaren. Nyleg kom det lasteskip direkte frå USA til Finmark med nytt utstyr. Journalisten Bård Wormdal fortel at han ikkje fekk fotografera lossinga, som tok fleire dagar. Merka på kolliane viste at det var radarutstyr frå det amerikanske firmaet Rayathi, som også produserte førre generasjonen. Radaren skal vera ferdig oppgradert i 2020.

Norske styresmakter vil ikkje gi informasjon om dette, og stortingsrepresentantane frå Finnmark visste ikkje kor omfattande oppgraderinga er.  Michael Meyer ved Institutt for forsvarsstudier trur den nye radaren kan vera del av eit omstridd rakettskjold. Professor Theodor Postol ved MIT, Massachusetts Institute of Technology, meiner radaren er del av ei opprusting, som kan føra til konfrontasjon mellom stormaktene.

Skulle det bli konfrontasjon mellom USA og Russland, vil denne  radaren og andre militære anlegg kunna bli mål for Russland. Det er grunn til å spørja om radaren gjer landet vårt trygt. I eit demokrati skal etterretninga vera underlagt offerntleg kontroll, ikkje “ein stat i staten”. Rammeavtalen mellom USA og Norge bør offentleggjerast, og Stortinget må bli betre informert, spesielt kontrollutvalet.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse