Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom.

LO og NHO på villspor

Skal me ha fornybare arbeidsplassar som kan gi oss velferd i framtida, så må me la olja ligge og ikkje risikere sårbar natur og dei viktigaste gyteområda.

Fleire AP-politikarar i Nord-Noreg tar til orde for å endeleg gå inn for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Dette fryktar LO og NHO i Nordland, Troms og Finnmark. 15. august har organisasjonane eit innlegg med fleire feilaktige påstandar som likeså godt kunne vore copy+paste frå eit innlegg frå Norsk Olje og Gass.

LO og NHO skriv at «En konsekvensutredning er ikke en «cart blanche» for oljeboring» og påstår at den tvert imot vil «bidra til å gi oss bedre kunnskap om miljø, økonomi og til og med sosiale forhold».

Det er ikkje riktig at ei konsekvensutgreiing berre skal gi oss meir kunnskap, og ikkje fører til opning for oljeverksemd. I petroleumslova §3.1 står det «Før åpning av nye områder med sikte på tildeling av utvinningstillatelser, skal det finne sted en avveining mellom de ulike interesser som gjør seg gjeldende på det aktuelle området». Føremålet er altså å opne, og utgreiinga er ei avveining mellom ulike interesser, ikkje ein prosess for å samle inn kunnskap.

Det har blitt gjennomført fire konsekvensutgreiingar i Noreg, og alle har ført til at område har blitt heilt eller delvis opna for oljeverksemd. LO og NHO skriv at «Skagerrak, Troms II og Trøndelag I/Øst er eksempler på områder som er blitt konsekvensutredet, men som ikke er åpnet for oljevirksomhet.»

LO og NHO gir her feil inntrykk av kva denne prosessen fører til. Konsekvensutgreiinga desse områda inngjekk i førte til at oljeindustrien fekk tilgang på fleire område:

  • I 1989 førte konsekvensutgreiinga for Barentshavet sør, Troms II, Troms II (ved Senja) og sørlege delar av Finnmark vest til at alt unntatt Troms II blei opna.
  • I 1993 førte konsekvensutgreiinga for Trøndelag I Aust, Nordland IV, V VI (Lofoten) og VII (Vesterålen), Mørebassenget, Vøringbassenget I og II i 1994 til at Vøringbassenget I og II og delar av Nordland  IV, V og VI blei opna.
  • I 1994 førte konsekvensutgreiinga for Skagerrak til at søraustlege delen av området blei opna.

Alle konsekvensutgreiingar som har blitt gjennomført har ført til meir leiteareal for oljeindustrien.

Viss det er meir kunnskap LO og NHO ønsker seg så er det ikkje gjennom ei konsekvensutgreiing du får dette. I forskriftene til petroleumslova står det at konsekvensutgreiinga så langt som mogleg skal basere seg på føreliggande kunnskap. Til og med tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe og tidlegare tilsett i Oljedirektoratet Karsten Eig meiner at konsekvensutgreiinga mest er ein formalitet, og ikkje vil gi meir kunnskap.

Det finst kunnskap i bøtter og spann om olje i Lofoten, Vesterålen og Senja. Sidan år 2000 er det skrive nesten 100 rapportar om dette området, om alle moglege tema som gjer seg relevante ved oljeverksemd. I 2012 hadde regjeringa til og med ein prosess dei kalla «Kunnskapsinnhenting - nordøstlige Norskehavet».

Det denne prosessen viste var at dersom ein opnar Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeverksemd vil ein kunne få mellom 400 og 1100 arbeidsplassar avhengig av kor store olje- og gassfunna var. Tala er ikkje for Lofoten, Vesterålen og Senja, men for eit område frå Namsos til Tromsø. 250 av arbeidsplassane er dessutan avhengig av eit lokalt ilandføringsanlegg for olja, slik som Equinor (Statoil) skrinla i sin plan for Johan Castberg-feltet i Finnmark. 

Politikarar i Finnmark er lei av at oljenæringa kuttar lokale arbeidsplassar. Tidlegare leiar i Finnmark AP Ingalill Olsen skreiv tidlegare i år «Jeg er lei av å bli lurt, og jeg aksepterer bare ikke at finnmarkingene er ført bak lyset». Ho har snudd og tilrår nå vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.

Skal me ha fornybare arbeidsplassar som kan gi oss velferd i framtida, så må me la olja ligge og ikkje risikere sårbar natur og dei viktigaste gyteområda. Det jobbar 6500 menneske i fiskeri og reiseliv i Lofoten, Vesterålen og Senja i dag. Kunnskapsinnhentinga «Framtid i Nord» har vist at ein kan skape 5000 nye arbeidsplassar i Nord-Noreg innanfor reiseliv og marine næringar, utan å satse på olje. Fleire og fleire i Arbeidarpartiet har skjønt dette, nå bør LO og NHO følgje etter.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse