Annonse
Mange hadde venta at regjeringa ville bruke dette høvet til å foreslå innføring av ein ressursskatt, slik eit klart fleirtal i det såkalla kvoteutvalget gjekk inn for. Meldinga inneheld ingen signal om dette, og dette vil opplagt setje ny fart i debatten om kvotebaronane og det manglande samfunnsansvaret, skriver Gunnar Grytås. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix

Kvotemeldinga: «Framtidsretta» provokasjon?

Men det pedagogiske poenget i dette er tydeleg. Trålarane har førsteretten til stabile vilkår. Kystflåten blir ein salderingspost.

På den same dagen som fiskeriminister Harald T. Nesvik la fram den nye kvotemeldinga vart det kjent at Riksrevisjonen er i gang med ei omfattande gransking av fiskeriforvaltninga. Dette skal gjerast medan meldinga er ute på høyring i eit turbulent politisk landskap. Det er slett ikkje sikkert at det blir dagens regjering som om eit års tid skal legge saka fram for Stortinget, noko som tidlegast kan skje neste sommar.

Stortingsmelding 32 (2018-2019) har tittelen «Et kvotesystem for økt verdiskaping – En fremtidsrettet fiskerinæring». Viktige sider av innhaldet vil provosere. Både det som står i meldinga og det mange vil sakne.

Kva meiner for eksempel Venstres klima- og miljøminister Ola Elvestuen om at fiskeriministeren frå Frp slår fast at «det er således ikke endringene i kvotesystemet som skal bidra til å nå regjeringens klimamål». Dette er konklusjonen på fire korte avsnitt i det meldinga skriv om klima- og miljømessige konsekvensar. Kort forklart står det at fordi fordelinga mellom ulike flåtegruppene skal ligge fast «legger det begrensninger på mulige klimamessige tilpasninger».

Her blir det også klargjort at eit nytt forslag om å gå over til faktisk lengde i kystflåtens gruppeinndeling vil setje grenser for energieffektiv utforming av fiskefartøy. Her blir det sikta til 89 båtar over 21 meter som regjeringa vil sleppe inn i gruppa for store kystfiskebåtar. Her vil dei få større kvoter som opplagt vil føre til at andre får fiske mindre.

Om utsleppet av klimagassar i tillegg aukar, er det truleg ei sak som Riksrevisjonen vil sjå nærmare på når dei skal vurdere om fiskeripolitikken styrer mot vedtekne mål. Dei handlar ikkje berre om lønsemd og effektivitet, men framleis om utviklinga i kystsamfunna, om arbeidsplassar og ikkje minst; miljø og klima.

Bakgrunnen for den nye meldinga er at strukturkvotene som var innført i 2004/2005 utgår på dato frå 2025 og utover. I denne tida har fiskebåtreiarane kjøpt opp strukturkvoter og bygd båtar for titalls av milliardar. No er dei avhengige av nye avtalar for å avklare om dei kan halde fram å fiske som før. Svaret på det er ikkje eit evigvarande «ja», men førebels 15 nye år. Kvotene blir også meir verdifulle fordi avkortinga blir redusert frå 40 til 10 prosent.

I meldinga tek også Nesvik det første skrittet mot starten av ein kvotebørs, men førebels berre for utleige av kvoter. Ein båt kan leige ut inntil 20 prosent av samla kvote, medan dei som vil fiske meir med eigen båt kan kjøpe eit tillegg på inntil 50 prosent av opprinneleg kvote. På denne måten blir det skapt priskonkurranse mellom dei som inngår leigeavtalar og dei som kjøper strukturkvoter. Dei fleste spådommar går i retning av at dette vil auke prisane på det relativt unge, norske markedet for fiskekvoter. I startfasen vil kvoteleiga bli administrert av forvaltninga, men på lenger sikt vil eit privat selskap kunne overta dette børsoppdraget.

Mange hadde venta at regjeringa ville bruke dette høvet til å foreslå innføring av ein ressursskatt, slik eit klart fleirtal i det såkalla kvoteutvalget gjekk inn for. Meldinga inneheld ingen signal om dette, og dette vil opplagt setje ny fart i debatten om kvotebaronane og det manglande samfunnsansvaret. Medan lukka allmenning og eit hardt strukturert fiske har skapt enorme verdiar og profitt i flåten er næringa sitt ansvar for utviklinga på kysten sterkt redusert. For dei som hadde forventningar om ein ressursskatt på mellom to og fire milliardar i åreter det ei dårleg trøyst at meldinga lanserer «han staten» sjølv som kvoteeigar. Grunnlaget for dette blir i så fall at 20 prosent av strukturgevinsten blir tilført ein statleg kvotebeholdning som kan leigast ut og gje ei inntekt på rundt 100 millionar årleg.

Etter at den langsiktige kvotefordelinga mellom kyst- og havfiskeflåten har vore heilag og urokkeleg i snart 30 år, kjem også regjeringa med eit signal om at heller ikkje denne er skriven i stein. No må fordelinga bli meir dynamisk, meiner regjeringa som vil garantere trålarflåten ein fast torskekvote på 32 prosent også om totalkvoten vil falle ned på eit meir kritisk nivå enn i dag. Om så gale skulle skje vil regjeringa at det i framtida skal opprettast ein ekstrakvote som kan brukast ved behov; i dette tilfellet til å la kystflåten halde fram fisket.

Men det pedagogiske poenget i dette er tydeleg. Trålarane har førsteretten til stabile vilkår. Kystflåten blir ein salderingspost. Slik er det også mogeleg å gje 89 båtar som er større enn dei så langt har hatt kvote for, eit såkalla opprykk til gruppa «stor kyst» der dei no får ein ny og vesentleg større kvote etter faktisk lengde. Denne spekulative posisjoneringa med kjøp av større, og delvis nye, båtar for å tvinge til seg større kvote har i fleire år vore omstridd internt i Norges Fiskarlag.

Rykte frå det interne arbeidet med denne meldinga fortel at prosessen har vore vanskeleg. At arbeidet starta i ei mindretalsregjering som no har fått fleirtal, treng ikkje gjere det lettare. Her står Kristeleg Folkepart som garantist for at det førebels ikkje blir innført strukturkvoter for cirka 1.400 sjarkar under 11 meter. Torskefisket for 2.400 båtar i «Åpen gruppe» har ikkje garanti for noko som helst. Og der Per Sandberg ville avvikle pliktsystemet for trålarene og gje ferskfiskkvotene til kystflåten i nord, vil Harald Nesvik frå same parti framleis halde liv i ei ordning som dei fleste meiner ikkje har fungert på 30 år.

Difor blir ikkje dette noko enkel sak for ei regjering som lett fell i utakt. Håpet deira står til at heller ikkje opposjonen med Arbeiderpartiet i spissen veit kva dei vil.

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse