Annonse
Foto: Torgeir Braathen

Ministeren driver kokkelimonke med sametingspresidenten

Usemja har til grunn at statsråd Trond Lien har drive med kokkelimonke med sametingspresidenten om kraftrutbyggjinga i Finnmark, skriver Oddvar Støme

Denne sytinga og klaginga frå sametinget er den største bløffen som nokon gong har sett dagens lys i vårt fylke.

Som vi ser av finnmarkpressa så går no altaordføraren kvast ut mot tendensane frå sametinget og dei disposisjonane som dei tek seg til. Det same gjer redaktøren i Altaposten, og endeleg er det og ein Ap-mann, Kåre Simensen, som seier klårt i frå om at slik kan vi ikkje lenger ha det.

Usemja har til grunn at statsråd  Trond Lien har drive med kokkelimonke med sametingspresidenten om kraftrutbyggjinga i Finnmark. Personleg har eg over mange tiår peika på desse udemokratiske understrømmingane frå sametinget som har pågått no i lang tid utan at det frå offentleg hald har vore sett ein stoppar for det.

Sametinget har i lang tid gått ut over sitt mandat, som er samisk språk og kultur, og driv no aggresiv samfunnsstyring og utidig innblanding i samfunnssaker som dei ikkje har noko med. Men det må og påpeikast at styresmaktene har vore ettergjevande og umedvitne eigna rom for hemmelege konsultasjonar som ikkje høyrer heime i eit demokratisk samfunn.

No skjøner eg at og statsråd Trond Lien har sove i timane når han går med på offentleg byttehandel med sametingspresidenten om statlege prioriteringar som gjeld heile finnmarksamfunnet. Mange av oss finnmarkingar veit at slike ting kan hende den beste, for samfunnet vårt er så hjernevaska av aktivitetspropaganda at ein gløymer å finnne sanningsgehalten i dei einskilde utsegnene. Eit døme her er at Altapostens redaktør seier: ”Det er ingen tvil om at samene har krav påbeskyttelse og vern som urfolk i henhold til offisiell norsk og internasjonal folkerett” . 

Når sjølv ein redaktør i Finnmark kan seie noko slikt, så må ein verkeleg slå alarm. Dette viser utbreiinga av ein medviten propaganda og den makta denne har på folk. Eit gammalt finnmarkord seier at ’dei lyg så dei trur det sjølv’. For eg trur at og store delar av den samiske folkesetnaden trur fast på denne utsegna.

Men likevel er dette løgn og bedrag, for ingen stader i norsk lov eller i offisielle dokument er dette nedteikna og heller ikkje lovfest på annan måte. Det motsette er tilfelle, då Stortinget i i 2014 nekta å take denne ordlyden med i grunnlova. Men pytt, pytt, så kverner ein berre vidare på same mølla.

Nokre av dei i avisa Finnmarken avbilda fylkesstyremedlemmene i Austfinnmark trur og at gjennom Fefo så eig finnmarkingane areala i fylket. Her og er det stikk motsette tilfelle. Vi fekk for litt sidan ei nyordning med lovverket i Finnmark då det vart skipa ny finnmarklov, ny grunnforvaltar Fefo, nytt sameting m.m. Men desse fylkesrådane har ikkje anamma at Statens umatrikulerte grunn i Finnmark vart overført til det udemokratiske og etnisk relaterte Fefo i staden for slik det var tiltenkt, til folkesetnaden i Finnmark, slik det er praktisert i alle andre fylke i landet.

Og det verste er at på dette feile forståingsgrunnlaget ville dei nemnde fylkesrådane gå imot ei nyare fylkesdeling! Det siste utspelet frå sametinget er at dei gjennom parlamentarisk leiar i NSR har lagt fram heile det framtidige aktivitetsprogrammet sitt. Og der er det ikkje berre kraftutbyggjing som er øyremerka, men og hyttebyggjing, vegbyggjing, gruvedtift og vindmøller m.m. Her linest og opp andre framtidige bøygar som kan verte aktuelle protestsaker frå sametinget. Alt dette står å lese i Finnmarken under vignetten Debatt.

Eg må og i denne samanhangen peike på ordlyden i denne artikkelen som framhevar utsegner som samiske rettigheitshavarar, krav om juridisk bistand, tålegrens for reindrifta ved naturinngrep osb. Her prøver innsendaren å fokusere på omgrep og førestellingar som ikkje er vedtekne nokon stad, berre i hovudet på sameaktivistiske fanatikarar. Og som ein sjølvsagt ting vert konsultasjonspraksis og teke med i farta.  

Og heile denne tiraden frå parlamenarisk leiar i NSR har eine og aleine eitt føremål: Reindrifta- Og vi veit alle den stoda som reindriftas folk sjølve har drive næring si uti! Men ikkje eitt ord om kva reindrifta sjølv kan gjere for å betre driftstihøva. Det går minst 100 000 rein for mykje på Vidda, og det har vore statlege påbod om nedslakting i over 30 år utan at ein einaste rein har vorte slakte etter dette påbodet.

Her nemnest heller ikkje at reinen i dei siste 30 år har fått mykje betre beitetilhøve enn før i og med nedleggjinga av alle småbruka i Finnmark. I dag har reinebeitet teke over alt det gamle, grunne overflatedyrka arealet, for bøndene har nydyrka den djupe myrjorda til seg sjølve. Dette tilskotet til beiteland veig opp langt meir enn statlege inngrep i naturen nokon gong kan overkomme.

Denne sytinga og klaginga frå sametinget er den største bløffen som nokon gong har sett dagens lys i vårt fylke. Den gamle reineigaren Aslak Smuk fekk rett i utsegna si som han kom med til meg i 1960: Om 30 år har vi teke heile Finnmark, for vi skal utdanne alle våre sønner og døtre til advokatar og professorar og andre viktige postar i samfunnet, og så skal dei gjere jobben for oss.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse