FARVEL TIL FISKEN: Jubelen sto taket da Kjell Inge Røkke åpnet ny fabrikk i Rypefjord i 2002, et toppmoderne anlegg til 200 millioner kroner. Men Røkke ble ingen redningsmann for norsk filetindustri. Foto: Rune Endresen, Nordlys

Løfte, løgner, leveringsplikt

Då Røkke kom heim til Noreg i 1994 skulle han bli redningsmannen for norsk filetindustri. Det viste seg å bli ein gedigen bløff, skriv Gunnar Grytås.

I USA tok politikarane opp kampen for sårbare fiskevær, det skjedde aldri i Noreg.

Med 1,6 milliardar i gevinst gjekk Kjell Inge Røkke ut av torskefiskeria i Nord-Noreg. Men sakna blir han ikkje. Ikkje meir enn då Kjetil Rollness tok utmelding frå landsdelen i 1990-åra.

Rollness gjorde dette etter ein avisfeide med Arthur Arntzen, og Olufs alter ego raljerte mellom anna over korleis harstadværingane ville sakne den utvandra sosiologen fordi han aldri meir skulle levere sjølfiska småsei ved bryggja i byen.

Harstad overlevde no dette og. Verre gjekk det med fiskeværa der Røkke-trålarane hadde leveringsplikt, ei plikt han lova evig truskap då Norway Seafoods overtok fem trålkonsesjonar og ein filetfabrikk på Melbu i 1996. Her la han 30 millionar på bordet, og med rikeleg SND-støtte var Melbu sikra tilnærma normal drift ei stund til. Raidet gjekk vidare til Lofoten Trålrederi sine seks leveringspliktige båtar til Stamsund. Kommunar og små aksjonærar vart kjøpt ut for små pengar. Så gjekk filetfabrikken på Myre konkurs, og to trålarar med fulle konsesjonar skifte eigar etter eit nytt røvarkjøp.

Over på 2000-talet kom turen til Findus der nye svenske eigarar ville ut etter eit mislukka forsøk på å overta etter Nestle. Røkke vart redningsmannen, og fordi Norway Seafoods også hadde kjøpt merkevarselskapet Frionor, bytte han til ni trålkonsesjonar mot dette. I Aust-Finnmark var West-Fish og Nordic Sea til salgs. Dei siste fem-seks trålarane kosta rundt 150 millionar, og dermed hadde Røkke samla cirka 30 konsesjonar og kontroll med nesten ti prosent av den norske torskekvoten.

Etter ti år med oppkjøp, rause løfte og nyfrelste ordførarar hadde Norway Seafoods også samla seg ein bukett filetanlegg som staten aldri greidde å berge. I Vardø og Mehamn overtok Røkke-konsernet heilt nye fabrikkar. I Hammerfest bygde dei sjølv eit toppmoderne anlegg til 200 millionar, med full støtte frå SND. Ingen av desse kom i langvarig, stabil drift.

Då Røkke kom heim til Noreg i 1994 skulle han bli redningsmannen for norsk filetindustri. Det viste seg å bli ein gedigen bløff, godt framsnakka av Gro-regjeringa i ein oppheta EU-kamp, LO og SND. Frå pollockfisket i USA hadde han null erfaring med å drive landbasert fiskeindustri. Men han kunne drive fabrikkskip betre enn dei fleste, så godt at USA måtte lage nye lover for å berge fiskerisamfunn i Alaska som fekk stadig større problem med å få fisk på land. For Røkke var «eventyret» over, men salget til Lerøy Seafood kan tyde på at han lærte ei lekse om kor viktig det er å ha ein såkalla exit-strategi.

Men alt går mykje lettare med ein velvillig stat. I USA tok politikarane opp kampen for sårbare fiskevær, det skjedde aldri i Noreg. Målet for Røkke-oppkjøpa var alltid trålarar med dispensasjon frå deltakarlova slik at dei kunne eigast av fiskeindustrien. Vilkåret for dette var at fangstane skulle skape arbeidsplassar i den lokale industrien der trålarane skulle levere.

Men i det vi kan kalle Røkke si tid vart denne leveringsplikta aldri handheva. Om det var ein vilje til å gjere det, var marknaden si eiga leveringsplikt sterkare. Kina, EU og Sunnmøre vann kampen om fryst råstoff på fiskeauksjonane, medan ferskfisk levert direkte til Finnmark tapte. Dette vart legalisert med den såkalla tilbodsplikta i 2003. Eit viktig, men omstridd vedtak i deltakarlova mista all legitimitet, redusert til ein dårleg vits. Trålarane som fekk hundrevis av millionar i prisstøtte for å kunne fiske, fekk i staden «kryss-subsidiering» gjennom ei nedbyggjing, mange vil sei rasering, av minst 1000 jobbar i fiskeindustrien. Også det i Røkke i tid.

No er Røkke si tid omme. Aksjesalget til Lerøy verdset dei to konserna til ein samla verdi på 3,2 milliardar, eller godt og vel 100 millionar per konsesjon. Her understrekar aksjekursen i trålrederiet Havfisk på 36,50 i kontrast til kroner 1,00 for Norway Seafoods at det er konsesjonane og strukturkvotene som har skapt verdiane for Røkke. Etter at Aker Seafoods delte seg i to konsern i 2011 har Havfisk levert stadig betre resultat og blitt ein vinnar på børsen. Er det ikkje «rigging for sal» det heiter?

Norway Seafood går med underskot, til tross for ei omsetning på 1,9 milliarder på produksjon og salg. I tillegg har dei ei gjeld til Havfisk på over 200 millionar for leige av anlegg og utstyr som dei er ute av stand til å betale. Normalt skulle dette føre til at Havfisk får gjelda veksla om til aksjar, eller at Norway Seafoods blir slått konkurs. No må dei nye eigarane ta stilling til korleis denne «detaljen» skal ordnast.

For 20 år sidan skulle Røkke gjere Norway Seafoods til det største lokomotivet av alle i ein statleg strategi han knapt trudde på sjøl. No er han oppkjøpt av eit konsern som er fire gonger større enn Havfisk og Norway Seafoods til saman. Lerøy driv i hovudsak med laks, og har som Røkke vore ivrige til å «tråle» kysten etter konsesjonar og endå viktigare: kystareal som i utgangspunktet også er gratis. Denne siste, feite dealen skrik etter både ressursskatt og arealavgifter. Berre børsen har glede over at dette enno ikkje er på plass.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse