Annonse
Pleiepersonell kan bli marginalisert sjølv om dei er vel integrerte i norske familiar, snakkar flytande norsk, har ettertrakta faglege utdanningar og er fagleg dyktige, skriver artikkelforfatteren. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Russiske kvinner i Nord-Noreg vert ikkje inkludert

Russarar vert ofte assosiert med mafia, prostitusjon, alkoholmisbruk og med fattige kvinner som giftar seg med rike norske menn for å få opphald i Noreg.

I Noreg vert innvandring ofte framstilt som eit stort samfunnsproblem, samstundes som landet er heilt avhengige av utanlands arbeidskraft. Ikkje minst pleiesektoren i Finnmark. Våren 2017 intervjua eg pleiepersonell i Finnmark om korleis det var å arbeide saman med pleiarar frå ulike nasjonar. Både norsk-fødde og utanlands-fødde pleiarar hadde stort sett positive erfaringar, sjølv om det kunne vere språklege utfordringar. Unnataket var russisk-fødde pleiarar som hadde relativ mange negative erfaringar. Dei russisk-fødde eg intervjua hadde arbeidd i ulike sjukeheimar i Finnmark i 15-20 år, dei snakka flytande norsk, såg etnisk norske ut, var gifte med norske menn, hadde relevante, etterspurde helsefaglege fagutdanningar og blei rekna for å vere dyktige. Likevel hadde dei i årevis blitt marginalisert, spesielt i ein sjukeheim. Dei fortalde at andre russiske pleiarar i same institusjon hadde opplevd det same. Leiinga ved den aktuelle institusjonen var informert om marginaliseringa, utan å gripe inn. Norsk-fødde pleiarar stadfesta at det var enkelte pleiarar som var svært negative til russisk-fødde pleiarar i den aktuelle sjukeheimen.

Å bli marginalisert inneber at ein vert rekna for å vere mindre viktig enn andre personar. Dei marginaliserte vert rekna for utanforståande fordi dei kan mangle den sosiale -, økonomiske -, kulturelle – og ikkje minst den symbolske kapitalen som er gangbar valuta i eit aktuelt området.

Det er ikkje berre i sjukeheimar i Finnmark det eksisterer negative haldningane til russarar. Studiar frå Nord-Noreg, særleg frå nittitalet, men også frå 2000-talet, viser at sjølv om det er mange positive stereotypiar om russarar i regionen, dominerer dei negative stereotypiane. Russarar vert ofte assosiert med mafia, prostitusjon, alkoholmisbruk og med fattige kvinner som giftar seg med rike norske menn for å få opphald i Noreg. Koplingane mellom russiske kvinner og prostitusjon kan ha samband med dei seksuelle tenestene som nokre russiske kvinner etablerte i Finnmark etter at jernteppet rakna i 1989. Prostitusjons-tenestene fekk stor merksemd i norske aviser og fjernsyn. Sjølv om prostitusjonsverksemdene kan ha bidratt til stigmatisering av russiske kvinner, må ein vere forsiktige med å gje desse sex-tenestene all skuld for negative russiske stereotypiar og negative haldningar til russiske-fødde kvinner som arbeider i ein sjukeheim i Finnmark. Det kan vere at russiske sex-tenester berre har fungert som ei stadfesting av det framandarta som har hefta ved russarar og som ei stadfesting av det negative bilete som blei teikna av russarar under den kalde krigen.

I hundrevis av år har det vore tett handelssamkvem mellom Finnmark og Russland. Spesielt i perioden 1740-1917. Trass i mykje samhandling var det relativt få blandingsekteskap. Innbyggjarane i Nord-Noreg tykte at russarane var framandarta. Dei hadde ein annan religion og ein annan kultur. Samkvemet med russarane har for det meste omfatta handel, og trass i grensa som blei etablert mellom Russland og Noreg i 1826, kunne russarar og nordmenn røre seg fritt mellom de to landa. Under fyrste verdenskrigen (1914-1918) blei det slutt på den bilaterale handelen. Det blei vanskelegare å krysse grensa, men det var ingen væpa grensekontroll før i den andre verdskrigen. I den andre verdskrigen kjempa mange nordmenn frå Finnmark saman med russarane mot nazistane, og den russiske hæren frigjorde Finnmark i 1944. Mange i Finnmark blei skuffa då den andre verdskrigen blei erstatta av den kalde krigen mellom NATO og  Warszawa-konvensjonen. Under den kalde krigen demoniserte politikarar på begge sider folket på den andre sida av grensa. Slik politikk kan  bidra til danning av stigmatiserande bilete og fordommar.

I 1989 kollapsa Sovjetunionen. Grensene blei opna. Norsk næringsliv kunne etablere seg i Russland  og vis versa. Prostitusjons-tenestene som russiske kvinner etablerte i Nord-Noreg kan ha bidratt til stadfeste det negative bilete som blei teikna av russarar under den kalde krigen, for både politikarar og sensasjonspresse kan bidra med innspel som teiknar eit uheldig bilete av områda som dei marginaliserte kjem frå. Slike bilete kan dominere tenkinga vår og få oss til å tildele identiske stigmatiserande eigenskapar til alle som bur i -/kjem frå visse territorium. Det er med andre ord mogeleg at norsk-fødde pleiarar si marginaliserig av fagleg sterke russiske pleiarar som snakkar flyande norsk, rett og slett handlar om at dei russiske pleiarane er fødde på eit territorium som vert assosiert med negative symbol. Dei russiske sex-tenestene i Nord-Noreg kan i alle høve ikkje forklare at lyse, veluttdanna russiske kvinner som har migrert til Finland er blant dei mest upopulære og marginaliserte innvandrarane der. Det er meir sannsynleg at marginaliseringa har historiske forklaringar.

Noreg vil høgst sannsynleg vere avhengig av innvandring i åra som kjem. Ikkje minst i pleiesektoren. I den samanheng er fagleg- og språkleg opplæring heilt sentralt, men eksempelet frå Nord-Noreg viser at dette ikkje er nok, for pleiepersonell kan bli marginalisert sjølv om dei er vel integrerte i norske familiar, snakkar flytande norsk, har ettertrakta faglege utdanningar og er fagleg dyktige.

Norske medier serverer mest dagleg stoff om innvandringskritisk politikk. Dette kan bidra til å male eit negativt bilete av migrasjon. Men media kan også bidra til å teikne positive bilete av migrantar generelt og av kvinnelege migrantar frå Russland spesielt, for eksempel ved å ha ofte og omfattande fokus på det store arbeidet som fagleg dyktige russiske kvinner utfører i helsevesenet i Nord-Noreg.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse