Annonse
Med ein armada på 70-80 havgåande kystfartøy på opptil 55 meter har kampen om fiskefelta i fjordane hardna til. (Foto: Torgrim Rath Olsen)

Kvotekamp, korrupsjon og oligarkiets jernlov

Tida er moden for alliansar med fiskeindustrien om korleis lokale fellesskap bør fiske og produsere.

Fiskarlaget Nord har teke første skritt ut av Norges Fiskarlag. 950 kystfiskarane frå Finnmark og Troms står for ca. 40 prosent av medlemmane i NF. I Nordland vurderer mange det same. Det kan bli eit sløygd og hovudkappa fiskarlag som fyller 100 år i 2026, utan den ryggraden kystfiskarane i Nord-Noreg var meint å skulle vere.

Brotet er ikkje definitivt. Vedtaket med 30 mot 1 røyst opnar for ein tre års periode med «seperasjonsforhandlingar». Om dette blir eit slagsmål om buet, som ikkje er særleg feitt, eller om ein eller begge partane angrar seg og vil prøve på nytt, gjenstår å sjå. Krangelen i Tromsø på fredag var uforsonleg. Men «kårkallar» som Robert Hansen, Kåre Ludvigsen og  Knut Werner Hansen, alle med 40 års fartstid i laget, støtta opprøret.

Misnøya med Norges Fiskarlag er ikkje av ny dato. Det handlar om havfiskeflåten si makt og fiskebåtreiarane sitt dobbelmedlemsskap i organisasjonen, og at dei går utanom fiskarlaget når det høver dei sjølve best. Mange store kystbåtar har satsa hundrevis av millionar på kvotekjøp og nybygde supereffektive båtar, fryseri, mobilitet og overgang til havfiskegruppa. Med reguleringstekniske grep har denne flåten kome best ut av handelen med strukturkvoter. Dei interne diskusjonane er blitt hardare i tonen. På nytt er trålstigen og den langsiktige kvotefordelinga sett under press.

Med ein armada på 70-80 havgåande kystfartøy på opptil 55 meter har kampen om fiskefelta i fjordane hardna til. Sjølv om talet på båtar og fiskarar har gått nedover, blir det likevel utkjempa moderne trollfjordslag både i Vest-Finnmark og på Malangsgrunnen. Frustrasjon og raseri over dette prega i stor grad fredagens møte i Tromsø. Framleis ser det ut for at storkapitalen vil ha førsterett på fisken framfor dei som bur og arbeider i fjordane.

I cirka 60 år var Norges Fiskarlag det vi kan kalla ein sterk og samlande organisasjon for fiskeflåten. Slik er det så avgjort ikkje i dag. Norges Kystfiskarlag har ein alternativ politikk, særleg for dei rundt 3.000 minste sjarkane, dei fleste i open gruppe. I havfiskeflåten vart Pelagisk Foreining stifta for å forsvare kystsamfunn og lokale reiarlag som kjende seg truga av «Fiskebåt» sine krav om frislepp i kvotehandelen. Både i Troms og Finnmark har fylkesfiskarlaga rike tradisjonar for samarbeid også utanfor Norges Fiskarlag. Tida er moden for alliansar med fiskeindustrien om korleis lokale fellesskap bør fiske og produsere. Så har vi fiskerikommunane og dei nye storfylka med sine ambisjonar om å flytte meir politisk makt ut til regionane. I Nord-Noreg er Sametinget ein naturleg alliert.

Ein svært kritisk rapport frå Riksrevisjonen har nyleg påvist korleis kvotepolitikken har utfordra fiskeripolitiske mål og prinsipp. Men denne granskinga gjekk ikkje lenger tilbake i tida enn til 2004. Dei viktige svara må vi tilbake til 1980-talet for å finne.

Tiåret var prega av auka motsetningar mellom kystfiske- og havfiskeflåten, ein kamp som både handla om ressursar, flåtestruktur og makt i fiskarlaget og fiskesalslaga. I Nord-Noreg vart kystfiskarane stadig meir kritiske til fiskarlaget gjekk med på for mange kompromiss med reiarlaga frå Vestlandet. Frå Trondheim var NF einerådande som talsmann for kyst-Norges sak: ein sterk organisasjon som alle fiskarar var med på å betale gjennom ei faglagsavgift på 1,0 prosent av fangstinntekta sidan 1981.

Slik vart fiskarane tvangsorganisert. Råfiskmonopolet krevde medlemsskap fiskesalslaget, og her måtte det betalast ei avgift. Val av fagforening var ei frivillig sak. Svært sjeldan vart det påpeikt at det berre var i totalitære statar at dei hadde eit faglegpolitisk diktatur på linje med det som vart påtvinga norske fiskarar. Då Norges Kystfiskarlag starta opp i 1987 var kampen om fiskarane skjerpa. Forståeleg nok ville dei ikkje betale kontingent til ein organisasjon dei opplevde som ein motstandar. Dei ville bli kvitt «tvangsavgifta» og bad om at eit tilsvarande trekk vart overført til den nye organisasjonen. Råfisklaget avslo.

Etter lange forhandlingar overtok domstolane. Kystfiskarane tapte både i tingretten og lagmannsretten og dei fleste rekna striden som avgjort. Men då Høgsterett, sommaren 1997, under leiing av justituarius Carsten Smith tok til å grave i spørsmåla rundt organisasjonsfridomen til norske fiskarar forstod dei som var til stades korleis dette ville gå; Full siger til kystfiskarane Utan nokon som helst heimel i råfisklova var faglagsavgifta ulovleg. Innbetalingane til fiskarlaget stoppa få dagar seinare. Norges Fiskarlag var i røynda teknisk konkurs. Både politiske og økonomisk var fallet djupt. I 1991 hadde Norges Fiskarlag eit budsjett på 67,9 millionar. Av dette var heile 64,4 inntekter frå salgslaga, medan berre 700.000 var kontigentpengar frå medlemer. Men her låg det også i korta at faglagsavgifta måtte reduserast, og i 1997 var den nede på 0,3 prosent.

Likevel kom dommen som eit sjokk. No overtok oligarkiets jernlov der råfisklova ikkje kunne brukast. Stikk i strid med den nye lærdommen frå Høgsterett godkjende Fiskeridepartementet at fiskesalslaga kunne gje fiskarlaget eit ansvarleg lån på 15 millionar for å sikre eit minimum av nødvendig drift. Lånet vart aldri betalt tilbake. Det gjekk fem år før kystfiskarlaget fekk representere sine medlemmer. Stortinget måtte gripe inn med ein instruks før departementet gav dei ein plass i den norsk/russiske fiskerikommisjonen og Reguleringsrådet.

Faglagsavgifta gav Norges Fiskarlag økonomisk makt gjennom ein sterk organisasjon. Laget vart også mindre sårbare mot medlemsflukt og kontigentnekt. Om dei fann det naudsynt kunne laget forhandle seg fram til kompromiss og styre politikken i ein retning som ikkje krevde brei støtte på grasrota i laget. Dette kan vere ille nok når pengane er lovlege. Med ulovlege pengar, store summar og alvorlege tillitsbrot var spranget hårfint frå korporative forhandlingar mellom uavhengige partar til det vi på godt norsk kallar korrupsjon.

Rundt bordet sat eit fåmannsvelde, eit oligarki, som hadde ein ny strukturpolitikk som felles mål – og jernlova som reiskap. Staten ville gje marknaden eit større spelerom i ved å opne for omsetning av kvoter. Fiskarlaget sine folk forsto at ut av ressurskrisa og nye knallharde reguleringar ville alle med konsesjonar og fartøykvoter, bortimot 4000 båteigarar, sikre seg private formuer for mangfaldige milliardar. Mykje kom på plass før høgsterettsdommen i slo beina under NF si viktigaste inntektskjelde. Deretter handla det om å halde Norges Kystfiskarlag utanfor alle møterom. Staten ville helst ha «representative organisasjoner i næringa å forholde seg til» som det stod i eit notat frå denne tida.

Så, om Riksrevisjonen kan finne ut meir om dette, er det mange som vil imøtesjå både funn og konklusjonar med stor interesse.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse