Annonse
Det er som om den underlegne posisjonen til det samiske språket har blitt ein umedviten, taus dagleg praksis som det ikkje vert stilt spørsmål ved, skriver artikkelforfatteren. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Lite rom for samisk språk i sjukeheim

I lys av politiske strategiar for å fremme samisk språk, var det underleg å oppdage at dette språket var bortimot fråverande i ein sjukeheim i eit samisk språkforvaltings-område. I den aktuelle sjukeheimen rekna styrar med at om lag halvparten av bebuarane hadde ein samisk bakgrunn.

Ti norske kommunar er samiske språkforvaltingsområde. Slike kommunar har eit spesielt ansvar for å  fremme samisk kultur og samiske språk. I slike kommunar er samisk og norsk språk likestilte. Det inneber at samisk-talande har rett til å uttrykkje seg på samisk når dei er i kontakt med offentlege institusjonar, som for eksempel sjukeheimar.

I 2017 intervjua eg pleiepersonell i eit samisk språkforvaltingsområde om korleis det var å arbeide i ein multikulturell sjukeheim. Fem av pleiarane i sjukeheimen kunne snakke samisk. Nokon av desse fem hadde vakse opp i samisk-talande område i Finland, medan andre hadde gifta seg inn i norske samisk-språklege familiar for mange år sidan og lært seg samisk på det viset. Dei samisk talande pleiarane fortalde at det var svært nyttig å kunne samisk, fordi fleire av bebuarane føretrekte å snakke dette språket og dei kunne lyse opp når dei fekk høve til å uttrykkje seg på samisk. Men det var ingen systematikk i at samisk-talande personell primært pleia bebuarar med samisk bakgrunn. 

Fem av dei norsk-fødde pleiarane fortalde at dei hadde vakse opp med foreldre som snakka samisk, men desse pleiarane kunne ikkje snakke samisk. Pleiarane var fødde i kystnære område i perioden 1963-1978. Dei fortalde at foreldra ofte kommuniserte på samisk seg imellom, men dei snakka berre norsk med borna sine. Vanskane foreldra hadde erfart då dei starta på barneskulen var bakgrunnen for at dei ikkje ville lære borna samisk. Då foreldra gjekk på folkeskulen var all undervising på norsk. Det var skammeleg og forbode å snakke samisk. Foreldra ville verne borna mot liknande negative erfaringar, derfor læret dei ikkje borna det samiske språket. Pleiarar som hadde vakse opp i det aktuelle språkforvaltingsområdet, meinte at det i dag var relativt få på deira alder som kunne snakke samisk. Ei av dei norsk-fødde pleiarane hadde hatt samisk som andre språk på barne- og ungdomsskulen, men ho kunne ikkje snakke samisk likevel. Ho meint at manglande samisk-språkleg kompetanse hadde samband med at ho aldri var i eit miljø der det samiske språket var i dagleg bruk. Foreldra hennar kunne snakke samisk, men dei snakka ikkje samisk med henne.

Den aktuelle sjukeheimen kunne ha vore ein arena der samisk språk var i dagleg bruk, men slik var det ikkje. Dei politiske ambisjonane om å fremje samisk språk verka fråverande i sjukeheimen. Dette fråveret kunne i fylgje ein av pleiaren ha samband med at dei fleste nolevande samar snakkar både norsk og samisk. Men det oppstod gjerne utfordringar når pasientar som hadde hatt samisk som fyrste språk, fekk demens sjukdom, noko om lag 80 % av norske sjukeheimsbebuarar har. Ved demens er det ikkje uvanleg at ein vender attende til det språket som ein lærte i barndommen, og gløymer språk ein har lært seinare I livet. Det kan bety at dei som har vakse opp med eit samisk språk, og fyrst lærte norsk seinare i livet, berre kan uttrykkje seg på samisk. Ei av pleiarane fortalde om ein bebuar som var fødd i samisk-talande delar av Finland, og som flytta til Noreg då ho gifta seg. Denne bebuaren hadde lært samisk heime, seinare lærte ho finsk og til slutt norsk. Då ho fekk demens sjukdom mista ho fyrst  det siste språket ho hadde lært og deretter det finske språket. Til slutt kunne ho berre snakke samisk.

I fylgje pleiarane som eg intervjua, blei det forventa at alle snakka norsk i fellesområda i den aktuelle sjukeheimen, som for eksempel i stove og spiseområde, men det var greitt å snakke samisk i bebuarane sine private einingar. I den aktuelle kommunen hadde ikkje helsepersonell tilbod om kurs i samisk språk. For å kunna ha ein viss verbal kommunikasjon med samiske bebuarar, hadde pleiarane gjerne lært seg nokre samiske ord som «middag», «kaffi», «sove», «stå opp»,  «legge seg», «vaske seg», «pusse tenner», men dei kunne ikkje føre samtaler på samisk.

Norske styresmakter argumenterer for at samiske sjukeheims-bebuarar bør få bu i små einingar saman med andre som har samisk bakgrunn, og at dei helst bør bli pleia av personell som har samisk-språkleg kompetanse. I den aktuelle sjukeheimen budde samisk – og etnisk norske bebuarar i same avdeling. Helsepersonell og lokalpolitikarar i Finnmark har gitt uttrykk for ynskje om særskilde einingar for samiske sjukeheimsbebuarar, men dette er ikkje realisert fordi det er mangel på samisk språk-kompetanse i helsesektoren. Fråveret at slik kompetanse kan vere ein av grunnane til at fleire samiske-talande enn etnisk norske med demensliding ser ut for å bli  pleia av eigen familie i staden for å nytte seg av heimesjukepleietenester.

Fornorskingsprosessane bidrog til å redusere verdien av samisk kultur generelt og samisk språk spesielt. For at barna skulle lukkast, har foreldre unngått å lære dei samisk. Trass i politiske intensjonar om å få det samiske språket til å blomstre opp att, er det få som brukar samisk til dagleg. Heller ikkje i ein sjukeheim i eit samiskspråkleg forvaltingsområde, der ein rekna med at om lag halvparten av bebuarane har ein samisk bakgrunn, vert det investert i det samiske språket i form av eigne einingar for samisk-språklege bebuarar, i form av ei systematisk fordeling av samisk-språkleg personale til bebuarar som føretrekkjer å uttrykkje seg på samisk eller i form av systematisk samisk språkopplæring for pleiepersonell. Det er som om den underlegne posisjonen til det samiske språket har blitt ein umedviten, taus dagleg praksis som det ikkje vert stilt spørsmål ved.

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse