Annonse
Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide la fram åtte punktar som skulle respekterast og godkjennast av regjeringa før Ap ville røyste ja til ACER. No seier utenriksministeren at det ikkje er juridisk bindande for EU. Kva no? undrar Olav Flaate.

Lovnaden om norsk vasskraft og energiproduksjon

Olav Flaate saknar svar frå Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide.

I forkant av stortingsrøystinga den 22. mars 2018 om å overføra norsk kontroll og reguleringsmyndigheit over norsk vasskraft og energiproduksjon til ACEREU sitt energibyrå, ga de ein lovnad til det norske folk, til hundre og tjue Ap ordførarar og til store delar av fagrørsla om at norske styresmakter framleis skulle ha kontroll med «arvesølvet» vårt dersom me gjekk inn i energiunionen medEU.

Motstanden, som de ikkje kunne unngå å leggja merke til, mot denne suverenitetsavståinga, var stor blant folk flest og blant grasrotmedlemmene i Ap, i dykkar eige parti. Å gjera dette er og i strid med Grunnlova vår.

Men for å roa ned folket la de, Jonas Gahr Strøre og Espen Barth Eide, fram åtte punktar som skulle respekterast og godkjennast av regjeringa før Ap ville røyste ja til ACER.

Eg reknar med at de har fått positivt svar frå regjeringa, sidan fleirtalet på Stortinget med Ap røysta for å gi regulerings- og kontrollmyndigheita av «arvesølvet» vårt, eigedomen til det norske folk, til EU og ACER.

De, Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide, er sikkert og kjende med fråsegna frå utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide om at dei åtte krava de sette fram for den norske regjeringa ikkje er juridisk bindande for EU.

Å spela russisk rulett om den viktigaste naturressursen til det norske folk og tape, er noko som de har ansvar for.

Spørsmålet er no korleis de vil ta dette ansvaret og for alvor garantera ovanfor det norske folk, for fagfrørsla og for grasrota i Ap at norske stryresmakter har sjølvråderett til arvesølvet vårt.

Kva tiltak vil de setja i verk for at det norske folk, hundre og tjue Ap ordførarar og fagrørsla skal kjenna seg trygge på at det er det norske Storting og ikkje Brüssel som styrer norsk energiproduksjon.

Som folkevalde, det norske folk sine tenerar, har de eit stort ansvar med å lytta til, respektera og vera audmjuke ovanfor folket , som har plasser doke i dei posisjonane det er i.

Dersom de bryt desse spelereglane, er vegen bort frå demokratiet kort, noko som dei fleste vil motsetja seg.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse