Annonse
Professor emerita og tidligere UiT-rektor Tove Bull kommenterer denne kronikken fra UiT-professor Ivar Bjørklund. (Foto: Stig Brøndbo, UiT Norges arktiske universitet)

Likskap og likeverd

Om samisk språk og kultur i det heile skal overleve på lang sikt, må det særrettar til. Og ikkje berre det: Majoriteten må vere villig til å bidra.

I Nordlys 2. desember har Ivar Bjørklund ein interessant artikkel der han plasserer EDLs syn på etnisk likskap og demokratisk likeverd i historisk samanheng. At det synet EDL står for, ikkje er noko nytt, er sjølvsagt ikkje noko argument mot det. Bjørklund viser til at Finnmark Arbeidarparti sleit med si eiga forankring i fornorskingspolitikken til langt ut på 1980-talet. Han kunne også vist til tidlegare SV-politikar Olav Gunnar Ballos standpunkt, som han i si tid fekk mykje peppar for.

Eg las Bjørklunds artikkel og tok meg sjølv i å tenke at her blir EDL tatt på alvor; Bjørklund skriv om ballen og ikkje mannen. Og eg tenkte vidare at her viser Bjørklund krafta i det gode eller det beste argumentet. Tenkte eg, ­ – inntil eg kom til dei siste par avsnitta der uttrykk som “fordommer” og “ideologiske etterlatenskaper fra en forgangen tid” blir brukte som karakteristikkar av EDL. Dette er karakteristikkar som ikkje blir grunngitt, samstundes som Bjørklund krev av EDL at dei skal kunne gjere greie for om eller korleis “demokrati” (hermeteikna er Bjørklunds) skal kunne ivareta interessene til eit etnisk mindretal. Det kunne Bjørklund sjølv gjort greie for, sidan det er svara på dette spørsmålet som viser at argumenta til EDL står og vaklar på sviktande grunnlag.

Å kaste seg med i denne debatten gjer vel ingen med stor lyst. Temperaturen har vore høg og retorikken hesblesande. For meg ser det ut som EDL lovleg ofte blir tillagt standpunkt dei ikkje har gitt uttrykk for og ikkje sjeldan blir behandla på måtar som ikkje høyrer heime i ein sivilisert debatt. Så langt eg veit, har dei f.eks. aldri hevda noko slikt som “først folk, sia finn” eller gjeve næring til ei slik utsegn. Slik eg oppfattar EDL, står dei for ein slags nøytral demokratipolitikk: Alle skal ha like rettar, og alle skal behandlast likt. Ingen grupper skal ha særrettar. Eg vil tru at det er slik mange tenker om demokrati. Men er det det som er likskap for lova? Er det det som er demokrati? Mitt svar er nei.

Det finst ein god del dokumentasjon på at absolutt likebehandling lett fører til ulikskap, ja, i verste fall kan fundamentale menneskerettar vere på spel for grupper av menneske som “blir behandla likt” med og har “dei same rettane” som andre grupper. Skal eit minoritet i eit samfunn ha og nyte godt av dei same rettane som majoriteten, kan dei ikkje behandlast “likt”. For meg er det mest nærliggande å bruke språk- og kulturforsking og språkpolitikk som eksempel. Det finst mangfaldige og sterkt overtydande forskingsbelegg på at om ein ønskjer å bevare små minoritetsspråk, må det heilt andre tiltak til enn å gje minoritetane dei same rettane til eige språk og eigen kultur som majoriteten.

Eitt illustrerande eksempel er den reelle statusen til nynorsk her i landet. Formelt har nynorsk og bokmål vore jamstelte språk sidan 1885; det er lenge før dei fekk dei namna dei har i dag. Dei er altså blitt behandla likt i om lag 135 år. Trass i at dei to språka formelt og juridisk har vore likestilte så lenge, er det ingen tvil om at bokmål har tryggare status og sterkare vern enn nynorsk. For samiske språk er situasjonen mykje vanskelegare enn for nynorsk. Dei er alle truga språk. Det er ikkje berre fornorskingspolitikken som har skulda for det. Tilbakegangen for samisk har halde fram også etter at formell likestilling kom på plass. Dei tre samiske språka som er i bruk i Norge,  har offisiell status, og samiskspråklege har ei rad formelle språkrettar. Likevel vil det vere overoptimistisk å seie at framtida ser lys ut for samiske språk, eller at dei er i nærleiken av å ha ei så trygg framtid som norsk. Det handlar om at språkmakta ligg hos majoriteten, i vårt tilfelle hos alle oss som har norsk som førstespråk.

Om samisk språk og kultur i det heile skal overleve på lang sikt, må det særrettar til. Og ikkje berre det: Majoriteten må vere villig til å bidra. Eit slikt første bidrag kunne vere å gjere samisk til obligatorisk fag for alle barn og ungdommar som bur og går på skole i kommunar i det samiske forvaltningsområdet. Det har desse kommunane høve til å gjennomføre, men dei aller, aller fleste gjer det ikkje. At eit slikt forslag av svært mange blir oppfatta som heilt urealistisk, viser kor langt vi no er frå å gjere det som trengst for å sikre språket og kulturen til den samiskspråklege minoriteten i landet, og for den del i heile Sápmi, jamvel om både grunnloven, språkparagrafen i sameloven og ratifiseringa av ILO-konvensjonen er meint å vere ein slik sikringsgaranti. Det er faktisk ikkje nok!

Eg har brukt språk og kultur som eksempel, fordi dette er dei områda eg sjølv kjenner best til. Tilsvarande kunne ein argumentert for at det må særlege rettar til for å halde oppe reindrifta som ei samisk næring. Det inneber m.a. prioriterte rettar til arealbruk i bestemte område. Kort sagt: Dersom vi meiner at samane i Norge har rett til å bevare språket, kulturen, livs- og næringsgrunnlaget sitt til liks med andre norske statsborgarar, så er ikkje likebehandling nok. Berre forskjellsbehandling kan gje likt rettsvern.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse